Statens vegvesen

Sjå video: Sølvguttene heldt konsert i Lærdalstunnelen

Del

Det er ikkje kvar dag det er live-musikk i verdas lengste vegtunnel.

Svanhild Ringheim, Statens vegvesen
Sølvguttene og dirigent i aksjon.

Men det var nettopp som det skjedde onsdag denne veka rundt klokka 12.00.

Då song det legendariske gutekoret Sølvguttene i om lag ti minutt i blåhallen nærast Lærdal, ei av dei karakteristiske stopplommene i tunnelen, med trolsk blått bakgrunnsljos.

Kvifor konsert inne i ein 24.509 meter lang tunnel?

Bakgrunnen for den uvanlege konsertstaden, var at Sølvguttene uansett skulle ha konsert på Tørvis Hotell i Marifjøra i Luster.

– I samband med at dei skal opptre hjå oss, freista me å få til konsertar også andre stader i Sogn. Ein av stadene eg ynskte å få til, var verdas lengste tunnel på 24.509 meter. Difor kontakta eg Vegvesenet for å høyra om det var mogleg med ei kort framføring i Lærdalstunnelen, seier hotelldirektør Bjarte Lie som sjølv har ein son i koret.

Fekk raskt ja

Praktisk tunnelforvaltar Kenneth Lyngsgård i Statens vegvesen undersøkte saka og kom raskt med eit svar som var musikk i øyra på både hotell og kor.

– Vi fekk ein førespurnad om eit både uvanleg og hyggjeleg kulturelt stunt i Lærdalstunnelen. Då slike arrangement kan påverka trafikken, må vi som vegeigar gje løyve. Ei så kort mellombels stenging i ein liten del av tunnelen midt på dagen fekk vi til. Det er hyggjeleg å kunna bidra i ei type sak vi ikkje har kvar dag, seier Lyngsgård.

Velklingande venting

Sølvguttene kom med ein buss som måtte parkera i ei stopplomme, og heile koret skulle av bussen. Difor var det på grunn av trafikksikkerheita naudsynt å stoppa trafikken og stenga tunnelen ved konsertstaden. Det var gjort med trafikkdirigering på kvar side av stopplomma medan konserten fann stad.

Sjåførane som måtte venta om lag ti minutt, vart bedne om å slå av motoren medan konserten fann stad.

– Statens vegvesen har alltid forståing for at trafikantane ynskjer ein harmonisk køyretur med så lite hakk i plata mogleg. Når dei fekk sjølvaste Sølvguttene som lydspor til denne korte ventinga, håpar vi trafikantane hadde ei fin køyreoppleving utan for mange sure tonar, avsluttar Lyngsgård med glimt i auga.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Sølvguttene hadde konsert i Lærdalstunnelen.
Uvanleg konsertstad. Foto: Svanhild Ringheim, Statens vegvesen
Last ned bilde
Sølvguttene hadde konsert i Lærdalstunnelen.
Frå venstre Sølvguttene sin dirigent, hotelldirektør Bjarte Lie og beredskapsrådgjevar Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Statens vegvesen. Foto: Svanhild Ringheim, Statens vegvesen
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye