Krevjande år for fruktprodusentane
Skadeinsekt, "rotavêr" og kulde i blømingsperioden er nokre av utfordringane fruktprodusentane har stått ovanfor i årets sesong. Det har gitt seg utslag i lågare plomme- og morellavlingar, mens epleprodusentane ser ut til å få gode resultat.

– Det passar å snakka om rotne frukter i år. Veret har vore det me kallar "rotavêr", det vil seie vått i kombinasjon med høg temperatur før hausting, seier Jorunn Børve, forskar ved NIBIO Ullensvang.
Dette gjev negative utslag for fruktprodusentane.
– Det er mykje Monilia-rote på alle fruktartar, seier ho.
Denne soppen gjer at frukta får brun, rote når det nærmar seg hausting. Den trengjer seg inn gjennom hol frå til dømes eit lite insekt eller ein fugl, i skalet på frukt. Han kan lett smitta frå ei frukt til ei anna, slik at heile klasar rotnar.
– Plommer og pærer har mykje monilia no. Morellane er ferdige, men dei hadde mykje rote. Epla er i startgropa, og der fuglane har starta å hakka på epla kjem det monilia, påpeiker Børve. Ho legg til at ròten kan gje store tap når tilhøva ligg til rette for det med fuktig ver.
Rognebærmøll på tokt
I år har det også vore fare for angrep av rognebærmøll i eple i alle fruktdistrikt i Noreg.
– Når det ikkje er nok rognebær, flyg møllen inn til epla og legg egg der, forklarar Gunnhild Jaastad, forskar ved NIBIO Ullensvang.
– 2025 er eit av åra med fare for angrep av rognebærmøll som viser kor dramatisk situasjonen kan bli.
– Dersom ein ikkje gjer noko, forsvinn alt. I år har produsentane fått dispensasjon til å bruke eit plantevernmiddel som elles ikkje lenger er godkjent. Utan dette ville det vore mykje øydelagde eple og store mengder som berre kunne brukast til saft, seier Jaastad. Ho legg til at rognebærmøllen nok har vore på ferde i mange privathagar.
– Eg snakka med ein økologisk produsent som ikkje hadde sprøyta – der var det 100 prosent skade, kommenterer Jorunn Børve.
Blodlus etablert i Noreg
Blodlus har òg vorte eit aukande problem i eplehagar.
– Blodlus blei tidlegare rekna som ein karanteneskadegjerar, men sidan 2016–2017 er dei funne kvart år og arten har no etablert seg i Noreg. Først på Austlandet og i Telemark, men etter kvart òg på Vestlandet, opplyser Jaastad.
Ho fortel at blodlus lagar ullkoloniar som kan redusere veksten til epletrea. I tillegg fører dei til sopp og klissete frukt.
– Blodlus kan lage gallar på røter og stammar, og er mest alvorlege for små tre. Det finst ingen plantevernmiddel som verkar godt. Nyttedyr kan redusere populasjonen, men ikkje kontrollere den. Snylteveps er ein av nyttedyra som kan ha ein viss effekt, legg ho til.
Lite plommer
– Plommer har store avlingsvariasjonar frå år til år, og denne sesongen er det lite plommer. Plommeprodusentane vil ikkje tene mykje i år, seier Jaastad.
– Vêrtilhøva har òg slått ut. På Vestlandet var det ein periode med mykje regn og vind, som førte til at plommene fekk skadar rundt stilken. Dette vart synleg først etter hausting, og førte til stor utsortering på fruktlageret. I Telemark har plommene derimot vore fine, kommenterer ho.
Skadegjeraren plommeviklar er i tillegg eit problem og han ser ut til å spreie seg.
– Plommeprodusentane har fått dispensasjon for å bruke feromonforvirring som eit tiltak mot plommeviklar, seier Jaastad.
Feromonforvirring er ein metode der dispenserar med kjønnsferomon (luktstoff som hoene slepper ut) vert hengt opp i frukthagane for å forvirre hannane, slik at dei ikkje finn hoene. Når dei ikkje får para seg legg ikkje hoene egg som blir til larver som igjen skader frukta.
– Fermonforvirring brukast i økologisk produksjon i andre land. For at det skal fungera godt, må alle hannane vera forvirra og difor bør metoden brukast over eit stort område over fleire år. Ein bør bruka feromonforvirring i alle fruktdistrikt med plommer og plommeviklar. Metoden er ikkje lov å bruka i privathagar, og vil nok ikkje virka godt. I ein hage med kanskje berre to plommetrær er neste tre kanskje 500 meter unna, og då er det vanskeleg å forvirra alle hannar, forklarar ho.
– Eg har tidlegare anbefalt bølgjepapp rundt trestammer for å fanga larvene som kryp oppover stamma på leit etter ein god overvintringsstad. Fangsten har likevel vore dårleg i forsøk dei siste åra. I eit nytt lite pilotprosjekt skal me testa om det er mogleg å vidareutvikla denne metoden slik at han blir meir effektiv.
Meir bladlus
Ifølgje Jaastad er det også mange som seier at det har vore meir bladlus enn vanleg.
– Truleg på grunn av varmen, kommenterer ho.
– Når bladlusa skil ut sukkervatn gir det lett grobotn for sopp. Blada blir svarte, og plommer og morellar får litt svarte flekkar. Unge tre kan miste mykje av veksten. Dersom maur er til stades, samarbeider dei med bladlusa, noko som gjer problemet større, påpeikar ho.
Ei anna utfordring som blir stadig meir alvorleg er teger som skadar frukt.
– Dei fører til at pærer og morellar blir deformerte og harde å bite i. Tegene er naturlege for Noreg, men dei finn stadig nye vertsplanter. I tillegg er bruken av insektmiddel redusert.
Jaastad seier produsentane ser på dette som eit svært alvorleg problem, fordi dei ikkje får seld frukta dersom ho ikkje oppfyller dei høge kvalitetskrava. Ein av tegeartene, raudfortega, er no eit aukande problem i frukt i fleire europeiske land.
Jaastad nemner også sommarfugllarver som eit problem, fordi dei òg kan skada skalet på eple og pærer.
– Dei fleste larvene går ikkje inn i frukta, men kvalitetskrava gjer at sjølv små skadar blir eit problem, seier NIBIO-forskaren.
Bekymra for neste sesong
Morellavlinga har vore relativt god i år. Men likevel trugar kirsebærfluga.
- På 1990-talet vart kirsebærfluga først oppdaga på Vestlandet, og no er ho eit stort problem. Ho legg egg i morellane og når larvene utviklar seg blir bæra useljelege. Det plantevernmiddelet som tidlegare vart brukt, vil forsvinne neste år. Då forventar ein at problemet vil bli endå større, seier Jaastad.
NIBIO-forskaren fortel at det finst gule feller mot kirsebærfluge, men ein må ha svært mange for at dei skal ha effekt.
– Mange dyrkar morell i tunnel, og dersom ein sett opp insektnetting frå etableringa av feltet, kan ein truleg stengje kirsebærflugene ute. Men risikoen er at ein stengjer flugene inne dersom dei allereie er til stades, og at ein stengjer ute dei insekta som er nyttige.
Eit prosjekt som undersøkjer mellom anna denne problemstillinga er no i gang.
Jaastad påpeikar at dei som har fått kirsebærfluge i år, vil få problem også neste år. Hol etter larver i morellane gjer at mykje må sorterast ut.
– Morellar med skade kan ikkje seljast og dermed taper produsentane, sjølv om ikkje heile avlinga går tapt.
Best resultat for eple
Når det gjeld avling, ser eplehausten i år veldig fin ut.
– Eple blir det mykje av i år. Vi trur det kjem inn på 12 000 tonn eller betre, seier Leif Øie, fruktlagerinspektør tilsett i Grøntprodusentenes samarbeidsråd. Øie påpeikar at det ser ut som produsentane har lukkast med sprøytinga mot rognebærmøllen.
Dagleg leiar i Telefrukt, Martin Holtskog, bekreftar at dei forventar eit godt volum med norske eple i år.
– Rubinstep-epla er enno ikkje hausta, men vi forventar å kunne selje ut i sesongen. Etterspurnaden styrer kor lenge dei varer – jo betre salet går, desto kortare tid. Vi reknar med at det kan halde fram til påske, men det kan òg strekkje seg til sankthans, alt etter korleis salet utviklar seg, opplyser han.
Når det gjeld plommer og morellar har avlingane ikkje vore like gode.
– For morellar har det vore bra på Austlandet, men på Vestlandet låg prognosen på 700 tonn, medan resultatet vart rundt 500 tonn. Kulda i blomstringa har gått ut over både morellar og plommer, seier Øie.
Nøkkelord
Kontakter
Gunnhild JaastadNIBIO / Divisjon for bioteknologi og plantehelse
Tel:(+47) 959 02 678gunnhild.jaastad@nibio.noBilder










Lenker
Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO
Potetens framtid sikres på Ås – lansering av nasjonal klonbank29.10.2025 09:09:27 CET | Pressemelding
5. november 2025 åpner NIBIO på Ås en nasjonal klonbank for 160 unike potetsorter. Levende plantemateriale blir bevart, renset og gjort tilgjengelig – til nytte for forskning, foredling og bønder. Bevaring av genetiske ressurser har stor betydning for norsk matsikkerhet.
Funfacts om jordbruket i DIN kommune: Finnmark29.9.2025 15:11:14 CEST | Pressemelding
Dersom man ikke kan skryte av å være størst, kan man skryte av at man er best på å være minst. I Finnmark foregår verdens nordligste matproduksjon i fylket med minst jordbruksareal. Bortsett fra Oslo, er Finnmark det eneste fylket som har mindre enn 200 000 dekar jordbruksareal, nærmere bestemt 146 457 dekar.
Funfacts om jordbruket i DIN kommune: Troms29.9.2025 14:47:46 CEST | Pressemelding
Troms har mer jordbruksareal enn både Telemark, Agder og Finnmark og er dermed Norges fjerde minste jordbruksfylke. Her foregår verdens nordligste jordbruk. Utfordringene viser seg blant annet i at 37 % av jordbruksarealet kan være ute av drift. Troms har 757 jordbruksforetak og et gjennomsnittsbruk er på 500 dekar. Selv om fylket i all hovedsak produserer gras til drøvtyggere, er det også områder som har spesialisert seg på grønnsaker og potet av høy kvalitet. Noen kommuner utpeker seg spesielt.
Funfacts om jordbruket i DIN kommune: Nordland26.9.2025 13:53:52 CEST | Pressemelding
Nordland har litt over 1700 jordbruksbedrifter. I snitt er et Nordlandsbruk på 430 dekar. Nordland har omtrent like mye jordbruksareal som Østfold, om lag 750 000 dekar. En viktig forskjell er at over 27 % av jordbruksarealet i Nordland kan være ute av drift mens det gjelder bare 5 % i Østfold. Likevel har Nordland flere aktive jordbrukskommuner. En av dem er Vestvågøy.
Funfacts om jordbruket i DIN kommune – Telemark25.9.2025 20:24:34 CEST | Pressemelding
Visste du at Telemark er det eneste fylket i Sør-Norge med mindre enn 200 000 innbyggere. Fylket har også minst jordbruksareal av alle fylkene sør for Nordland. Bare 1,9 % av arealet i fylket blir brukt til matproduksjon. Men det er to kommuner i fylket som når høyt opp i den norske jordbruksstatistikken:
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom