Riksantikvaren

18,7 millionar til fagutvikling i fartøyvernet

Del
I 2022 får dei norske fartøyvernsentera og andre aktørar 18,7 millionar kroner i tilskot. Tilskot skal blant anna gå til forsking, rådgjeving, naudhamn, og formidling.
Hardanger Fartøyvernsenter. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren
Hardanger Fartøyvernsenter. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

- Tilskota går til å ivareta og vidareføre kunnskap om handverk knytt til verna og freda fartøy, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Tilskotet fordelast over statsbudsjettet på post 75 – «Fagutvikling i fartøyvernet». Ordninga skal bidra å skape solide fagmiljø, samt betre samarbeidet mellom dei nasjonale fartøyvernsentra og andre aktørar.

- Fartøyvernet er avhengig av kunnskapen til fartøyvernsentera. Dei tre sentera i Noreg har alle unik kompetanse. Saman med det frivillige engasjementet for fartøyvern, bidreg sentera til at dei verna skipa vi har i Noreg kan restaurerast og setjast i stand, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Årets tilskotspost har ein nedgang på 900 000 kroner frå 2021. Riksantikvaren har likevel ein større pott til fordeling, som følgje av overførte restmidlar frå dei siste to åra.

Kva går tilskota til?

Dei nasjonale fartøyvernsentera, og aktører med relevant kompetanse, kan motta tilskot til:

  • Innsamling av kunnskap, forsking og dokumentasjon
  • Rådgjeving og målretta kunnskapsdeling
  • Naudhamn, midlertidig sikring for fartøy som er freda eller verna
  • Formidling av materialar og delar til antikvarisk istandsettingsarbeid

Årets tildeling

I tillegg til søknadane frå dei tre fartøyvernsentera på til saman 32 millionar kroner, har vi fått søknadar frå ni andre aktørar på til saman 2 millionar kronar. Tilskotsposten, med restmidlar, dekkjer om lag 53 % av den totale søknadssummen for 2022.

Fartøyvernsentera og dei andre aktørane gjer en viktig jobb med å dokumentere historiske fartøy, håndverksteknikkar og tradisjonell utøving av handverk.

Overordna prioriteringar i 2022

I 2020 overtok fylkeskommunane og Sametinget forvaltingsansvaret for fartøyvernet. For fartøyvernsentera innebar det eit auka fokus på produksjon av grunnlagsdokumentasjon som teknisk-historisk dokumentasjonsrapport, restaureringsplan og tilstandsvurdering.

Det er viktig med eit godt, og koordinert, samarbeid – både for sentera seg imellom, og med fylkeskommunane og Sametinget. Ved årets tildeling er det difor lagt særleg vekt på samarbeidet mellom fartøyvernsenterane og utarbeiding av grunnlagsdokumentasjon på bestilling frå fylka. 

Endra søknadskriterier

I 2021 blei det også opna for at andre aktørar enn fartøyvernsentera kunne motta tilskot frå denne tilskotsposten. I 2022 ser vi ei auke i søknadar, som er positivt. Fartøyvernet treng fleire aktørar,, og søknadene dei andre aktørane har levert for 2022 er av god kvalitet, sett i lys av at søkjarane har relativt fersk erfaring med tilskotsposten.

Riksantikvaren har i 2022 prioritert seminar og kurs som bidreg til fagutvikling og deling av kunnskap i fartøyvernet hjå desse aktørane.Blant søknadane som er innvilga er blant anna forsking og dokumentasjon ved bygging av Hvalerskøyter, motorkurs og seminar om tæringsproblematikk.

Nøkkelord

Kontakter

PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.

Telefonen er betjent i vanlig kontortid.

Tel:404 65 153

Bilder

Hardanger Fartøyvernsenter. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren
Hardanger Fartøyvernsenter. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren
Last ned bilde
Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter
Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter
Last ned bilde
Nordnorsk Fartøyvernsenter. Foto: Trine Lise Wahl, Riksantikvaren
Nordnorsk Fartøyvernsenter. Foto: Trine Lise Wahl, Riksantikvaren
Last ned bilde

Lenker

Om Riksantikvaren

Riksantikvaren
Riksantikvaren
Dronningens gate 13
0152 Oslo

22 94 04 00https://www.riksantikvaren.no/

Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye