Sounds Like Gold

HEKATE slepper "Nordavinden" – siste singel før debutalbum med norsk folkemusikk i hekseklede

Del

I natta og mørket herskar Hekate. Beståande av tre kroppar med kvar sine særskilde eigenskapar, voktar ho over månen, vegskiljer, og sit med nøkkelen til portalen mellom ulike verdenar.

Foto: Guro Sommer
Foto: Guro Sommer

LYTT HER

Hekate (NO) er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. Dei slepp sitt debutalbum Evigheten forestår på Grappa/ Heilo 13. juni 2025, med Martin Langlie som produsent. 

Slåttetralling har lange tradisjonar her i Norge, og etter mange år som ein mindre omtalt del av folkemusikken, har denne undersjangeren fått sin renessanse dei siste tiåra. Albumet består av slåttetralling frå ulike delar av landet, med improvisasjon som eit av hovudelementa. Dei tre stemmene i trioen er både ulike og like, noko som bidreg til å skape eit dynamisk lydbilete med eit breitt spekter av klang. 

Hekate oppstod frå eit ynskje om å lyfte fram slåttetralling, og ein klar visjon om songen som sjølve ryggraden i dansefesten. Med mål om å lage euforisk stemning for både dansaren og lyttaren, har dei skapt sitt eiget univers styrt av drivande samspel og intens energi. 

Om ein legg til inspirasjon frå den kraftfulle, feminine energien som historisk fylgjer slåttetrallinga og det sterke samhaldet som er i samsongen, sit ein att med eit potent heksebrygg av kompromisslaus kveding i klubbsetting. 

"Nordavinden" er eit møte mellom to ulike lydlandskap, ein tradisjonell springleik og ei gamal salmetone. Salmen er skrive av Dorothe Engelbretsdatter på midten av 1600-talet, og springleiken er laga av den kjende felespelaren Fel-Jakup som låg og høyrde nordavinden suse i natta gjennom eit utett tak. Salmen skildrar sjølve enden av livet på jorda, der alt går mot den lange natt.  

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Cover: Nordavinden
Cover: Nordavinden
Last ned bilde
Foto_GuroSommer
Foto_GuroSommer
Last ned bilde
Foto_GuroSommer
Foto_GuroSommer
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum. 

Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold

New Supergroup ‘Beiggja’ – Kika Sprangers, Kjetil Mulelid, Mats Eilertsen, and Per Oddvar Johansen – Releases first single from their upcoming album16.5.2025 09:15:00 CEST | Press release

What happens when four talented and creative jazz musicians isolate themselves in a forest studio and let their creativity run free? The answer is the album Morning and the project Beiggja, inviting the listener into their shared musical playground, where we become part of their exploratory interplay. The first single, Encore, is out now.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye