Pride på Det Norske Teatret
16.6.2026 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.

I tillegg til stolt stand up, byr Det Norske Teatret på alt frå kostymesal, teaterframsyningar og dragbingo til viktige samtalar om skeiv scenekunst.
PROGRAM PRIDE ♥ DNT
TEATER: True Scandigirl av og med Iben Alida
18. juni kl. 18.30
Scene 3

Ei monologframsyning om å skape sin eigen verkelegheit og ønsket om å vere ei ekte skandinavisk jente.
INNSIKT: Ein samtale om skeiv scenekunst
18. juni kl. 19.45
Bikuben

Kva ansvar har teaterinstitusjonane for å fremme skeiv scenekunst? Og kva er eigentleg skeiv scenekunst?
Audun Krüger, fagleiar for Skeive Scener, i samtale med teatersjef ved Det Norske Teatret, Kjersti Horn, og påtroppande teatersjef ved Nationaltheatret, Marit Moum Aune.
TEATER: Forandre seg: metode av Édouard Louis
18. juni kl. 21.00
Scene 2

I denne framsyninga kjem ein heilt tett på skodespelar Vetle Bergan gjennom kameralinsa. Framsyninga er basert på boka av Édouard Louis, der han reflekterer over livsprosjektet sitt med å skape seg om, å bli ein annan og å fjerne seg frå opphavet.
KOSTYMESAL
20. juni kl. 11.00 - 16.00
Foajeen

Treng du eit antrekk som blir lagt merke til i paraden? Det blir stort kostyme-og rekvisittsal på Det Norske Teatret.
STAND UP: Oslo Pride up
20. juni kl. 19.00
Hovudscenen

Adam Schjølberg og nokre av Noregs største skeive komikarar har invitert med seg britiske Morgan Rees til ein kveld der lattermusklane får trimma seg.
MINIKONSERT OG SAMTALE: Kunsten å ta plass
23. juni kl. 17.15
Bikuben

Det blir minikonsert med Terje Strømdahl og Knut Anders Sørum, med smakebitar frå framsyninga Prosjekt Prøysen. I tillegg vil dei to delta i ein samtale om skeive perspektiv på scenen i lag med regissør Nina Wester og koreograf Magnus Myhr med samtaleleiar og prest Petter Dille.
BINGO: Dragbingo med Ivana Impeachum
23. juni kl. 18.30
Bikuben

Ivana Impeachum er mellom landets mest framstormande dragartistar, med bingo som spesialfelt. Med si skarpe tunge og frekke tilnærming, har ho tatt publikum med storm – for når Ivana slepper skravla laus er ingen trygge og ingen tema tabu.
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noFølg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Pelicot-rettssaka som teater opnar Heddadagane8.6.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Pelicot-rettssaka kjem til Oslo for berre ein kveld, og opnar med det teaterfestivalen Heddadagane på Det Norske Teatret.
Kva har 22. juli hatt å seie for ettertida?5.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
I år er det 15 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Kva var det som engasjerte ungdommen som var på Utøya den gongen? Og korleis har det prega ungdommeleg engasjement i dag?
Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater18.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom