Norske bedrifter vil kjøpe norsk – og er villige til å betale for det
13.10.2025 10:55:17 CEST | Innovasjon Norge | Pressemelding
Ei ny undersøking viser at norske verksemder i aukande grad legg vekt på opphav når dei kjøper varer og tenester. Heile tre av fem meiner produksjonsland er viktig, og nesten 80 prosent vil velje norsk dersom pris og kvalitet er lik.

Resultata viser ei tydeleg utvikling: To av tre bedrifter opplever at bevisstheita rundt opphav har auka dei siste åra. Undersøkinga omfattar 600 representative norske verksemder, og det er Perseptor som har gjennomført ho for Innovasjon Noreg.
Halvparten av verksemdene seier dei er villige til å betale meir for dokumentert norsk opphav. To prosent seier til og med at dei vil betale mykje meir. Hovudgrunnane er eit ønske om å støtte norsk næringsliv og lokale arbeidsplassar, saman med assosiasjonar til høgare kvalitet og lågare miljøavtrykk.
- Dette stadfester betydninga av norsk produksjon og opphav. Ved å framheve opphavet får norske bedrifter moglegheit til å synleggjere at dei har norsk bakgrunn, og dei verdiane, som kvalitet, ansvarskjensle og integritet som følgjer med. – Det er trygt å velgje norsk, seier Anne Marie Brady, ansvarleg for merkeordninga Made in Norway.
Samtidig peikar undersøkinga på eit behov for betre merking og dokumentasjon: Ein av tre meiner det er vanskeleg å vere sikker på om ei vare faktisk har norsk opphav.
Resultata gir tydeleg støtte til arbeidet med å utvikle den nye merkeordninga for norsk opphav – Made in Norway. For verksemder som satsar på norsk produksjon, kan dette bli eit viktig konkurransefortrinn – både i marknaden og i møte med kundar som krev dokumentasjon.
Tidlegare har ei undersøking blant forbrukarar vist liknande resultat. Fleirtallet av dei er også villige til å betale meir for norske varer og tenester, og det har mykje å seie for dei når dei bestemmer seg for kva dei skal kjøpe.
Nøkkelord
Kontakter
Kjetil Svorkmo BergmannKommunikasjonsrådgiver
Tel:90 82 09 18kjber@innovasjonnorge.noBilder





Dokumenter
Lenker
Innovasjon Noreg bidrar til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kompetanse, kapital og nettverk. Innovasjon Noreg kan hjelpe norske verksemder med å tre inn i ein ny marknad for første gong eller for å utvide ei internasjonal satsing.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Skavland Gartneri vinner landbrukspris!30.10.2026 16:03:33 CET | Pressemelding
Tomatprodusenten frå Talgje vinner bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Rogaland for 2026.
Over 70 aktører i norsk reiseliv har tatt grep: Nå lager influensere egne retningslinjer for hvordan norsk natur skal vises fram29.10.2026 14:17:41 CET | Pressemelding
Innovasjon Norge, Miljødirektoratet og Norwegian Travel Cluster samler noen av landets mest profilerte naturinfluensere for å sette standarden for hvordan Norge formidles i sosiale medier.
Himmelspannet AS vinner landbrukspris i Buskerud!27.10.2026 12:15:20 CET | Pressemelding
Hemsedalsbedriften blir hedret med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Buskerud for 2026.
Honningprodusent fra Trøgstad vinner pris26.10.2026 14:05:29 CET | Pressemelding
Kjartans Honning AS hedret med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Østfold.
10 nye klynger tas opp i Norwegian Innovation Clusters22.10.2026 15:12:03 CEST | Pressemelding
Nye medlemmer og klynger som er innvilget videre satsing i klyngeprogrammet Norwegian Innovation Clusters er kunngjort. Seks nye klynger har kommet med i programmet og fire har blitt tatt opp på et høyere nivå.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom