Riksantikvaren

36 prosjekt frå kyst og landbruk får tilskot

Del

Riksantikvaren fekk heile 112 søknader om verdiskapingsmidlar til prosjekt innanfor mellom anna kyst og landbruk. No er det klart kva 36 prosjekt som får tilskot i 2025.

Kyst- og landbruksmiljø på Selje.
Kysten og landbruket har vore ein viktig del av Norges historie. No er tilskota frå Riksantikvaren klare. Trond Isaksen, Riksantikvaren.

– Dei historiske spora langs kysten og i landbruket er noko av det som gjer oss til Noreg.  Eg er glad for at det er så mange som vil vere med på å gjere ein innsats for kulturarven vår. Prosjekta som no får støtte, skal bidra til glede og nytte for lokalsamfunn over heile landet. Dette er også i tråd med dei nye bevaringsstrategiane, som vi lanserte tidlegare i år, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Midlane til verdiskaping i 2025 er på 12 millionar. Riksantikvaren fekk inn søknader på over 50 millionar til saman. Hovudvekta av søknadene er knytt til dei nye bevaringsstrategiane for kulturmiljøa i kysten og landbruket.

- I Noreg har vi levd ved og av havet til alle tider, og sjøen var riksvegen vår nummer éin. Samtidig har kulturarven som viser bruken av jorda, skogen og reinen, vore avgjerande for menneske til alle tider, seier riksantikvar Hanna Geiran. 

Bevaringsstrategiane er eit hovudgrep for samarbeid mellom sektorar, offentleg forvaltning, frivillige og private aktørar om prioriterte kulturmiljø. Strategiane skal gi innsats i heile landet og retning for framtidas forvaltning av kulturmiljø.


Desse har fått tilskot

Prosjektene langs kysten spenner frå små og opne båtar langs heile kysten til samarbeid mellom aktørar på dei gamle handelsstadene. Dei største tilskota går til prosjekt i Agder og arbeidde med uthamnene, og i Sunnhordaland der dei jobbar med ny bruk av naust og sjøhus. 

Dei største tilskota til prosjekt i landbruket går til aktivisering av eit markesamisk kulturmiljø i Troms, ny kunnskap og formidling om vikingvegen i Vestfold og auka kunnskap om ny bruk av gamle låvar i Innlandet. 

Verdiskapingsarbeidet til Riksantikvaren skal framheve kulturmiljø som ressurs for lokal og regional utvikling.  Samarbeid over fag og sektorgrenser skal sikre berekraftig forvaltning av kulturmiljøa over tid.

Prosjekt Tilskot Tilsegn 2026 Søker
Kystkultur, uthavner og europeisk kulturell rute 700000 500000 Agder fylkeskommune 
Kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland  250000 500000 KIK Sunnhorland v/Sveio kommune
Tradisjonsbåter ved musea 450000 0 Hardanger og Voss museum 
Vibrandsøy 500000 0 Haugesund kommune
Vitalisering av Kaperdalen 300000 0 Stiftelsen Midt-Troms Museum 
Ein bit av historia 500000 0 Møre og Romsdal fylkeskommune 
Fotefar mot nord 500000 0 Nordland fylkeskommune 
Veileder for bærekraftig bevaring og bruk  av sjøhus 400000 400000 Rogaland fylkeskommune 
Låvar med liv – fornya bruk av gamle driftsbygningar 165000 0 Lille Epoke Arkitekter AS
Analyse av trehuskvartalet Kirka og havnepromenaden  330000 0 Eigersund kommune
Østnorske tradisjonsbåter 300000 0 MiA - Museene i Akershus
Handelssteder og gjestgiverier langs kysten 300000 450000 Forbundet KYSTEN
Ro Pilegrim 300000 0 Nordmøremusea
Stad i 4000 år 300000 0 Stad kommune 
Fra vern til verdi  200000 0 Øvre Eiker kommune 
Istrehågan - Jåbergskogen  300000 0 Vestfold fylkeskommune
Kulturarv under press: ytterkysten av Øygarden på Sunnmøre 250000 0 Universitetet i Bergen (UiB)
Hemsedal: verdiskaping gjennom besøksforvaltning 250000 0 Hemsedal kommune
Leidangens kulturmiljø  250000 0 Stavanger universitet og Arkeologisk museum
Landsbyovernatting 2025 200000 0 Fyresdal kommune 
Lys i Gamle Hus - Søknad om oppstart/forprosjekt fase 2 250000 0 Fortidsminneforeningen 
Herdalssætra og verdsarven – moglegheiter og verdiskaping 225000 0 Stiftinga Geirangerfjorden Verdensarv
Levende kystkultur på Kvitsøy  200000 0 Kvitsøy kommune
Fra handel, post og ekspedisjon til kulturminnesenter 200000 0 Universitetetsmuseet i Bergen
TÆL - der verdier skapes og kurset "Varsko her" 225 000 500000 Trøndelag fylkeskommune 
Gjenbruk av sjå i Vardø 100000 0 Sentrum brygge AS
Gamlebyen i Drammen - kulturmiljø som ressurs  500000 0 Byen vår Drammen 
Kulturvernforbundet  - regionalt nettverk 300000 200000 Norges kulturvernforbund 
Innovativ tresatsing i Innlands-tradisjon (INNotrad) 500000 0 Innlandet fylkeskommune 
Til Vipetangen! Flytting av bygg til bydel på Brekstad   400000 0 Trøndelag fylkeskommune 
Knutepunkt for kunnskap 2025 - 2027 300000 0 Vestland fylkeskommune 
Kartlegging og bevaring i Pitesamisk område 300000 0 Pitesamisk museum 
Lys i Gamle Hus - søknad om avslutning av første fase 500000 0 Fortidsminneforeningen 
Nasjonalt postvegprosjekt  300000 0 Møre og Romsdal fylkeskommune 
Sametinget - rådgjeving 500000 0 Sametinget 
Fotefar mot nord - tiltak i Troms 400000 0 Troms fylkeskommune 

Kontakter

PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.

Tel:404 65 153

Bilder

Kyst- og landbruksmiljø på Selje.
Kysten og landbruket har vore ein viktig del av Norges historie. No er tilskota frå Riksantikvaren klare.
Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Hysvær på Vega.
Sjøvegen, naust, sjøhus og ferie og fritid langs kysten er viktige tema i arbeidet med kystens kulturmiljø.
Trond Isaksen, Riksantikvaren.
Last ned bilde
Jordbrukslandskap i Rygge.
Bygningar, landskap, skogen og kulturmiljø etter reindrifta er viktige tema i landbrukets kulturmiljø
Jan Holonen.
Last ned bilde

Lenker

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye