Statens vegvesen

Her skal Vegvesenet hindre flaum i framtida

Del

Statens vegvesen skal etablere ei stikkrenne på E39 Skrede i Jølster.

Pila viser kor på Skrede i Jølster Statens vegvesen skal montere ei stikkrenne. Kart: Statens vegvesen
Pila viser kor på Skrede i Jølster Statens vegvesen skal montere ei stikkrenne. Kart: Statens vegvesen

Ei stikkrenne er eit rør som leiar vatn under vegen.

– Eit kontinuerleg arbeid

– Å få på plass ei stikkrenne er ein del av det kontinuerlege arbeidet Statens vegvesen gjer for å sørge for at riks- og europavegane er klare for å ta imot både dagens og morgondagens trafikk.

– Å ha fungerande stikkrenner er viktig for å unngå oversvømming av vegen, noko som er ein del av dette samfunnsoppdraget, seier byggeleiar Heidi Strandos i Statens vegvesen.

– Null konsekvens er umogleg

Det er umogleg at vegarbeid får null konsekvens for trafikantane. Men Statens vegvesen gjer alt vi kan for å gjere ulempene i form av venting og redusert framkomst så små som mogleg, legg ho til.

– Derfor har vi lagt hoveddelen av dette arbeidet til natta, den tida av døgnet då det er minst trafikk. Vegen vert stengd natt til torsdag 28. august, frå klokka 23.00-06.00, med gjennomkøyringa klokka 04.00. Før dette, blir det det manuall dirigering frå klokka 21.00-23.00 onsdag kveld 27. august. Som ein del av førebuingane blir det korte stopp på dagtid 27. august.

– Dette er undeleg mykje enn større enn den einskildes utolmod

Statens vegvesen ber trafikantane på det sterkaste om å respektera trafikkdirigeringa.

– Vi har forståing for at venting kan vera frustrerande. Men hugs då på at dette er ein del av noko som er uendeleg mykje større enn ein sjølv og eins eige utolmod der og då. Det handlar om trafikktryggleiken for oss alle, både trafikantane og dei som jobbar på og langs vegen for at han skal vera sikker og framkomeleg ikkje berre i dag, men også i morgon. Og det er nettopp det drift og vedlikehald av vegnettet handlar om, avsluttar Strandos.

Dette er vegstrekninga

E39 Skrede i Jølster vert gjennomsnittleg trafikkert av 3.000 køyretøy per dag.

Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 21 prosent, eller 630, lange køyretøy (tungtrafikk).

Nøkkelord

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye