Aukar køyrehøgda i E16 Knoltatunnelen
9.10.2025 08:22:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
For å betra tilhøva for transportnæringa, aukar Statens vegvesen no køyrehøgda i E16 Knoltatunnelen mellom Evanger og Bulken i Voss herad.

For å betra tilhøva for transportnæringa, aukar Statens vegvesen no køyrehøgda i E16 Knoltatunnelen mellom Evanger og Bulken i Voss herad.
– Me senkar vegen for å auka køyrehøgda. Med dette grepet unngår me problemet med at høge køyretøy tek borti tunneltak eller høgdeavgrensar, seier Per Arne Blindheim som er teknisk byggjeleiar tunnel i Statens vegvesen.
I samband med arbeidet vert det alle dagar lysregulering klokka 06.00-20.00 (nokre dagar med fylgjebil) og fylgjebil kvar natt klokka 20.00-06.00.
Eitt køyrefelt vil til ei kvar tid vera stengt. Dette er naudsynt for å sikra tryggleiken både for arbeidarar og trafikantar.
– Me ber trafikantar berekna noko ekstra tid, og visa omsyn til mannskapar og skilting i området.
Arbeidet startar måndag 13. oktober, og tek etter planen ein månad.
– Me jobbar døgnkontinuerleg for å gjera arbeidsperioden så kort som mogleg, seier Blindheim.
Nøkkelord
Kontakter
Per Arne BlindheimTeknisk byggjeleiar tunnel, Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:976 35 290per.arne.blindheim@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Arbeid på E39 ved Troldhaugen19.11.2026 12:15:50 CET | Pressemelding
Statens vegvesen gjer fram til jul arbeid på E39 Skiparvik bru, sørgåande retning, like sør for Troldhaugen i Bergen.
Arbeid i to rv. 5-tunnelar i Sunnfjord18.11.2026 08:15:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen gjer elektroarbeid i Hornnes- og Bjørnsnestunnelen mellom Førde og Naustdal kommande veke.
Mer venting på E6 i Salten18.11.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Fra mandag øker ventetida på E6 ved Setså i Saltdal kommune i Nordland.
Opna ¼ av OPS Hålogalandsvegen17.11.2026 17:59:47 CET | Pressemelding
I dag blei E10/rv. 85 Kanstadbotn–Langvasseid offisielt opna. Det sikrar trygg, rask og god framkomst mellom Lødingen og Sortland.
Spuntarbeider forårsaket strømbrudd i Sarpsborg16.11.2026 12:30:59 CET | Pressemelding
I forbindelse med spuntarbeider på anlegget for prosjektet "Rv. 22 Hafslund-Dondern" ble det mandag morgen strømløst på et stort område.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom