Lagar teater om pride-terroren
23.6.2025 07:00:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
- Eg har kjensla av at det ligg noko her som vi ikkje snakkar om, seier dramatikar og regissør Nina Wester. Det er terroren som roka under Oslo Pride 25. juni i 2022 ho siktar til. Det vi ikkje snakkar om, ønskjer ho no å få fram i lyset og opp på scenen. I 2027 blir det teater, men først er ho ute etter å sanke inn historier og stemmer frå ulike lag av befolkinga.

Laurdag 25. juni 2022 skyt ein mann mot folk på utestadene London Pub og Per på hjørnet, midt i Oslo sentrum. Det er natta før den store paraden som avsluttar Oslo Pride. To menneske blir drepne, minst 21 blir skada før mannen blir lagt i bakken av folk på staden. To år seinare blir gjerningsmannen dømt for grov terror og lovas strengaste straff. No har det snart gått tre år. For mange har livet gått vidare.

Hatet lever vidare
Men nokon sit igjen og lurar på kvifor vi ikkje snakkar meir om hatet. Det som får nokon til å bruke «homo» som skjellsord, brenne pride-flagg eller slå ned menn som held hender. Hatet som får nokon til å skyte mot menneske på ein utestad ei sommarnatt. Hatet mot skeive. Målet til regissørener å bruke teaterrommet til å prøve å forstå kva som skjedde og konsekvensane av det, både for enkeltpersonar og for samfunnet.

- Negative haldningar til skeive spirer og gror, ikkje berre i høgreekstreme eller strengt religiøse miljø, men også der. Og den diskusjonen må vi tore å ta. Eg er på jakt etter det som ligg skjult her, og har ikkje svara enno, seier Wester.
Les heile intervjuet her!
Ønskjer kontakt med publikum
Ho treng publikums hjelp i prosjektet, der Wester både skal skrive manus og ha regi. No er ho i den tidlege fasen, der ho sirklar inn emnet ho skal undersøke.
- Dersom nokon meiner de har noko å seie om Pride-terroren vil eg gjerne høyre ifrå dei, seier Wester.
Har du ei historie du vil dele med Nina Wester? Ta kontakt på:
ninawester@hotmail.com
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder



Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
Medmenneske opnar Olav Duun-året 20268.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
På Det Norske Teatrets Hovudscene blir Medmenneske ein suggererande, psykologisk thriller om ein kalkulerande svigerfar som spinner ut eit nett som provoserer den hjartegode Ragnhild til ei grufull handling.
Serhat Yildirim tek over for Jonas Benyoub5.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Jonas Benyuoub trer til side og gir hovudrolla i suksessframsyninga Da vi var yngre vidare til skodespelar Serhat Yildirim.
Julian Blaue om kunst og sjalusi4.12.2025 14:55:31 CET | Pressemelding
Scenekunstnaren Julian Blaue og forfattaren Edy Poppy er begge kjende for å nytte sine eigne liv i kunsten sin. No kjem kunstnarparet til Scene 3 med ei framsyning om sjalusi, kunstnarleg avundsjuke og kva teater eigentleg er.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom