Bekymra for skadar frå ATV-ar og annan motorferdsel på barmark
Sårbar natur blir skadd av auka motorferdsel. No tek Miljødirektoratet i bruk kunstig intelligens for å få betre oversikt over utviklinga.

– Vi ser at motorferdsel på barmark, altså mark utan snø, gir fleire og meir alvorlege naturøydeleggingar enn før. Derfor tek vi no i bruk kunstig intelligens for å kartleggje og overvake køyreskadar over heile landet. Vi må handle raskt og målretta før meir uerstatteleg natur går tapt, seier avdelingsdirektør ved Land- og friluftsavdelinga i Miljødirektoratet, Ivar Myklebust.
Sterk vekst i motorisert ferdsel
Talet på registrerte ATV-ar i Noreg har meir enn dobla seg på ti år. I 2024 var det registrert 103 987 ATV-ar, mot 44 774 i 2014.
Statens naturoppsyn (SNO) ser eit aukande tal øydeleggjande spor etter ferdsel med ATV, motorsyklar, bubilar og andre køyretøy i utmark, altså område utanfor dyrka mark, som skog, fjell og myr. Spora er ofte knytt til jakt, turisme og friluftsliv.
– Folka våre i felt melder om køyreskadar i stadig fleire område. Skadane oppstår både ved lovleg og ulovleg køyring. Talet på politimeldingar for ulovleg køyring har auka markant dei siste ti åra, og vi har mellom anna registrert bubilar, bilar og motorsyklar som har køyrt inn i utmark for å slå leir, seier avdelingsdirektør i SNO, Morten Kjørstad.

Ny teknologi gir betre oversikt
Miljødirektoratet har starta eit prosjekt der kunstig intelligens blir brukt til å analysere køyrespor frå fly- og dronebilete. Teknologien skal bidra til å avdekkje skadar, følgje utviklinga og setje inn tiltak.
– Utviklinga innan motorferdsel bidreg til at stadig fleire naturområde blir tilgjengelege. Heldigvis har vi også teknologi som kan hjelpe oss til å setje inn tiltak for å avgrense skadeomfanget. Vi vil derfor aktivt bruke kunstig intelligens til å avdekkje køyreskadar, slik at Statens naturoppsyn raskt kan rykkje ut, jobbe førebyggjande og melde ulovlege forhold, seier Myklebust.
Resultata skal også gi kommunane betre verktøy for å vurdere søknader og følgje opp løyve til barmarkskøyring.
Varige spor og endra natur
Motorferdsel på barmark kan skade vegetasjonen og terrenget og setje varige spor. I våte område kan køyrespor utvikle seg til bekker som drenerer myr og endrar naturtypen. Røsslyng og andre artar slit med å vekse tilbake, og tynne jordlag kan bli uoppretteleg øydelagt.
– Når køyrespor blir til bekker og myrar blir drenert, snakkar vi ikkje lenger om mellombelse inngrep, vi snakkar om varige endringar i naturen. Vi må ta inn over oss at naturen har avgrensa evne til å reparere seg sjølv, og handle deretter, seier Myklebust.

Aktsemdsplikta gjeld alltid
Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forboden. Kommunane kan gi løyve innanfor gitte rammer, men både naturmangfaldlova og motorferdselslova stiller strenge krav til aktsemd. All køyring skal skje på ein måte som skader naturen minst mogleg.
– Løyve fritek deg ikkje for ansvar. Aktsemdsplikta gjeld uansett, og du pliktar å ta omsyn og velje løysingar som ikkje skader naturen. Vi har sett fleire tilfelle der det er gitt løyve med klare atterhald, men der heile område likevel har vorte øydelagde, seier Myklebust.
Aukar tilsynet
SNO har dei siste åra registrert fleire naturområde som er sterkt prega av motorferdsel, særleg i periodar med mykje turisme og jakt.
– SNO har fått i oppdrag å auke tilsynet under storviltjakta. Vi ser at mange nyttar ATV til og frå jakthytter, og at dette også aukar blant småviltjegerar, seier Kjørstad.
Kjørstad oppmodar også publikum til å melde frå om mistenkjelege spor
via Miljødirektoratets tipsteneste.
– Ser du køyrespor ute i marka, må du gjerne tipse oss. Då vil våre tilsette i SNO undersøkje og følgje opp saka nærare. Publikum kan vere avgjerande for at vi raskt kjem til staden og får dokumentert skadane, seier han.
Miljødirektoratet ber også alle om å ta sitt ansvar.
– Vi må skjerpe oss. Spora vi set i dag, blir arven vi gir vidare.Vi må sørgje for at den arven ikkje blir øydelagd, avsluttar Myklebust.
Les meir om reglane for motorferdsel på barmark her:
Motorferdsel på barmark - miljodirektoratet.no
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder



Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ny naturindeks: Norsk natur betydelig redusert18.11.2025 08:29:09 CET | Pressemelding
Det er et nasjonalt mål at økosystemene skal ha god tilstand. For flere av økosystemene fortsetter tapet av biologisk mangfold, viser naturindeksen.
Fire av ti våtmarksfugler trues av mennesker14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressurser, utbygging og landbruk er de største truslene for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser en ny FN-rapport.
Fire av ti våtmarksfuglar er trua av menneske14.11.2025 07:30:00 CET | Pressemelding
Bruk av naturressursar, utbygging og landbruk er dei største truslane for trekkfugl som er avhengige av våtmark, viser ein ny FN-rapport.
Rekordstor pott til miljøtiltak for Oslofjorden11.11.2025 12:42:17 CET | Pressemelding
65 millioner kroner skal fordeles til gode tiltak som kan bedre miljøforholdene i Oslofjorden. Nytt i ordningen er at også yrkesfiskere kan søke om støtte.
Over 1100 naturtiltak fikk støtte i 202511.11.2025 08:20:55 CET | Pressemelding
Mer enn 50 millioner er delt ut i tilskudd til grunneiere, organisasjoner, virksomheter og privatpersoner som gjør tiltak for å hjelpe truet natur.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom