SUKKER - svart komedie om kvite blindsoner
7.10.2025 14:16:10 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
Korleis er det å vere melaninrik i Noreg i dag? Og korleis fargar historia denne erfaringa?
Med SUKKER set regissør og manusforfattar Linda Gathu spørsmålsteikn ved det vi trur vi veit om historia vår. Med eit skrått og humoristisk blikk tek ho oss gjennom dei siste 400 åra med afro-norsk historie, inspirert av historiske personar.

SUKKER
av Linda Gathu
URPREMIERE FREDAG 10. OKTOBER KL. 19.30
SCENE 2
PLUSS:
Kunstnarpraten
QUEENDOM! INTEGRERT SOM FAEN 20 ÅR ETTER
av og med Queendom
LAURDAG 11. OKTOBER KL. 21.00
BIKUBEN
i samarbeid med Black History Month Norway og Black Future Month
- Eg er ei svart kvinne i Noreg.. Sjølvsagt er eg stressa, seier ein av karakterane i Sukker.
Det handlar om Norsk afro-diaspora gjennom 400 år når regissør Linda Gathu lar ein kunstnar tre inn i ein institusjon der ho fort kjenner seg framand. Her møter ho ein direktør og ein kurator for eit kunstmuseum i krise, som treng fornying. Kunstnaren blir henta inn som eit mangfaldsalibi, og forsøkt pressa inn i eit prosjekt ho sjølv ikkje står inne for. Dette fører henne inn i ein tilstand der ho møter "Afronautar" som fører henne på ei tidsreise der ho møter nordmenn med afrikanske røter som har levd før henne.

Håpar publikum vil kjenne seg igjen
- For meg personleg handlar Sukker djupast sett om korleis ein kan vere ein brun kropp i Noreg i dag, og det å lære å kjenne si eiga historie, seier Ameli Isungset Agbota, som spelar Kunstnaren.
Gjennom framsyninga skal ho leve seg inn i karakterar som er inspirerte av personar med afrikansk bakgrunn som har levd i Noreg før henne. Regissør Linda Gathu omtalar framsyninga som ein svart komedie, og Isungset Agbota håpar at publikum vil kunne le saman, uansett bakgrunn.
Les meir om Amelie Isungset Agbota.

Basert på historiske personar
Personar med afrikansk bakgrunn har levd i Noreg lenge. Historia strekker seg over 400 år tilbake i tid. I Sukker blir nokre av desse historiske personane trekte fram. Olav Joleik voks opp på Vestlandet på 60-talet og var gardbrukar og krigsseglar. Christian Hansen Ernst kom til Noreg frå London og blei tollbetent i Kragerø på 1600-talet. Ruth Reese var ein anerkjend songar som flytte til Oslo, men sette aller størst spor etter seg som aktivist og med arbeid for SOS Rasisme. Kola Mangoli voks opp hos ein familie i Christiania på slutten av 1800-talet, fekk sju barn og var reinhaldar på Klingenberg Theater.
Les meir.


Sukker er ein del av Black History Month Norway.
I samband med Black History Month vil også kunstnargruppa Queendom bli gjenforeint på Det Norske Teatret.

Queendom blir gjenforeint
For 20 år sidan stod Monica Ifejilika, Asta Busingye Lydersen, Isabell Dahlsveen Sterling, Hannah Wozene Kvam og Haddy Jatou N’jie på scenen saman og hadde premiere på sitt tredje show Integrert som faen! på utestaden Blå i Oslo. Laurdag møtest dei endeleg igjen - til ein prat om humor, og om det å vere farga i Noreg da og i dag.
Queendom blei stifta i 1999 som ei norsk-afrikansk kunstnargruppe med ønske om å nytte musikk og humor til å sjå verda gjennom svarte kvinners auge. Dei har sidan gitt ut bok, blitt tildelt Oslo Bys kunstnarpris, spelt inn plater og stått bak ti show og konsert-framsyningar.
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonsrådgjevar
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder




















Lenker
Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Sirkus Pippi tek inn på Det Norske Teatret26.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Når det Norske Teatret opnar Hovudscenen for Pippi på sirkus, er det den fortrollande og ekte teater- og sirkusmagien som får skine, i lag med musikk frå ein av verdas dyktigaste pop-handverkarar; Björn Ulvaeus. For dei interesserte er det mogleg å ta turen inn i manesjen allereie over påske.
Pippi på sirkus i Relæxt versjon12.3.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
2. juni skal Det Norske Teatret for første gong tilby teater i såkalt Relæxt ramme. - Vi veit at det er familiar som skammar seg eller er redde for å øydelegge for andre når dei går på kulturarrangement. Derfor er det fantastisk å kunne tilby Pippi på sirkus i "relæxt" utgåve! seier teatersjef Kjersti Horn.
Gazaliv og Palestinaprogram12.2.2026 11:41:16 CET | Pressemelding
«Et must for å forstå Gaza», skreiv Dagbladet om dokumentarromanen til Marte Heian-Engdal da ho kom ut i 2024. I kveld blir boka overført til scenen når Gazaliv – eit iscenesett føredrag får premiere på Scene 3. Det skjer under paraplyen Palestina-programmet - faglege og kunstnarlege arrangement som på ulike måtar handlar om Midtausten og kunstens kraft.
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom