Frå podekvist til hageeple: Slik kan du dyrka gamle eplesortar
I Noreg har me over fire hundre eplesortar, men berre eit fåtal er til sals i ulike hagesenter. Kvifor er det slik? Og korleis kan du gå fram om du ynskjer deg eit epletre av ein gamal eplesort som ikkje er i sal?

Me startar i Kinsarvik i Hardanger, der Vidar Jåstad driv ein planteskule som forsyner store delar av landet med frukttre. Kvart år vert om lag 30 000 frukttre sende ut herifrå.
Dei fleste trea vert importerte frå Nederland som barrotsplanter. Hjå Jåstad vert dei planta i potter og stelt godt med heile sommaren. I planteskulen fylgjer Jåstad og dei tilsette med på at trea er friske og ikkje spreier sjukdom til andre tre. Når hausten kjem, eller neste vår, er trea klare for sal.
I sortimentet har han 18 ulike eplesortar. Sortane er valde ut med omtanke.
– Dei må eigna seg for økologisk dyrking, seier Jåstad.
– Privatdyrkarar har som regel ikkje tilgang på så verksame plantevernmidlar som yrkesdyrkarane. Det viktigaste for ein privatkunde er å velja ein sort som er sterk mot sjukdomar.
Kjent og kjært er ikkje alltid enklast
Jåstad fortel vidare at gamle sortar, som til dømes Summered og Gravenstein, er populære blant hagedyrkarar sjølv om dei ofte er vanskelege å dyrka utan bruk av plantevernmiddel. Summerred er utsett for skurv som kan øydeleggja bladverket og skjemma avlinga. Heldigvis finst det gode alternative sortar.
– Sortane Collina, Katinka, Freya og Julka er nyare og gode eplesortar. Dei er sterke mot sjukdom og gode på smak. Filippa er ein gamal, men sjukdomssterk eplesort, som kan eigna seg godt i privathagar, seier Jåstad.
– Det tek mange år, og det er kostbart for oss å introdusera sortar som kundane ikkje er vane med. Me prøver å spreia kunnskap så god me kan. Etter kvart som kundane haustar gode erfaringar, kan salet av ein ny sort auka langsamt.
Jåstad forklarar vidare at ein planteskule ikkje kan ha for mange sortar i handelen. Då vert drifta lite effektiv og kostnadane for høge.
Eplesortar kjem og eplesortar går ut
Det er ikkje berre i hagesentera at sortimentet er avgrensa. I yrkesdyrkinga dominerer òg berre nokre få sortar. Med jamne mellomrom vert gamle sortar tekne ut av produksjon, ofte fordi dei er utsette for sjukdom, har varierande kvalitet eller ber ujamt. Samstundes vert nye sortar kryssa fram for å møta dagens krav til effektive dyrkingssystem, betre lagring og moderne smakspreferansar.
I denne samanhengen speler dei gamle sortane ei viktig rolle. Dei kan innehalda gen som kan nyttast i utviklinga av nye sortar. Difor er det avgjerande å ta vare på dei – sjølv om dei ikkje lenger vert dyrka i stor skala. Nokre av dei eignar seg dessutan godt for småskala produksjon eller vidareforedling, og dei kan vera spennande for hagedyrkarar.
Eit epletre vert til
Men korleis skal ein gå fram om ein ynskjer seg eit epletre som ikkje finst i handelen? Oddmund Frøynes har jobba med sortsprøving ved NIBIO Ullensvang i ein mannsalder. No er han på pensjonistavtale og framleis levande interessert i både gamle og nye sortar.
– Frukttre kan ikkje formeirast med frø. Dei må formeirast vegetativt for å ta vare på eigenskapane til sorten. Poding på eigna grunnstamme er ein måte å gjera dette på. Det finst mange ulike teknikkar som til dømes kopulasjon, tungepoding, chip budding og okulasjon, fortel Frøynes.
– I si enklaste form gjer ein eit snitt i eit årsskot av den edle sorten, det vil seia den sorten ein vil at treet skal ha. Så gjer ein eit tilsvarande snitt i grunnstamma. Deretter legg ein dei saman, bind med strikk eller el-tape og dekkar sårflater med podevoks. Poding bør ein gjera på seinvinteren. Podingane vert planta ut på friland eller i potter for å verta alne fram i veksthus, forklarar han vidare.
Grunnstammer er eitt til to år gamle planter i Malus-slekta som vert avla fram med vekt på røtene sine eigenskapar. Det nye treet veks opp frå ein knopp på den edle delen av podingen. Kombinasjonen av sort og grunnstamme påverkar eigenskapane til det poda treet, så som vekstkraft, avling, fruktkvalitet og sjukdomsmotstand.
– Tidlegare gjorde mange av fruktdyrkarane podearbeidet sjølve. I dag er det berre nokre få planteskular i Noreg som gjer dette. I all hovudsak vert ferdig greina tre importerte frå Nederland og Belgia, både til privathagemarknaden og til kommersiell fruktdyrking. Dette er både av økonomiske årsaker og av omsyn til trekvalitet, avsluttar Frøynes.
Podekurs og podekvist
Sjølv om det ikkje er så mange som driv med poding lengre, er det nettopp denne kunsten du må læra deg om du vil dyrka ein sjeldan eplesort. Det kan vera lurt å unna seg eit kurs før ein tar fatt på oppgåva. Kurshaldarar kan og hjelpa til med å få tak i grunnstammer. Det finst fleire tilbydarar av podekurs rundt omkring i landet. Her er det berre å googla.
Når du har lært deg å poda, må du få tak i podekvist frå den sorten du ynskjer deg. Eit stort utval gamle eplesortar vert tekne vare på i såkalla klonarkiv. Med litt innsats er det mogleg å få podekvist frå mange av desse sortane.
Linn Borgen Nilsen er leiar for genressurssenteret ved NIBIO som har det overordna ansvaret for bevaringa av gamalt sortsmateriale av kulturplanter i Noreg.
– I klonarkiva vert plantemateriale som ikkje kan formeirast med frø, teke vare på som levande planter. Klonarkiva kan likevel ikkje levera ut kvistar til poding utan vidare. Det er på grunn av faren for spreiing av sjukdomar som det ikkje finst midlar mot, så som heksekost og pærebrann, forklarar Nilsen.
– I dag er det mogleg å tinga podekvist av ei rad ulike sortar frå Sagaplant AS eller Njøs frukt og bærsenter. I samband med ei omorganisering av klonarkiva, jobbar me no for å gjera det lettare å få tak i podekvist frå endå fleire eldre sortar, avsluttar Nilsen.
På NIBIO sine nettsider finn du mykje informasjon om dei ulike eplesortane, inkludert skildringar som kan hjelpa deg å identifisera gamle tre i hagen. NIBIO har òg gjeve ut ei bok som skildrar 139 gamle norske eplesortar i detalj.
Med denne kunnskapen i ryggen er du godt rusta til å gå på skattejakt bland eplesortane. Og bestemmer du deg for å planta ein gamal sort, er du med på å ta vare på eit uerstatteleg sortsmateriale – og sikra eplegenane me treng for framtida.
Fakta:
Bevaring av genetisk mangfald i klonbankar
Det genetiske mangfaldet i landbruket, er ein grunnleggjande ressurs for vidare utvikling av jordbruket. Frøformerte artar vert tatt vare på i den felles nordiske frøgenbanken i Alnarp i Sverige, medan vegetativt formerte artar vert tatt vare på som levande plantar i klonarkiv i Noreg. I desse samlingane finst det i dag ca. 1 400 unike sortar av frukt, bær, grønsaker og poteter, i tillegg til medisinplanter og aromatiske planter. Dette er sortar med tilknyting til Noreg og av særleg tyding for det norske bevaringsarbeidet.
5 tips for vellukka planting av frukttre
- Finn ein plass med mykje sol og god drenering, frukttre toler ikkje å stå i vassjuk jord.
- Sett treet i ei bøtte med vatn nokre minutt til jorda er gjennomblaut.
- Grav eit hol som er større enn potta, løsne jorda godt i botnen. Fyll på med god plantejord. Større hol er berre ein fordel.
- Vatna godt og hald fram med å vatna regelmessig, spesielt det fyrste året medan treet har små røter.
- Dei neste åra er det viktig å gjødsla og skjera treet rett. Ein bør og fjerna blomane dei fyrste to åra slik at treet nyttar all krafta si på å veksa seg sterkt.
Nøkkelord
Kontakter
Oddmund FrøynesNIBIO / Divisjon for matproduksjon og samfunn
Tel:(+47) 959 06 027oddmund.froynes@nibio.noBilder






Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Nytt forskningsprosjekt gir hesten en stemme14.1.2026 14:51:20 CET | Pressemelding
Hva om hesten selv kunne fortelle oss hva den foretrekker – om dekken, trening eller utstyr? I forskningsprosjektet HorseVoice lærer hester å kommunisere ved hjelp av symboler. Målet er bedre hestevelferd og mer bevisste eiere.
Magisk plante skapar både glede og konflikt19.12.2025 11:42:47 CET | Pressemelding
Kven har vel ikkje høyrt om skikken med å kysse under mistelteinen i desember? Den eviggrøne mistelteinen er knytt til jul, kjærleik og gamal folketru. I Noreg var ho lenge sjeldan og vart freda i 1956. No spreier planten seg i takt med eit varmare klima – og skapar hovudbry for mange hageeigarar.
Tel reinsdyr med dronar og kunstig intelligens17.12.2025 10:02:53 CET | Pressemelding
Dronar er allereie eit viktig hjelpemiddel i den moderne reindrifta. No testar forskarane korleis dronar og kunstig intelligens kan forenkle arbeidet med reinteljing.
PLANTEARVEN-prisen til Andrew McMillion10.12.2025 11:33:47 CET | Pressemelding
– Det var jammen uventa, sa bonden, læraren og den engasjerte såfrøentusiasten Andrew McMillion då han tysdag blei overraska med PLANTEARVEN-prisen for 2025.
Eit godt år for jordbruket i 2024, jordbruksinntekt9.12.2025 09:00:00 CET | Pressemelding
Det har vore store svingingar i jordbruksinntekta dei siste åra. Etter eit svært godt resultat i 2022, vart 2023 påverka av uver og sterk prisoppgang på viktige innsatsfaktorar. I 2024 vart det igjen eit godt kornår, og både mjølkekvote og mjølkepris auka. I gjennomsnitt vart jordbruksinntekta kr 500 300 per årsverk for bruka i driftsgranskingane. Det var ein auke på 37 prosent frå 2023, men likevel ikkje heilt på nivå med toppåret 2022. Det var bøndene på flatbygdene på Austlandet som fekk høgast jordbruksinntekt i 2024 med kr 583 600 per årsverk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom