Statens vegvesen

Gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet

Del

Eit halvår etter at første salve blei avfyrt, ser ein no lys i begge endar av Knarrvikatunnelen.

Bildet viser gjennomslag i tunnel ut i dagen med stein og røyk. Søndag 12. oktober på ettermiddag ble det lys i begge ender av søndre løp i Knarrvikatunnelen. Det er tunnelløpet i retning mot Bergen som har nådd gjennsomslag. Gjennomslag i nordre løp i retning Sotra er ventet innen kort tid.
På ettermiddagen søndag 12. oktober ble det lys i begge ender av søndre løp i Knarrvikatunnelen. Det er tunnelløpet i retning mot Bergen som har nådd gjennsomslag. Gjennomslag i nordre løp i retning Sotra er ventet innen kort tid. Sotra Link Construction

Det er tunnelløpet i retning Bergen som i går ettermiddag fekk gjennomslag. Gjennomslag i motgåande løp retning Sotra er venta innan kort tid. Den om lag 650 meter lange Knarrvikatunnelen går mellom Valaskiftet, ved ilandføringa av Nye Sotrabru på Sotrasida, og Arefjordpollen på Sotra. Knarrvikatunnelen får to tunnelløp med to felt i kvar retning og er den kortaste tunnelen på det nye Sotrasambandet. Med støypte portalar i begge endar blir tunnelen 748 meter lang når den står ferdig. 

Første salve blei avfyrt 28. mars i år

Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes fortel at arbeidet med Knarrvikatunnelen har gått godt og effektivt sida første salve gjekk av 28. mars i år.

– Arbeidet med tunnelen har gått veldig bra, og vi er glade for å ha oppnådd gjennomslag i den tredje av fire vegtunnelar på Sotrasambandet. Tunnel-laget i Sotra Link Construction, som står for arbeidet, har gjort ein flott jobb, seier Rivenes.

Massane frå tunneldrivinga har vorte frakta til Arefjordpollen og Storavatnet i Loddefjord. Totalt har det gått med 176 salvar for å oppnå gjennomslag i søndre løp. For gjennomslag i heile tunnelen vil det gå med om lag 366 salvar.

Nærmar seg gjennomslag i alle fire vegtunnelar

Det nærmar seg gjennomslag i alle dei fire vegtunnelane, og med det vert traseen for «nyevegen» meir og meir synleg.  

Frå tunnelmunningane i Knarrvikatunnelen  skal riksvegen gå  vidare mot vest over ei fylling i Arefjordpollen og deretter vidare i dagen før riksvegen blir leia inn i Straumetunnelen. For avkøyring og påkøyring til/frå Straume sentrum blir det laga rampesystem ved Arefjordpollen.

Frå før er det gjennomslag i Kolltveittunnelen (april 2024)  og Straumetunnelen (juni 2025). Gjennomslag i den lengste tunnelen på prosjektet, Drotningsviktunnelen, er venta i løpet av hausten.

Fakta om Knarrviktaunnelen:

  • Søndre løp (mot Bergen): 612 meter
  •  Nordre løp (mot Sotra): 651,5 meter
  • Tunnelen får støypte portalar i begge endar og blir 748 meter lang når den står ferdig
  • Tunnelbygginga er utført av Sotra Link Construction
     

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Bildet viser gjennomslag i tunnel ut i dagen med stein og røyk. Søndag 12. oktober på ettermiddag ble det lys i begge ender av søndre løp i Knarrvikatunnelen. Det er tunnelløpet i retning mot Bergen som har nådd gjennsomslag. Gjennomslag i nordre løp i retning Sotra er ventet innen kort tid.
Søndag 12. oktober på ettermiddag ble det lys i begge ender av søndre løp i Knarrvikatunnelen. Det er tunnelløpet i retning mot Bergen som har nådd gjennsomslag. Gjennomslag i nordre løp i retning Sotra er ventet innen kort tid.
Sotra Link Construction
Last ned bilde
Portrettbilde av prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes
Prosjektsjef i Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes
Karoline Rage
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye