Samferdselsbudsjettet 2026: Held fram satsinga på drift, vedlikehald og fornying
15.10.2025 10:00:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 102,1 milliardar kroner til samferdsel i 2026. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 50,4 milliardar kroner til vegformål, 35,7 milliardar kroner til jernbanen, 7,1 milliardar kroner til byområda og 4,9 milliardar kroner til luftfarten.

– Drift, vedlikehald og utbetringar blei alt for lenge ikkje prioritert. Vedlikehaldet av kritisk transportinfrastruktur har ikkje halde følgje med behovet. For denne regjeringa har det vore viktig å snu denne utviklinga. Regjeringa held fram innsatsen på å ta betre vare på det vi har, og utbetre der vi kan. Det vil gi betre tryggleik for folk i trafikken og sikre god militær mobilitet, og over tid vil folk få eit meir punktleg og driftssikkert togtilbod, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Må ta betre vare på jernbanen vår
Regjeringa foreslår å løyve i alt 35,7 milliardar kroner til jernbanen i 2026. Av dette er 13,5 milliardar kroner foreslått til drift, vedlikehald og fornying av. Det er ei auke på milliardar kroner frå saldert budsjett for 2020.
– Arbeidarparti-regjeringa skal sikre at jernbanen fungerer betre. Skal vi klare det, så må vi prioritere drift, vedlikehald og fornying. Det er det viktigaste vi kan gjere no for å sikre eit meir påliteleg togtilbod, og for å ruste jernbanen til å tole ekstremvêr og klimaendringar, seier Nygård.
I tillegg til å prioritere drift, vedlikehald og fornying, ønskjer regjeringa å sikre rasjonell framdrift i dei store prosjekta som er sett i gang, som InterCity-prosjekta til Tønsberg, Moss og Hamar samt utbygginga på Trønderbanen. Regjeringa foreslår å løyve 9,3 milliardar kroner til investeringar i jernbanen, mellom anna jernbanedelen av Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle.
Ønskjer å kjøpe fleire tog
Togtilbodet er fleire stader i landet prega av gamle tog. Desse er meir utsette for feil, treng meir vedlikehald og har lågare komfort samanlikna med nyare tog.
I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å kjøpe 13 nye regiontog. Det er allereie bestilt 72 nye lokal-, region- og fjerntog som gradvis kjem i trafikk frå neste år. Med dei nye toga blir vi betre rusta mot forseinkingar og innstillingar, seier Nygård.
Dei nye regiontoga har plass til fleire passasjerar og er tilpassa rask av- og påstiging, med fleire dører, betre plass og trinnfri inngang frå standard plattformhøgde. Det er heilt nødvendig for at toga skal kunne frakte fleire passasjerar i og rundt Oslo, der jernbanenettet fleire stader er maksimalt utnytta.
Satsinga på drift og vedlikehald av riksvegane held fram
Regjeringa foreslår til saman 50,4 milliardar kroner til vegformål.
Regjeringa prioriterer framleis eit høgt nivå på drift og vedlikehald av riksvegnettet og foreslår å løyve 11,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2026. Dette legg til rette for eit trygt vegnett med god framkome i heile landet.
– Vi følgjer opp lovnadene i Nasjonal transportplan 2025–2036 ved å vidareføre og styrke det høge nivået til drift og vedlikehald på riksveg frå 2025. For at vi skal ha eit godt, sikkert og fungerande vegnett og for at vegane skal kunne bli brukt trygt i mange år, er godt vedlikehald avgjerande, seier Nygård.
24,4 milliardar kroner skal gå til investeringar på riksvegane, noko som vil gi rasjonell framdrift i igangsette prosjekt. Det er lagt opp til anleggsstart for andre byggetrinn av E134 Oslofjordforbindelsen i Akershus, E45 Kløfta i Finnmark og Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle i Vestland. I tillegg blir det prioritert i 2026 for E39 Figgjo–Ålgård i Rogaland.
Doblar støtta til militær mobilitet på fylkesveg
Fylkesvegnettet er ein viktig del av totalforsvaret i landet vårt, og for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar i fred, krise og krig. I 2025 blei det oppretta eit øyremerkt tilskot til fylkeskommunane for å ruste opp 14 bruer, som er viktige for militær mobilitet. I 2025 løyvde Stortinget 50 millionar kroner til dette formålet. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å auke løyvinga til 102 millionar kroner.
– Dette gjer det mogleg å gjere tiltak som legg til rette for betre militær mobilitet, i tillegg til å auke trafikktryggleiken og framkoma. No kan fylkeskommunane starte med arbeid på alle dei fire bruene som blir prosjekterte i 2025, og dessutan ferdigstille brua som hadde byggestart i 2025, seier samferdselsministeren.
Effektiv og grøn transport i byane
For å hjelpe byane med å nå målet om at auken i persontransporten skal skje til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk, har staten over fleire år brukt pengar på byvekstavtalane og andre ordningar. 14 byområde er omfatta av ulike ordningar som skal gjere reisekvardagen enklare.
Regjeringa foreslår å løyve 7,1 milliardar kroner til å følge opp byvekstavtalane, belønningsavtalane og avtalane om tilskot til klima- og miljøvennleg byutvikling i mindre byområde. Dette er i tråd med forventa behov i byane i 2026. I tillegg blir det sett av pengar til fleire statlege investeringsprosjekt i byområda over veg- og jernbanebudsjettet.
– Ei viktig drivkraft for god byutvikling er effektiv og grønast mogleg framkome for alle som skal på jobb og skule. Med dette forslaget er det rom for å starte opp fleire nye, mindre investeringstiltak som fremjar å gå, sykle og bruke kollektivtransport i byane våre, seier Nygård.
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
En mer treffsikker TT-ordning13.4.2026 13:04:12 CEST | Pressemelding
Tilrettelagt transport (TT) er et viktig tilbud for mennesker som ikke kan bruke ordinær kollektivtransport. Nå justerer regjeringen fordelingen av de statlige TT-midlene for 2026, slik at midlene i større grad treffer behovene og gir et mer forutsigbart tilbud i hele landet.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Kongsberg tysdag 14. april13.4.2026 11:02:28 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård skal til Kongsberg tysdag 14. april. Tema for besøket er transportbehov i lys av industriveksten og folkeauken i byen, og utvikling av teknologi.
Ny lov skal bidra til å gjøre elbillading like enkelt som å fylle drivstoff27.3.2026 11:45:00 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet legger i dag fram forslag til ny lov om infrastruktur for alternativt drivstoff som skal bidra til utslippsfri transport i Norge, blant annet gjennom å gjøre det enklere å lade elbil. Målet er å gjøre det enklere å velge klimavennlige kjøretøy, med noe bedre tilgang på ladere, krav om tilgjengeliggjøring av informasjon, tydeligere priser og mer brukervennlige betalingsløsning.
Regjeringen starter arbeidet med å vurdere behov og alternativer for fremtidig utvikling av Svalbard lufthavn19.3.2026 14:00:00 CET | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har gitt Avinor i oppdrag å gjennomføre en konseptvalgutredning (KVU) for Svalbard lufthavn. Hensikten er å gi et godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere behov for tiltak for å sikre et godt og forutsigbart transporttilbud og god beredskap. Dette er nødvendig som følge av klimaendringer, aldrende infrastruktur og nye krav til person- og vareførselskontroll.
Regjeringen vil effektivisere posttjenestene uten å kutte i leveringen18.3.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
Regjeringen vil jobbe for en mer effektiv postlevering. Vi har mottatt over 200 høringsinnspill på forslag til ny postlov, og flere av høringsinstansene har innspill om at det er mulig å effektivisere innenfor dagens rammer. Dette har regjeringen valgt å lytte til, og vil derfor jobbe med mer effektive løsninger innenfor dagens lov fremfor å legge frem en ny postlov denne våren.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom