Riksantikvaren

15 landskap i Nordland med i nasjonal oversikt

Del

No er Nordland fylke med i Riksantikvarens oversikt over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Øya Sanna med Trænstaven
Øya Sanna med Trænstaven er eit av dei 15 landskapa i den nye nasjonale oversikta. Crestock.

Dei 15 landskapa strekkjer seg frå Bleik i nord til Åbjøra-Åbygda-Vassås i sør. 

– Landskapet i Nordland er som ei levande historiebok. Det fortel om liv og verksemd i Noreg slik det ein gong var, om endringar gjennom tidene, og om korleis det er i dag, seier Ingunn Holm, seniorrådgivar hos Riksantikvaren. 
– Det karakteristiske ved landskapet i fylket er kysten, og nærleik til fjord og fjell. 

Kulturhistoriske landskap i Nordland er ei oversikt som skal vise mangfaldet av landskap i fylket og i landet. Oversikta skal først og fremst vere eit kunnskapsgrunnlag for forvaltninga i kommunane og hos andre styresmakter. Den er ikkje ein verneplan, og landskapa blir ikkje freda. 

– Vi håpar oversikta kan bidra til auka kunnskap og forståing for verdiane i landskapa våre, og vere til nytte i arealplanlegging og forvaltning, seier Holm. 

Nordland fylkeskommune og Sametinget har foreslått område og utarbeidd beskrivingar, og oversikta var på høyring i 2024. Sidan då har Riksantikvaren har arbeidd vidare fram mot ferdigstilling av oversikta. 

Kva er spesielt med landskap i Nordland? 

Særpreget i Norland er eit resultat av samspelet mellom natur og kultur. Spora etter menneske finst overalt i landskapet,  ved kysten, i skog og mark, på fjellet og i byar og tettstader. 

– Landskapet har alltid vore i endring, men i vår tid skjer endringane så fort, og i eit så stort omfang, at viktige verdiar står i fare for å gå tapt, seier Holm.
– Utfordringa er å forvalte landskap på ein måte som både bevarer og vidareutviklar det i eit langsiktig perspektiv.

Det kystalpine tindelandskapet ligg i nærkontakt med dei flate og rolege kystslettene. Dei breier seg ut mot ope hav, og tindelandskapet dannar bakveggen til det typiske Nordlandspanoramaet. Ytst ute ligg skjergarden med tusenvis av holmar og skjer, og dannar ei ytre rand. Den strekkjer seg samanhengande langs heile kysten bortsett frå på yttersida av Lofoten og Vesterålen. Innanfor skjergarden vidar strandflata seg ut i møte med kystsletter som breier seg langsetter kystlinja. 

– Vi håpar at auka kunnskap og forståing for kulturhistoriske verdiar i landskapet fører til meir engasjement for å sikre dei viktige Nordlandslandskapene på ein berekraftig måte. 
– Målet vårt er at kunnskapen om landskap blir ein positiv ressurs i samfunnsutviklinga, seier Holm.  

Dei 15 landskapa: 

  • Bleik
  • Nyksund, Skipssanden, Stø og Langenes 
  • Øksfjorden
  • Vegglandet
  • Yttersida av Vestvågøy
  • Engeløya
  • Røstøyan
  • Sulitjelma
  • Saltfjellet – Bjøllåvassdalen 
  • Sanna
  • Illgruben
  • Vega
  • Tjøttabassenget
  • Torghatten
  • Åbjøra – Åbygda – Vassås

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Ytrehatten Brønnøy
Torghatten med skjærgård er eit av dei karakteristiske landskapa i Nordland, her sett frå Ytrehatten i Brønnøy.
Trine Johnson, Nordland fylkeskommune.
Last ned bilde
Tjøtta mot de syv søstre. I bakgrunnen øya Dønna
Tjøttabassenget blir og kalt maktas landskap i Nordland. Her sett mot dei sju søstre.
Magne Myrvold.
Last ned bilde
Barktatt tre i Lønsdal syner korleis menneske og natur har levd i samspill.
Barktatt tre i Lønsdal syner korleis menneske og natur har levd i samspill.
Sidsel Bakke, Sametinget.
Last ned bilde

Lenker

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye