Innovasjon Norge

Skavland Gartneri vinner landbrukspris!

30.10.2026 16:03:33 CET | Innovasjon Norge | Pressemelding

Del

Tomatprodusenten frå Talgje vinner bedriftsutviklingsprisen for landbruket i Rogaland for 2026.

Håvard og Edle Skavland fekk prisen frå statsforvaltar Bent Høie.
Håvard og Edle Skavland fekk prisen frå statsforvaltar Bent Høie. Foto: Innovasjon Norge

Prisen vart delt ut av statsforvaltar Bent Høie under feiringa av Rogaland landbruksselskaps 250 års-jubileum på Jærmuseet.

– Det hadde vi ikkje forventa, sa Håvard Skavland etter å ha fått tildelt prisen.

Edle Skavland legg til:

– Vi set veldig stor pris på at vi får anerkjenning for den jobben vi gjer, saman med våre tilsette, som er dei viktigaste i bedrifta.

 Silje Arnesen, avdelingsleiar i Innovasjon Noreg Rogaland er svært imponert over prisvinnaren:

– Skavland Gartneri er ein stor og viktig tomatprodusent i vår region, og det regionale partnarskapet er veldig glad og stolt over å kunne tildele dei BU-prisen i Rogaland for 2026. Vi meiner at  prisvinnaren er eit svært godt eksempel på korleis ei moderne landbruksbedrift kan kombinere berekraftig drift med eit sterkt fokus på menneska som gjer jobben. Det gjer dei til ein verdig prisvinnar, og vi ønsker dei lykke til i den nasjonale konkurransen, sei ho.

Juryen i Rogaland har bestått av Innovasjon Norge Rogaland, Rogaland Bondelag, Rogaland Fylkeskommune, Statsforvalteren i Rogaland og NHO Rogaland

Sosial berekraft i fokus

Håvards farfar, Einar Skavland, bygde ei av dei første veksthusa på Talgje heilt tilbake i 1937. Dei har no 26 000 kvadratmeter med moderne veksthus på garden. I dag er heile familien i sving, i tillegg til dei 70 tilsette i bedrifta. Frå den lille øya Talgje utanfor Stavanger, med om lag 300 innbyggjarar, vert tomatar frakta til butikkar over heile landet.

Bedrifta vert omtalt som ei av dei aller beste bedriftene i landbruket når det gjeld sosial berekraft, og det å ta vare på sine tilsette. Dei skriv sjølv på sine nettsider at dei ikkje berre vil tilby ein arbeidsplass, men også ønsker å vere ei kraft for positiv utvikling hos sine ansatte og deira familier. Her finn ein ansette frå Filippinene, Vietnam og Ukraina.

Etter at krigen i Ukraina braut ut fekk dei ansette derfra kollektiv beskyttelse og fast jobb på gartneriet. Garneriet tilbyr ein eigen boligløysing, som sikrar at dei ansatte har ein trygt og hyggjeleg bustad.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket

Innovasjon Norge deler hvert år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag fra Landbruks- og matdepartementet. Det er en bedrifts- og næringsutviklingspris for de som har etablert en vellykket bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressurser. Hvert år blir det kåret en vinner i hvert fylke som får 50 000 kroner. De fylkesvise vinnerne kjemper deretter om den nasjonale prisen på 250 000 kroner. 

Nøkkelord

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye