Årets Juleroser med Herborg Kråkevik, Frida Ånnevik og Solveig Kloppen
14.11.2025 11:12:44 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
I fjor starta Det Norske Teatret ein ny tradisjon med Herborg Kråkeviks overskuddsprosjekt Juleroser, eit levande juleblad, på Hovudscenen. Også i år skrur vi julestemninga på maks. Det skjer tre søndagar i advent. Årets Julerose-artist, Frida Ånnevik, er med på scenen. Det er også Solveig Kloppen, Birkelunden Mannskor og Det Norske Teatrets skodespelarar Ina Svenningdal, Johan Hveem Maurud og Kim Helge Strømmen.

JULEROSER
SØNDAG 7., 14. OG 21. DESEMBER KL. 14.30 og 17.00
HOVUDSCENEN
ÅRETS SONG FRÅ JULEROSER: JULEKORT OG GAMMAL DANSK
av Frida Ånnevik
UTE I DAG, 14. NOVEMBER
I 2015 tok Herborg Kråkevik opp ein tradisjon frå 1800-talet, ved å fornye julebladsjangeren og skape ein ny æra for dei litterære juleheftene. I år er temaet i Juleroser englar. Gjennom dikt, forteljingar, bildekunst og musikk blir publikum inviterte til å finne lys og glede midt i den mørke årstida.
Frida Ånnevik, Solveig Kloppen og Birkelunden Mannskor
Frida Ånnevik har komponert den nostalgiske julesongen Julekort og gammal dansk til årets Juleroser, og denne vil bli framført på scenen i lag med musikarar og Birkelunden Mannskor. Solveig Kloppen har bidratt til heftet med teksten Huskeliste, og ho vil vere programleiar i lag med Kråkevik.

På scenen er også Det Norske Teatrets eigne skodespelarar Ina Svenningdal, Johan Hveem Maurud og Kim Helge Strømmen og eit julestemt orkester. Saman inviterer dei til ein musikalsk, tradisjonsrik, humoristisk og stemningsfull pause frå alt det travle rundt denne årstida.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder







Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
Suksessmusikalen Änglagård kjem til Noreg14.4.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
Colin Nytleys ikoniske film Änglagård blei elska av publikum da han kom ut i 1992. For tre år sidan hadde musikalversjonen urpremiere i Sverige og blei ein umiddelbar publikumssuksess. I 2027 blir Änglagård årets store muskalhending, når framsyninga får Noregspremiere på Det Norske Teatret.
Pippi er klar for sirkus10.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.
OHG-revyen er Årets revy!7.4.2026 09:49:04 CEST | Pressemelding
Juryen har talt: Oslo Handelsgymnasium sin revy I alle dager!? er årets beste skolerevy!
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom