Det Norske Teatret

Den fjerde internasjonale Fossefestivalen – DIFF – meir slagkraftig enn nokon gong

Del

DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - blir i år arrangert for fjerde gongen med eit knallsterkt program. Både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang kan oppleve Jon Fosses verk og avtrykk i scenekunsten på nært hald gjennom ein ni dagar lang festival.

Jon Fosse med illustrasjonen Kristian Hammerstad har laga for Det Norske Teatret, fotografert av Thomas Ekström for The New York Times.
Jon Fosse med illustrasjonen Kristian Hammerstad har laga for Det Norske Teatret, fotografert av Thomas Ekström for The New York Times.

DIFF - DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN
5. – 13. september 2025
arrangert av Det Norske Teatret og Samlaget
I OSLO

- Kva gjer det at ein forfattar får Nobelprisen i litteratur? For Jon Fosse har det ført til fulle teatersalar. Publikum har fått opp auga for forfattaren, men også teatermannen Fosse, internasjonale media følgjer norsk teater og vi blir inviterte ut i Europa, seier teatersjef Kjersti Horn, som for tida er i ferd med å sende si eiga oppsetjing av Einkvan til London.

– Med den fornya interessa, er det med stor glede og forventning at eg for første gong kan invitere til DIFF. Med Fosse som rettesnor vil festivalen rette søkelyset mot eksistensielle spørsmål, det usagde og det universelle i mellommenneskelege relasjonar. Vi vil utforske nye tolkingar av Fosses verk og invitere til å senke tempoet, lytte, føle og reflektere, seier den ferske festivalsjefen.
- Årets festival tar opp tema som klasse, alderdom, annleisheit og døden. Det er mykje alvor. Men i Fosses verk er det også mykje humor, og det håpar eg denne festivalen vil løfte fram.

Urpremiere på nytt Fosse-stykke

Det Norske Teatret har premiere på to eigne Fosse-framsyningar under festivalen – Vinter og Skodespelet. Den unge belgiske regissøren Lisaboa Houbrechts er eit spennande namn frå det sentraleuropeiske scenefeltet. Stykka hennar er ofte kjenneteikna av ei blanding av ulike disiplinar, og ho tar med seg ein spennande kreativ gjeng til Noreg for å iscenesette Vinter.

Skodespelet er eit splitter nytt, og litt u-Fossesk teaterstykke som kanskje ikkje så uventa går føre seg på ei kai. To par ventar på båten - så dukkar ein teatertrupp opp.

Dramatiseringa av den svenske romansensasjonen Ett ord för blod av Faysa Idle, søstera til leiaren i det svenske Shottaz-nettverket, får også noregspremiere under festivalen i samarbeid med Riksteatret.

Internasjonale gjestespel

I år tar festivalen også pulsen på europeisk scenekunst i breiare forstand, og har henta inn nokre av dei fremste, mest nyskapande og originale framsyningane innan europeisk teater akkurat no. Frå Schauspiel Köln kjem Kay Voges oppsetjing av Fosses Namnet. Frå Schaubühne Berlin kjem regissør Thomas Ostermeiers oppsetjing av Kven drap far min? av og med Édouard Louis. Frå Sverige kjem teaternestoren Etienne Glaser, som skal framføre monologen Slik var det. 87-åringen filosoferer rundt dei store spørsmåla om livet og døden.

Festivalprofil: Édouard Louis

For første gang har DIFF invitert ein festivalprofil som vil vere æresgjest under heile festivalen. I år er dette Édouard Louis, den franske litterære superstjerna, som gir stemme til dei som ikkje har ei tydeleg røyst sjølve. Han vil vere på plass under heile den ni dagar lange festivalperioden og vil prege både det kunstnarlege programmet og diskusjonane i tilknyting til festivalen. I tillegg står han sjølv på scenen og framfører forteljinga om sin eigen far i Kven drap far min, som gjestar frå Schaubühne Berlin.
Les meir om Édouard Louis som festivalprofil.

- Eg hadde ikkje anna val enn å spele skodespel, skriv Édouard Louis i denne teksten om teater, som han har skrive spesielt for DIFF.

Samtalar, paneldebattar og frynsearrangement

I tillegg til det kunstnarlege programmet, blir det sjølvsagt også panelsamtalar, fagprogram og kunstnarmøte. Det blir lansering av Vaim, den første romanen Fosse gir ut etter nobelprisen i litteratur, det blir sidersmaking, Grotte-vandring og mykje anna i det som blir ein scenekunstfestival som løfter nye sider ved Fosse og vil gi mange og ulike vegar til Fosses litteratur.
Programmet vil bli oppdatert med fleire framsyningar og arrangement.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Framsyningsfoto: Der Name
Framsyningsfoto: Der Name
Marcel Urlaub
Last ned bilde
Édouard Louis
Édouard Louis
Aschehoug
Last ned bilde
Framsyningsfoto: Så var det
Framsyningsfoto: Så var det
Håkan Larsson
Last ned bilde
Last ned bilde
Vinter uttrykk
Vinter uttrykk
Christian Houge
Last ned bilde
Framsyningsfoto: Qui a tué mon père
Framsyningsfoto: Qui a tué mon père
Jean Louis Fernandez
Last ned bilde
Jon Fosse
Jon Fosse
Last ned bilde
Skodespelet uttrykk
Skodespelet uttrykk
Det Norske Teatret
Last ned bilde

Lenker

Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret

Kronprinsesse Mette-Marit kjem til Fossefestivalen DIFF9.9.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding

Fossefestivalen DIFF 2025 har trekt eit rekordhøgt antal publikum. Opningshelga var smekk full med Fosse-premierar, samtalar og gjestespel. Tilbakemeldingane har vore overstrøymande frå både teaterentusiastar og kritikarar. Men det er fleire høgdepunkt i vente. DIFFs høge beskyttar Kronprinsesse Mette-Marit er venta til festivalen i morgon, onsdag, for å oververe lesesirkelen som tar for seg romanen Naustet av Jon Fosse.

DIFF: Slagkraftig Fossefestival1.9.2025 15:16:43 CEST | Pressemelding

DIFF - Den internasjonale Fossefestivalen - framstår i si fjerde utgåve både i ny drakt og meir slagkraftig enn nokon gong. Festivalen har fått HKH Kronprinsesse Mette-Marit til høg beskyttar og litteratursensasjonen Édouard Louis som årets æresgjest. Med eit stjernespekka program, knallsterke framsyningar og internasjonale gjestespel vil både kjennarar og dei som møter verka hans for første gang få rikeleg med påfyll.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye