Moderat passasjerauke i oktober – vekst på utland inn i vintersesongen
I oktober reiste 4,8 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. Hittil i år har trafikken auka med 3 prosent.

Det var 2,8 millionar innanlandsreisandepassasjerar i oktober. Desse utgjorde ein vekst på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. For årets ti første månader er veksten på 3 prosent.
Utanlandstrafikken utgjorde 1,9 millionar passasjerar i oktober, ein auke på 1 prosent frå oktober i fjor.
Når det gjeld flyrørsler, vart det registrert 57 023 kommersielle flyrørsler i oktober – ein auke på 1 prosent frå året før. Totalt hittil i år har det vore 534 068 flyrørsler, som er 2 prosent fleire enn på same tid i fjor.Oktober er tradisjonelt ein månad med stabil trafikk, og årets tal stadfestar dette med ein moderat vekst.
– Haustferien bidrog til jamn aktivitet, men utan dei store utslaga samanlikna med fjoråret, seier Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor.
Overgang til vintersesong
Den siste helga i oktober starta vinterprogrammet, som markerer overgangen til ein periode med lågare reiseaktivitet. For perioden november til mars ventar Avinor ein samla vekst på om lag 1 prosent samanlikna med same periode i fjor. Veksten blir driven av utanlandstrafikken, som er venta å auke med rundt 3 prosent, medan innanlandstrafikken er venta å gå ned med nær 1 prosent.
– Vi ser ein tydeleg trend der talet på utanlands-reisande held fram med å vokse, medan talet på innlands-reisande flatar ut. Dette gir ein samla vekst på rundt 0,8 prosent for vintersesongen,seier Riise
– Reiselivet på Austlandet har betydeleg kapasitet i vintermånadene, og innkommande turisme kan bidra til å jamne ut sesongsvingingane. Eit tett samarbeid med flyselskaper, næringsliv og det offentlege, for å løfte vinterturismen, er eit viktig satsingsområde for Avinor framover, understrekar Riise.
Nøkkeltal for oktober:
4,8 millionar passasjerar (+2 % frå oktober i fjor)
2,8 millionar innanlands (+2 %)
1,9 millionar utanlands (+1 %)
57 023 flyrørsler (+1 %)
Hittil i år: +3 % passasjervekst, +2 % flyrørsler
Fleira dronar så langt i år enn i heile 2024
– Fleire enn nokon gong vel å fly på ein trygg og synleg måte. Talet på droneplanar er høgare så langt i år, enn i heile 2024. Vi er glade for at ansvarleg dronebruk har fått eit solid fotfeste i Noreg, og ser gjerne at enda fleire nyttar drone-appen seier Mats Gjertsen, leiar av Avinor sitt droneprogram.
Dronetal for oktober:
Talet på droneplanar i okotber: 2949
Samanlikna med oktober 2024: + 36 %
Samanlikna med i fjor: + 31 %
Sjå fleire tal og infografikk for Avinors lufthamner i vedlegga.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Fuglesang FramholtKommunikasjonssjef Avinor
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noBilder
Dokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Avinor lyser ut Norges største parkeringskontrakt12.12.2025 10:00:00 CET | Pressemelding
Oslo, 12.desember – Avinor lyser nå ut Norges største parkeringskontrakt. Den gjelder drift og kommersiell utvikling av parkeringsanleggene ved Oslo lufthavn for perioden 2027–2031, med en estimert verdi på om lag 3,5 milliarder kroner.
Rutenyhet: Air Lingus starter flyvninger mellom Dublin og Oslo11.12.2025 15:05:00 CET | Pressemelding
Dette er gode nyheter for reiseglade nordmenn. Reisetiden er under to og en halv time, og mulighetene for opplevelser står i kø.
November-tal frå Avinor: Svak auke i talet på passasjerar10.12.2025 14:00:00 CET | Pressemelding
I november reiste 4 millionar passasjerar gjennom Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på 1,5 prosent samanlikna med november i fjor. Hittil i år har talet på reisande auka med 3,3 prosent.
Slik flyr du enklest med julegaver10.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Skal du ut og reise med julegaver og er usikker på reglene? Her er Avinors pakketips inn mot juleutfarten.
Avinors nye droneapp utsettes inntil videre8.12.2025 16:15:03 CET | Aktuelt
Mandag 8. desember lanserte Avinor droneappen Avidrone som skulle erstatte dagens app Ninox Drone. Nå blir Avidrone utsatt og Ninox Drone videreføres inntil videre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom