Lyser ut verdas lengste tunneloppgradering
Statens vegvesen lyser no ut arbeidet med å oppgradere verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen på 24,5 km. Første frist for interesserte entreprenørar er 17. november.

- Utlysinga betyr at me no er komne i gang med prosjektet, og målet vårt er å starte arbeid i tunnelen i september 2026. No må interesserte entreprenørar melde sin interesse for å vere med i konkurransen innan 17. november, seier prosjektleiar Susanne Svardal i Statens vegvesen.
Trafikantane som nyttar E16 må dermed førebu seg på lange nattstengingar frå neste haust. Det blir stengt frå kl. 18.00 til kl. 06.00 dei første to åra, medan sprengingsarbeidet pågår.
For lokale bebuarar i Aurland og Lærdal blir det eit busstilbod med to avgangar på kveldstid frå begge sider av tunnelen før midnatt. Elles skal det vere mogleg å få fram utrykkingskøyretøy gjennom tunnelen på kort varsel når det står om liv og helse.
Kan snevre inn på dagtid
På dagtid kan entreprenøren utføre arbeid som ikkje krev stenging. Då vil tunnelen vere open for trafikk, men kan bli snevra inn til eitt køyrefelt på korte strekningar med lysregulering.
- Når sprengingsarbeidet er ferdig etter ca 2 år, vil talet timar med nattestengt kunne reduserast gradvis, seier Svardal.
Heile oppgraderinga skal vere ferdig utført hausten 2029.
Sidan Lærdalstunnelen er ein sopass viktig transportveg aust-vest, med tilførsel til rv. 52 Hemsedalsfjellet og E16 Filefjell, er det bestemt at når Hardangervidda er stengd under uvêr vinterstid, skal Lærdalstunnelen haldast open.
Konkurranse med forhandlingar
Arbeidet som no vert lyst ut er ein utførelsesentrepreise, gjennomført som konkurranse med forhandlingar. Det vil seie at Vegvesenet går fleire rundar med dei interesserte entreprenørane for å optimalisere tilboda, før endelege tilbod blir leverte inn våren 2026.
Omfang på arbeidet
Ca. 100.000 kubikkmeter stein skal sprengjast ut i tunnelen, for å bygge nye havarilommer, snunisjar og nye tekniske bygg. 28 nye tekniske bygg skal på plass, to av desse ute i dagen. I tillegg skal det sprengjast ein ny ventilasjonstunnel ved sida av den gamle ut mot Tynjadalen, og nye sjaktventilatorar skal installerast.
Alt av teknisk utstyr skal skiftast ut og oppgraderast til å oppfylle dagens standard, og tunnelen får mellom anna 145 nye naudtelefoner installert. Eksisterande elktroteknisk anlegg skal vere i drift i heile anleggsperioden, og når det nye anlegget er testa og godkjent, skal det gamle koplast frå.
Det skal også gjerast mindre utbetringstiltak på dreneringsanlegget i tunnelen, og det skal byggjast nytt sedimenteringsanlegg for vaskevatn på begge sider av tunnelen.
Kontakter
Susanne Svardal, ProsjektleiarStatens vegvesen Utbygging
Tel:951 91 861susanne.svardal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Anleggsarbeidet fortsetter på E18 i Bærum, og vil gi lange køer også denne helgen6.11.2025 15:08:49 CET | Pressemelding
Statens vegvesen fortsetter arbeidet på E18 ved Fornebu. Denne helgen blir det også innsnevringer på E18 mellom Høvik og Lysaker.
Den midlertidige E6 i Levanger åpner lørdag5.11.2025 14:08:20 CET | Pressemelding
Til helgen er det slutt på lange omkjøringer. Den midlertidige vegen forbi rasstedet åpner lørdag 8. november, én uke før annonsert dato.
Har sikra dei fire mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg4.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Dei mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg har fått nye skredtårn på plass før vinteren, for å hindre ukontrollerte snøskred mot open veg.
Markerte oppstart på E39 Veibustkrysset3.11.2025 16:26:45 CET | Pressemelding
Statssekretær Tom Kalsås og Sula-ordførar Turid Humlen tok mandag første spadestikk for utbetring av E39 Veibustkrysset.
Statens vegvesen tar i bruk opsjon i fem av åtte driftskontrakter3.11.2025 11:51:30 CET | Pressemelding
Fem av åtte vegdriftskontrakter som går ut i 2026, forlenges med to eller tre år, etter at Statens vegvesen har blitt enig med entreprenørene om å ta ut opsjon.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom