Det Norske Teatret opnar under Pride
19.6.2025 11:54:00 CEST | Det Norske Teatret | Pressemelding
- Å stå saman i kampen for likeved og retten til å elske den ein vil, er ein viktig verdi heile året. Eg er veldig glad for at vi i år kan vere med på å markere dette ekstra under Pride, seier teatersjef Kjersti Horn, som for første gong opnar huset under Oslo Pride.

Det Norske Teatret har i utgangspunktet gått inn i sommardvale - men i år opnar huset dørene under Oslo Pride. Det blir utstilling, konsert, samtalar, kostymesal og urpremiere på teaterframsyninga How to make love.
PROGRAM PRIDE ♥ DNT
Opning, panelsamtale og konsert
23. juni kl. 17.00

Kjersti Horn vil stå for den offisielle opninga, og deretter blir det minikonsert med Oslo strykekvartett.
I samtalen Å ville leve som seg sjølv vil fiolinist Liv Hilde Klokk, forfattar og fotograf Knut Langeland, tidlegare toppidrettsutøvar Stian Grastveit og skodespelar Geir Kvarme snakke om det å vere skeiv før og no. Journalist Erik Aasheim vil leie samtalen.Les meir.
TEATER: HOW TO MAKE LOVE
av Tani Dibasey
Urpremiere 23. juni kl. 18.30
Blir også vist:
24. juni kl. 14.00, og 19.45
25. juni kl. 17.00 og 19.30

Korleis er det å vere ung, muslim, og homofil?
Er det mogleg å utforske sensualiteten din, dersom du heile livet har blitt lært kva det vil seie å vere mann, kva det betyr å bli akseptert, kva som er lov, kva som er haram og kva det vil seie å elske?
To unge menn med afrikansk oppdraging og religiøs bakgrunn utfordrar verdiane og og perspektiva sine når dei blir oppmuntra til å utforske sensualitet i lag med ein person som er i prosess med å bli fri.Les meir.
Utstilling med Bjørn O. K. Langeland
23. - 25. juni

Dei fargerike og kontrastfylte måleria til kunstnaren Bjørn O.K. Langeland (1943 - 2023) vil pryde foajeen i teateret.Les historia om Langeland her.
Partileiardebatt - Skeiv valdebatt
24. juni kl. 17.00

I 2025 er det stortingsval, og sjeldan har skeive sine liv og rettar vore under sterkare angrep både i Noreg og internasjonalt.
Vi tek debatten!Les meir.
Skeive flyktningars veg mot integrering og likeverd
24. juni 11.00 - 13.30

Korleis går det eigentleg med dei skeive flyktningane i Oslo, og kva for integreringsrelaterte utfordringar står dei overfor i byen vår?
Korleis arbeider integreringsaktørane i Oslo med skeive flyktningar?
Oslo kommune vil også lansere HAILI-prosjektet - handlingsplan for integrering av LHBTIQ+-deltakarar i introduksjonsprogram.Les meir.
Intimkonsert med Jeremy Dutcher
24. juni kl. 18.30

Jeremy Dutcher er ein klassisk trena tenor, «Two Spirit» songberar, multikunstnar, aktivist og medlem av Neqotkuk (Tobique First Nation) i Aust-Canada. Under Oslo Pride kan du oppleve denne prisvinnande canadiske artisten på Det Norske Teatret.
Nøkkelord
Kontakter
Ida MichaelsenInformasjonssjef
Tel:414 45 345ida@detnorsketeatret.noÅsne Dahl TorpInformasjonskonsulent
Tel:986 23 573aasne@detnorsketeatret.noBilder













Lenker
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Følg pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Det Norske Teatret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Det Norske Teatret
Søkelyset på Palestina29.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
I samband med framsyninga Gjenferdet inn blir Scene 3 og Det Norske Teatret åstad for ei rad arrangement og kunsthendingar med Palestina som utgangspunkt. Først ut etter premieren på Gjenferdet inn, er solidaritetskonserten Lengselssong og vinterstorm og Marte Heian-Engdals Gazaliv.
Situasjonsrapport frå eit tilvere som ikkje er til å halde ut23.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
Som ein perfekt dramatisk slutt på Lars Norén sin kunstnarskap, låg det tre uspelte drama på skrivebordet hans da han gjekk bort i 2021. Kommunion er eitt av desse, og Det Norske Teatret er først ut med å sette stykket opp i Noreg etter den svenske urpremieren i fjor.
Medmenneske opnar Olav Duun-året 20268.1.2026 07:00:00 CET | Pressemelding
På Det Norske Teatrets Hovudscene blir Medmenneske ein suggererande, psykologisk thriller om ein kalkulerande svigerfar som spinner ut eit nett som provoserer den hjartegode Ragnhild til ei grufull handling.
Serhat Yildirim tek over for Jonas Benyoub5.12.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Jonas Benyuoub trer til side og gir hovudrolla i suksessframsyninga Da vi var yngre vidare til skodespelar Serhat Yildirim.
Julian Blaue om kunst og sjalusi4.12.2025 14:55:31 CET | Pressemelding
Scenekunstnaren Julian Blaue og forfattaren Edy Poppy er begge kjende for å nytte sine eigne liv i kunsten sin. No kjem kunstnarparet til Scene 3 med ei framsyning om sjalusi, kunstnarleg avundsjuke og kva teater eigentleg er.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom