Fun-facts om jordbruket i Innlandskommunane - Sjekk NIBIOs Arealbarometer og finn ut korleis kommunen din gjer det på landbruksfronten!

Del

Eksempel frå Ringsaker: Etter kvart som mjølkebruka vart færre og større har mange gardsbruk lagt om frå mjølk til ammeku. Ringsaker er kommunen med flest ammekyr i heile landet, 3130 dyr i 2024.

Liberget i Ringsaker kommune. Ringsaker kommune er ein storprodusent av både korn og storfekjøt.
Liberget i Ringsaker kommune. Ringsaker kommune er ein storprodusent av både korn og storfekjøt. Elling Mjaavatten NIBIO

Ringsaker: Noregs leiande kommune for ammekyr 🐄 

Eksempel frå Ringsaker: Etter kvart som mjølkebruka vart færre og større har mange gardsbruk lagt om frå mjølk til ammeku. Ringsaker er kommunen med flest ammekyr i heile landet, 3130 dyr i 2024. Ringsaker er dessutan ein storprodusent av slaktekylling med over 4,5 millionar kyllingar og ligg på fjerdeplass i Noreg.  

Men det er ikkje berre når det gjeld dyr at Ringsaker kjem høgt opp i statistikken. Kommunen har nesten 205 000 dekar jordbruksareal og er dermed den kommunen i Noreg som har nest størst jordbruksareal, berre slått av Indre Østfold. 16 prosent av arealet i Ringsaker vert nytta til jordbruk, litt under halvparten til korn og halvparten til gras. Ringsaker har og mykje produktiv skog. 

Ringsaker har det fjerde største kornarealet av alle norske kommunar og er eit viktig kornkammer for landet. Innlandet var fylket med størst kornareal i 2024 med 23 %. Akershus hadde 21 % av kornarealet og Østfold 20 %. Desse fylka er dei viktigaste kornfylka i Noreg. 

Fleire Innlandskommunar på jordbrukstoppen 

Innlandet har fleire kommunar som kjem høgt opp i den norske jordbruksstatistikken. Fire av dei fem største potetkommunane i Noreg ligg i Innlandet: Grue, Åsnes, Våler (i Innlandet) og Østre Toten. Østre Toten er i tillegg den kommunen i Noreg som har mest areal med grønsaker på friland. Noregs største skogkommune, Trysil, ligg òg i Innlandet. Kommunen har 1 900 kvadratkilometer med produktiv skog. Totalt dekker skogen tre fjerdedeler av alt areal i Trysil.  

Finn tal for din kommune - supert agurkstoff i sommar-månadane 

Tal for din kommune finn du i NIBIO sitt Arealbarometer, ei skattekiste med lett tilgjengeleg statistikk om landbruk og skogbruk din kommune, ditt fylke og for heile landet. Her kan du finna nøkkeltal framstilt på ein lettfatteleg og oversiktleg måte. Mange av tala er og illustrert med enkel grafikk. Samanlikn med nabokommunen eller med tal for fylket og landet.  

  • Kor mykje skog, jordbruksareal og bebygd areal er det i din kommune? 

  • Kva vert dyrka og kor mange husdyr finst det i kommunen din?  

  • Kva er kvaliteten på jorda (tilgjengeleg i om lag 50 % av landet)? 

  • Kor mykje jord kan dyrkast opp til nytt jordbruksareal i din kommune? 

  • Verdiskaping i jordbruket (berre tilgjengeleg for utvalde fylke).  

Meir informasjon om arealbarometeret: https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/arealbarometer  

Arealbarometer for Innlandet fylke: https://arealbarometer.nibio.no/nb/fylker/innlandet/    

Ønsker du tilgang til regnearket me har nytta for å samanlikna herad frå heile landet? Send forespørsel til: hege.ulfeng@nibio.no  

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Liberget i Ringsaker kommune. Ringsaker kommune er ein storprodusent av både korn og storfekjøt.
Liberget i Ringsaker kommune. Ringsaker kommune er ein storprodusent av både korn og storfekjøt.
Elling Mjaavatten NIBIO
Last ned bilde

NIBIO - Norsk institutt for bioøkonomi

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forsker og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon, miljø, kart, arealbruk, genressurser, skog, foretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi. 

Bioøkonomi er en økonomi basert på biologiske ressurser fra jord, skog og hav. Gjennom forskning og kunnskapsproduksjon skal instituttet bidra til matsikkerhet, bærekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innenfor verdikjedene for mat, skog og andre biobaserte næringer. Instituttet skal levere forskning, forvaltningsstøtte og kunnskap til anvendelse i nasjonal beredskap, forvaltning, næringsliv og samfunnet for øvrig. NIBIO skal være nasjonalt ledende for utvikling av kunnskap om bioøkonomi. 

NIBIO er et statlig forvaltningsorgan med særskilte fullmakter og eget styre, underlagt Landbruks- og matdepartementet. Hovedkontoret er på Ås. Instituttet har flere regionale enheter og et avdelingskontor i Oslo. 

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) ble opprettet 1. juli 2015 som en fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap. 

https://nibio.no/om-nibio/om-oss 

Følg pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye