Pelicot-rettssaka som teater opnar Heddadagane
8.6.2026 06:30:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Pelicot-rettssaka kjem til Oslo for berre ein kveld, og opnar med det teaterfestivalen Heddadagane på Det Norske Teatret.

PELICOT-RETTSSAKA
av Milo Rau & Servane Dècle
Det Norske Teatret i samarbeid med Festspillene i Bergen
I KVELD, MÅNDAG 8. JUNI KL. 18.00
HOVUDSCENEN
Framsyninga er basert på vitnefråsegner, notat og artiklar frå rettssaka som rysta verda da den gjekk for opne dører i 2024. "Skamma må byte side", var bodskapen til Gisèle Pelicot, som blei valdteken av sin eigen mann og ei rekkje andre menn gjennom 10 år.
Oppsetjinga i Johanneskirken i Bergen har gjort inntrykk både på publikum og kritikarar.
- Gjennom Pelicot-rettssaka er det oss sjølve og samfunnet vårt som står for retten, seier regissør Milo Rau, som med dette stykket ønskjer å tvinge samfunnet til å konfrontere patriarkalsk vald, offerklandring og ansvarsfråskriving.
I samband med at framsyninga blir vist i Oslo og utgjevinga av boka En hyllest til livet, vil Pelicot sjølv vere tilstades i ein samtale i Universitetes aula dagen etter.
Meir Heddaddagane
Heddadagane går føre seg over heile Oslo frå 8. - 14. juni, og blir avslutta med dei prestisjefylte Heddaprisane.
Alle framsyningar på Det Norske Teatret under Heddadagane, finn du her.
Fullt program for Heddadagane, finn du her.
Meir om Heddaprisen og dei nominerte, finn du her.
Gjestespel på Det Norske Teatret

WO(O)LF WOMEN
Gjestespel frå Rogaland Teater
FREDAG 12. JUNI KL. 19.30 OG LAURDAG 13. JUNI KL. 17.30
SCENE 3
Dansar Therese Markhus og skodespelar Nina Ellen Ødegård står bak denne danseframsyninga som har gått for fulle hus i Stavanger. Det er ei vakker og personleg framsyning og ei utforsking av kva det vil seie å vere sjelesystrer.

EG ER LUCY BARTON
Gjestespel frå Teater Vestland
TYSDAG 9. JUNI KL. 20.00 og ONSDAG 10 JUNI KL. 13.00
SCENE 3
Den amerikanske stjerneforfattaren Elizabeth Strout har skrive boka framsyninga er basert på, ei klok og vakker forteljing om familieliv og kjærleik. Når Lucy Barton blir sjuk, blir ho tvinga til å reflektere over livet, og utforskar krafta som ligg i forsoning og tilgiving.

NÅR ALLE SOVER
Gjestespel frå Unge Viken i samarbeid med Teater Joker
TYSDAG 9. JUNI KL. 10.00 og 11.00
FOAJEEN VED SCENE 2
Basert på Nicolai Houm og Rune Marhus si rike bildebok, er dette blitt ei sjarmerande og spennande framsyning for barn frå 3 år. Det er ei forteljing om eit uvanleg vennskap og om utfordringane ein står overfor når ein har med digre, pelskledde monster å gjere.
Kontakter
Åsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noIda MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noBilder

















Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
Pride på Det Norske Teatret16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom