Suksessversjon av Les Misérables får noregspremiere
6.11.2025 07:05:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Danske kritikarar jubla da teaterversjonen av Les Misérables hadde premiere på Betty Nansen Teatret i København, og framsyninga hanka inn den gjæve teaterprisen Reumert for Beste samspel. No skal eit norsk publikum få oppleve "Les Mis" i rå teaterform.

LES MISÉRABLES
av Victor Hugo
NOREGSPREMIERE TORSDAG 13. NOVEMBER KL. 19.00
SCENE 2
Victor Hugos Les Misérables er ei av verdenslitteraturens mest gripande historier om naud og sosial urettferd. Forteljinga om straffefangen Jean Valjean, aleinemora Fantine, dotter hennar Cosette og den unge idealisten Marius har gripe generasjonar av leserar, og ikkje minst musikalpublikumerar.
Sosiale forskjellar og utanforskap
Med sin teaterversjon ønskjer regissør og teatersjef Kjersti Horn å stille spørsmålet: Treng vi hierarki? Ho har gjennom karrieren engasjert seg intenst i det ho kallar utanforskap. For henne handlar Les Misérables om dei som ikkje er ein del av fellesskapen fordi dei ikkje kan, og felleskapen ikkje vil. I ei tid da dei sosiale forskjellane også her heime i Noreg stadig aukar, sørger Kjersti Horn for at vi ikkje kan sjå bort frå alt det og dei miserable vi – og samfunnnet vårt – har skapt.
Tett-på-teater
Videoregissør Borgar Skjelstad er med skodespelarane på scenen og fangar opp det som skjer. I kjent stil for regissør Kjersti Horn er framsyninga som eit einaste langt one-take-filmopptak, der publikum får sjå skodespelarane heilt tett på på ein storskjerm som dekker store delar av scenen. Her blir Les Misérables til eit epos om å forsøke å vere eit godt menneske for einkvar pris.

Foto frå den norske oppsetjinga kjem på premieredagen.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder
























Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Pride på Det Norske Teatret16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.
Pelicot-rettssaka som teater opnar Heddadagane8.6.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Pelicot-rettssaka kjem til Oslo for berre ein kveld, og opnar med det teaterfestivalen Heddadagane på Det Norske Teatret.
Kva har 22. juli hatt å seie for ettertida?5.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
I år er det 15 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Kva var det som engasjerte ungdommen som var på Utøya den gongen? Og korleis har det prega ungdommeleg engasjement i dag?
Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater18.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom