Urpremiere: Forandre seg: metode av Édouard Louis
15.10.2025 11:40:01 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Laurdag er det urpremiere på Kjersti Horns femte iscenesetjing av Louis’ romanar. Forandre seg: metode blir spelt i ein dusj og filma til ein skjerm som står på Scene 2.

FORANDRE SEG: METODE
av Édouard Louis
URPREMIERE LAURDAG 18. OKTOBER KL. 15.00
SCENE 2
Regissør og teatersjef Kjersti Horn har late seg fascinere av forfattarskapen til Édouard Louis. Sjølv meiner ho at dette kanskje kan ha med å gjere at dei deler ei form for utanforskap. Louis voks opp i ein fattig, fransk småby der mellom anna hatet mot homofile stod sterkt. Han har brukt heile sitt vaksne liv på å flykte frå den han var, og skrive romanar om dette.
- Édouard har kjent på ei form for utanforskap. Mens min utanforskap er ein som eg ikkje kan flykte frå, seier Kjersti Horn.
Les heile artikkelen her.

I Forandre seg: metode tar forfattar Édouard Louis opp tråden frå den første romanen sin, Farvel til Eddy Bellegueule. Han reflekterer over livsprosjektet sitt med å skape seg om, å bli ein annan og å fjerne seg frå opphavet.
Kamera i dusjen

Kjersti Horn er også oppteken av korleis kamera og teater kan snakke saman. Gjennom ei rad framsyningar har ho testa ulike måtar dette kan gjerast på. No lar ho skodespelar Vetle Bergan framføre heile romanen Forandre seg: metode frå ein liten dusj bak scenen i kjellaren på teateret. Nokre meter unna, inne i salen på Scene 2, vil publikum sitte og få med seg det heile direkteoverført på ein skjerm.
- Eg opplever at kameraet opnar for høgare grad av teatralitet, har Kjersti Horn sagt i eit intervju tidlegare.
Les heile artikkelen her.
Ho meiner avgrensingane og motstanden rommet gir skodespelaren, er med på å understreke at det verkeleg er noko på spel:
- Sjølve rommet blir ein viktig del av det kunstnarlege uttrykket.
Kjersti Horn og Édouard Louis

Allereie same året som Édouard Louis kom ut med den sjølvbiografiske debutromanen Farvel til Eddy Bellegueule, tok regissør Kjersti Horn kontakt og spurde om ho kunne få lov til å lage teater av boka. Før året var gått, hadde den første dramatiseringa av ein Édouard Louis-roman hatt urpremiere, og dét på den svette uteplassen Jæger i Oslo. Sidan har Louis blitt for Noregs-venn å rekne, romanane hans har hausta glitrande kritikkar og det same har Horns iscenesetjingar av dei. Louis har gjesta både Litteraturhuset og Det Norske Teatret fleire gonger, sist som æresgjest under Den internasjonale Fossefestivalen no i haust. Kjersti Horn har hatt regien på urpremierene av i alt fire dramatiseringar av bøkene hans, og no er det klart for den femte.
Vetle Bergan

Vetle Bergan er frå Lampeland i Buskerud, og var ferdig utdanna skodespelar frå Kunsthøgskolen i Oslo i 2016. Sidan var han nokre år knytt til Trøndelag Teater, før han kom til Det Norske Teatret i 2019. I vår var han del av den åtte timar lange produksjonen av Arven på Nationaltheatret, der han hadde rolla som Eric Glass. Denne blei han i våres nominert til Heddaprisen for beste skodespelar/hovudrolle for. I Forandre seg: metode er det han som står aleine i dusjen gjennom heile framsyninga og framfører Édouard Louis sin tekst.
Les meir om Vetle Bergan.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder

















Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater18.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
Teatermaraton om den vestlege sivilisasjonens fødsel22.4.2026 12:36:07 CEST | Pressemelding
Ni dagar frå april til juni skjer vårens store teaterhending: Roland Schimmelpfennigs Antropolis er forteljinga om det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon servert på sju timar. Kven er vi, og korleis blei vi dei vi er?
Suksessmusikalen Änglagård kjem til Noreg14.4.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
Colin Nytleys ikoniske film Änglagård blei elska av publikum da han kom ut i 1992. For tre år sidan hadde musikalversjonen urpremiere i Sverige og blei ein umiddelbar publikumssuksess. I 2027 blir Änglagård årets store muskalhending, når framsyninga får Noregspremiere på Det Norske Teatret.
Pippi er klar for sirkus10.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Endeleg nærmar det seg premieren, og Pippi Langstrømpe er klar for å svinge seg i manesjen. Scenen er gjort om til eit fargesprakande sirkus. Her er ekte akrobatar, pudlar, hestar og eit leikent orkester som spelar ny musikk av ABBA-legenda Björn Ulvaeus.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom