Europavisjonar - musikk og politikk
13.2.2025 12:45:00 CET | Det Norske Teatret | Pressemelding
Nyare europeisk politikk fortalt gjennom ein Eurovision-finale

På Det Norske Teatrets Hovudscene stig Eurovision-feberen. Frå 1. mars blir det finale kvar kveld. Finalistane er statsleiarar frå heile Europa gjennom dei siste 35 åra, som syng sine visjonar til Eurovision-tonar.
EUROPAVISJONAR
av Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud og Oda Radoor
URPREMIERE 1. MARS KL. 17.30
PÅ HOVUDSCENEN
Vi startar med Berlinmurens fall i 1989, da tanken om eit sameint Europa for alvor blei ein realitet. Demokrati og liberale verdiar skulle spreie seg til heile kontinentet som eit kollektivt gode, og ideologiane blei erklærte døde. I Europavisjonar ser vi nærmare på korleis det gjekk, når finalistane syng sine visjonar for Europa gjennom hits frå Eurovision i same tidsperiode. Kven som har den beste visjonen, er det publikum som avgjer.
EI LITA OPPSUMMERING FRÅ 1989 TIL I DAG HER.
Paljettar og politikk

Eurovision-nerd Simen Formo Hay har saman med Oda Radoor og Johan Hveem Maurud fått oppfylt draumen om å arrangere Eurovision i det som både blir ei blanding av ein teaterkonsert, politisk satire og ei fjernsynssending. Programleiarar, kommentator, floormanager og kamerafolk er på plass under "sendinga". I green room går det føre seg politisk småkjekling, posisjonering, drikking og flørting. På scenen vil 18 songsterke aktørar framføre storslagne, velregisserte og paljettglinsande nummer heilt i tråd med sjangeren.
Cårejånni Enderud har kostymeansvaret, og vil sørge for at Eurovision-vibbane når til bakerste rad. Enderud har ei lang merittliste, også frå Grand Prix, både her heime og i dei internasjonale finalane.

Konkurransen går føre seg mellom ulike mektige personar og statsleiarar frå Europas nyare historie, som Jens Stoltenberg, Angela Merkel, Tony Blair og Silvio Berlusconi. Alle har som formål å overtyde publikum om at deira visjon bør vinne. Men det blir drama i greenroom, og utfallet av konkurransen er på ingen måte gitt på førehand.
Frå håp til håpløyse

- Vi lever jo i ei tid med opprusting og store politiske spenningar i Europa, seier regissør Simen Formo Hay.
Han har tidlegare regissert Døden på Oslo S. på Økernsenteret med stor suksess. Med Europavisjonar vil han forsøke å gi publikum ei forståing av vår felles nyare historie, og samtidig reflektere over kvifor vi er gått frå glasnost og håp til opprusting og framtidspessimisme.
LES HEILE INTERVJUET HER.
Politikk og ESC-hits
Europavisjonar vil også få gjesteopptredenar frå politiske aktørar på verdskartet som er med på å påverke retninga Europa tar. I denne politiske satiren vil vi få eit gjensyn med politiske storheiter, men også dei som kanskje har gått i gløymeboka. Kven hugsar til dømes finansminister Yannis Varoufakis, som gjekk på tiggerferd Europa rundt etter finanskrisa som slo økonomien i Hellas ut? Europavisjonar er ein effektiv og glitrande historietime for alle som treng å forstå kvifor det politiske kartet i Europa ser ut som det gjer i dag. Det blir gøy, lærerikt, fengjande, provoserande – og forhåpentlegvis samlande. Europa treng oss no!
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder
































Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Pride på Det Norske Teatret16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Pride up med den britiske komikaren Morgan Rees i følge med Adam Schølberg, Isalill Kolpus og fleire er sjølve hovudattraksjonen når Det Norske Teatret held ope under Pride.
Pelicot-rettssaka som teater opnar Heddadagane8.6.2026 06:30:00 CEST | Pressemelding
Pelicot-rettssaka kjem til Oslo for berre ein kveld, og opnar med det teaterfestivalen Heddadagane på Det Norske Teatret.
Kva har 22. juli hatt å seie for ettertida?5.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
I år er det 15 år sidan terroren i regjeringskvartalet og på Utøya. Kva var det som engasjerte ungdommen som var på Utøya den gongen? Og korleis har det prega ungdommeleg engasjement i dag?
Kongsberg Gruppens årsrapport blir teater18.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
"Kongsberg Gruppen har levert rakettvekst i flere år", skreiv Finansavisen 6. mai. Og det er nettopp dette som er utgangspunktet for teaterframsyninga, eller bedriftseventet, Det har vore eit fantastisk år: Kongsberg Gruppens gode resultat, og det faktum at staten og vi alle eig 50,004% av aksjane i milliardbedrifta. Kva gjer det med oss? Kva seier det om oss og tida vi lever i?
Trine Skei Grande ny styreleiar ved Det Norske Teatret27.4.2026 10:14:02 CEST | Pressemelding
26. april gjennomførte Det Norske Teatret årsmøte, og valde Trine Skei Grande til ny styreleiar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom