Brannøving i E39 Bogstunnelen
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med brann, helse og politi, brannvernøving i Bogstunnelen onsdag 13. august.

Tunnelen er under oppgradering og har normalt desse tidene for ledebil og stenging:
¤ Manuell dirigering klokka 18.00-22.50. Ledebil, ventetid pả om lag 20 minutt.
¤ Stengt 22.50-04.00. Gjennomkøyring frå nord klokka 01.50 og 03.50, og frå sør klokka 02.00 og 04.00.
I samband med øvinga vert det ei ekstra stenging klokka 19.00-20.00.
Det vil bli brukt røykmaskin under øvinga, for å simulera røyk etter bilbrann i tunnel. Etter øvinga kjem røyken ut av tunnelen i begge retningar. Røyken vil vera synleg, men er heilt ufarleg og vil forsvinna raskt.
Trygg tunnel
– Vi har forståing for at stengde tunnelar kan skapa utfordringar for trafikantane. Men då er det viktig å minna om at vi gjer dette nettopp for dei, som ein del av vårt kontinuerlege arbeid, kvar dag, heile året, med å halda tunnelane trygge, seier brannvernleiar Kjetil Larsen i Statens vegvesen.
Det er krav i tunnelsikkerheitsforskrifta og for tryggleiksgodkjenning at vegvesenet skal halda slike beredskapsøvingar.
Samfunnsberedskap
Statens vegvesen er en del av den totale samfunnsberedskapen. Å førebu seg på andre situasjonar enn kvardagen er ein sentral del av dette.
– Vegdrift handlar om konsekvens. Vi gjer derfor det vi kan for at stengingar, både akutte og planlagde, skal bli så korte som mogleg, legg Larsen til.
– Beredskapsøving i tunnelar er eit døme på ei planlagd og naudsynt stenging. Ved å øva saman med naudetatane drillar vi våre rutinar og sørger for at beredskapslinjene er best mogleg førebudde den dagen ein situasjon skulle inntreffa, avsluttar han.
Øvingar som denne er ein av viktig del av Statens vegvesens samfunnsoppdrag med å syta for eit effektivt, trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett.
Dette er tunnelen
Den 3.482 meter lange Bogstunnelen på E39 ligg i Høyanger kommune i Vestland, på nordsida av Sognefjorden, ikkje langt frå Lavik ferjekai.
Tunnelen vart opna i 2004.
Han blir gjennomsnittleg trafikkert av 2.100 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 21 prosent, eller 100, lange køyretøy (tungtrafikk).
Kontakter
Kjetil LarsenBrannvernleiar, Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:921 12 311kjetil.larsen@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:952 45 839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Topptung markering8.8.2025 14:03:38 CEST | Pressemelding
Statsministeren markerte byggestart for ny E6 i Nordland. Milliardprosjektet Megården Sommerset er i gang.
Tester nye grep mot forsøpling på rasteplasser8.8.2025 12:49:15 CEST | Pressemelding
Hvordan få mindre søppel på rasteplasser?
Sprengningsuhell i anleggsområde, Kristiansand havn6.8.2025 17:59:24 CEST | Pressemelding
I forbindelse med sprengningsarbeid på prosjektet E18/E39 Gartnerløkka-Kolsdalen har det i dag oppstått et uhell i anleggsområdet ved havna i Kristiansand.
Informasjonsmøte for Rv. 22 Hafslund-Dondern – 13. august, kl. 18.006.8.2025 14:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og Isachsen Anlegg AS inviterer media til informasjonsmøte om fremdrift og påvirkning av omgivelsene i forbindelse med det pågående arbeidet med Rv. 22 Hafslund-Dondern.
Sandvikselva åpnes opp: Fisken får tilbake elva etter 150 år6.8.2025 12:51:51 CEST | Pressemelding
Rivingen av Bjørumdammen åpner opp ni kilometer av Sandvikselva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom