Eit eventyr om kommersialisering av kunsten
30.10.2025 08:04:15 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Magic Mouse vs. Capitalism tek eit oppgjer med korleis kommersielle krefter tømmer kunsten for innhald.

MAGIC MOUSE VS. CAPITALISM
av Tani Dibasey
URPREMIERE ONSDAG 5. NOVEMBER KL. 19.00
SCENE 3
I stykket møter vi Magic Mouse, ei heilt vanleg mus med eit brennande ønske om å forandre verda gjennom å gi ut ei personleg og ektefølt juleplate. På vegen møter han Døsné, ein superstjerne som skal hjelpe han, men som trekker i ei kommersiell retning som gjer at juleplata tek ei heilt ny vending. Den vil kanskje nå fleire, men kva skjedde med det Magic Mouse ønska å formidle i utgangspunktet?
For kva skjer med kunst når han blir kapitalisert eller for kommersiell? Kan den forandre verda likevel?
Det er i alt 17 aktørar i sving på scenen, pluss ein Stein. Mellom andre er Mohammed Aden Ali å sjå i rolla som Magic Mouse, Ameli Isungset Agbota er Døsné, og Linn Skåber spelar rolla som Tingelinn.

Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder














Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Frankenstein: Grøssar-teater for barn21.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Feil Teater har gjennom ei årrekkje vist at dei har god teft når det gjeld å lage teater som treffer dei yngre målgruppene. No har dei tatt ein sjanse, når dei lagar skikkeleg skummelt teater med groteske skrekk-element. Blir publikum sittande?
Er Y2K-nostalgien farleg?3.9.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Magetoppar, låge bukser og hits frå tidleg 2000-tal er igjen moderne. Folk kjøper CDar og DVDar og byter ut smart-telefon med knappetelefon for å logge av ein stressande kvardag. Tani Dibasey, Io Sivertsen og gjengen bak teaterframsyninga - eller kinofilmen - 2002 ntoro yume tek skrittet fullt ut og gjenskapar nokre av filmane som prega 2000-talet. Men er romantiseringa av fortida eigentleg sunn?
Khemiris suksessroman i storformat31.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Jonas Hassen Khemiris storverk Søstrene spinn ut frå nyttårsaftan 2000 og følger tre søstrer gjennom fest, kvardag og nederlag. I 2025 kåra The New York Times romanen som ein av dei ti beste bøkene det året. Eit sterkt skodespelarlag skal no formidle den rike historia som får urpremiere på Hovudscenen 5. september.
Europavisjonar inviterer publikum til å synge med20.8.2026 12:39:43 CEST | Pressemelding
22. september kan publikum stemme i med Merkels versjon av Euphoria, Putins Cha Cha Cha eller alle dei europeiske statsleiaranes Bara bada badstu.
Strømdahl, Ånnevik og Sørum tolkar Prøysen19.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nokre av landets fremste Prøysen-tolkarar løfter fram nye sider ved den folkekjære låtskrivaren og artisten i det som har blitt ei varm og sterk musikkteateroppleving.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom