Dette forska sjukehusa på i 2024
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.

– Denne rapporten viser kor viktig det er at forsking og innovasjon er tett integrert med pasientbehandlinga, seier Vestre.
Renate Grüner, forskingsdirektør i Helse Vest sa ved overrekkinga at det å utvikle og ta i bruk ny kunnskap, er viktig for at helsetenesta skal kunne tilby betre og meir målretta behandling for pasientane, og nytte ressursane på best mogleg måte, i dag og i framtida.
Farmasøyt i akuttmottak for å styrke pasienttryggleiken
Eit av prosjekta som blei lagt fram, var Sykehusapotek Nord sitt prosjekt Farmasøyt i akuttmottak, som ser på erfaringar og oppfatningar rundt å ha ein farmasøyt som del av det tverrfaglege teamet i akuttmottaket. Farmasøyten passar på at legemidla blir tilpassa pasienten si tilstand og behov, og gir god informasjon til pasientane om riktig legemiddelbruk.
Legemiddelrelaterte oppgåver er tidkrevjande og kan ikkje alltid bli prioritert av legen. Prosjektet viser at det å ha ein farmasøyt til stades i akuttmottaket, kan styrke pasienttryggleiken og blir oppfatta positivt av både legane, sjukepleiarane, farmasøytane og pasientane.
Helsenæring – samarbeid med industri og næringsliv
Regjeringa sitt Veikart for Helsenæring (2023) peikar på at offentlege helsetenester sørger for tryggleik i kvardagen, men at næringslivet har ei viktig rolle som medspelar for vår felles helseteneste. Offentlege helse- og omsorgstenester kan dra nytte av innovasjonskrafta, kompetansen og ressursane som finst i bedrifter, både i Norge og i utlandet. I rapporten blir det presentert tal som viser korleis norske sjukehus samarbeider med industri og næringsliv, både om forsking og innovasjon, noko helseministeren var oppteken av:
– For å nå dei helsepolitiske måla er vi avhengige av at eit tett samarbeid blir utvikla mellom næringslivet og vår felles helseteneste. At 40 prosent av innovasjonsprosjekta hadde samarbeid med ulike delar av næringslivet er bra, mens på forsking ser vi at det framleis er eit potensial for meir, seier Vestre.
Nær 400 forskings- og innovasjonsprosjekt som får midlar frå Helse- og omsorgsdepartementet via dei regionale helseføretaka, har samarbeid med ulike delar av næringslivet. I rapporten kjem det fram at mens dei fleste av innovasjonsprosjekta samarbeider med aktørar innan IKT og digitalisering, er denne samarbeidsflata ikkje dominerande for forskingsprosjekta, der det i større grad er samarbeid med medisinsk-teknisk utstyrsindustri og legemiddelindustrien. I tillegg til prosjekta med regional finansiering kjem 456 prosjekt med rein oppdragsforsking, der over 80 prosent er legemiddelstudiar.
Satsing på psykisk helse
Psykisk helse utgjer det nest største området i tildeling av forskingsmidlar frå dei regionale helseføretaka, med 79 millionar kroner tildelt i 2024, fordelt på 378 prosjekt. Forskarane har svart på kva diagnosar dei forskar på innan psykisk helse. Flest forskar på komorbiditet mellom psykiske og somatiske lidingar, stemningslidingar og psykoselidingar. Ved Stavanger universitetssjukehus har dei til dømes forska på korleis ein kan forstå tidlege teikn, og identifisere dei som har stor risiko for å utvikle psykose. Ved å starte behandling i poliklinikk for desse pasientane kan ein unngå alvorleg sjukdom.
Brukarmedverknad er og sentralt innan forsking på psykisk helse. Heile 97 prosent av midlane som går til dette fagfeltet går til prosjekt med brukarmedverknad.
Renate Grüner var nøgd etter å ha overlevert rapporten til helse- og omsorgsministeren:
– Rapporten syner at det er høg forskings- og innovasjonsaktivitet i sjukehusa, og det er verkeleg kjekt å få vist fram slike gode døme på forsking direkte til statsråden, seier ho.
Nøkkelord
Kontakter
Torunn Hole OlsnesSpesialrådgivarHelse Vest
Tel:91137945torunn.hole.olsnes@helse-bergen.noLenker
På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet lagar dei fire regionale helseføretaka kvart år rapporten «Forskning og innovasjon til pasientens beste – Nasjonal rapport fra spesialisthelsetjenestene».
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
Trusselvurdering 2025: Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta6.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag blir trusselvurderinga for spesialisthelsetenesta publisert. Trusselvurderinga belyser truslar knytt til utpressing, løysepengevirus, cyberspionasje, destruktive cyberangrep og sabotasje som kan ramme sjukehusa.
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest9.4.2025 13:23:18 CEST | Pressemelding
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom