Restaurerer Den Trondhjemske postvei i Åsane
Statens vegvesen startar i desse dagar å restaurere ei steinhellebru på Den Trondhjemske postvei på Saurås i Åsane nord i Bergen.

Brua ligg like ved Salhusvegen, vis a vis Ulset sykehjem, ikkje så langt frå Ikea like ved E39.
Brua er ei lita utkraga steinhellebru, ein typisk brukonstruksjon som vart vanleg i siste del av 1700-talet. Diverre har brua fått store setningsskadar og må dels demonterast før den vert bygd opp att etter antikvariske prinsipp. Målet er at brua vert så lik som mogleg som den opphavleg var.
I byggetida ligg det ei mellombels gangbru over elva like ved steinhellebrua. Denne vert skilta/merkt. Turgåarar er velkomne til å bruke denne. Av omsyn til både eigen og arbeidarane sin tryggleik, ber vi publikum om å ta omsyn til arbeid, følgje skilting og merking, og ikkje gå inn i avsperra anleggsområde. Men stopp gjerne opp og sjå på arbeidet.
Entreprenør er firmaet Stibyggjaren AS, leia av Geirr Vetti, som saman med byggeleiar består av eit arbeidslag av fire sherpaer frå Nepal. Vetti har lang erfaring med restaureringsprosjekt, som mellom anna Kongevegen over Filefjell.
Arbeidet vil medføre at elva i ei kort periode vert grumsete. Det vert lagt ut ei siltgardin nedstrøms for å fange opp og hindre at botnsediment renn vidare i vassdraget. Det er berre botnsediment og jord som kan kome i elva. Under arbeidet med brua blir det berre nytta lokale eller naturlege massar, både i murar og i vegen.
Nøkkelord
Kontakter
Allan Emil NyheimByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:47246024allan.emil.nyheim@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vegarbeid på rv. 658 frå Gjøsund til Ålesund lufthamn Vigra30.4.2025 19:12:48 CEST | Pressemelding
Frå måndag 5. mai til slutten av juli skal det gjerast vegarbeid på strekninga rv. 658 frå Gjøsund til Vigra flyplass i Giske kommune.
Veitransporten blir utslippsfri om 15 år30.4.2025 10:03:43 CEST | Pressemelding
Klimagassutslippene fra veitransporten ble redusert med ni prosent fra 2023 til 2024 til 7,25 millioner tonn CO2.
ST1 fortsetter driften av døgnhvileplass langs rv. 3 i Koppang30.4.2025 08:30:16 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen og ST1 har inngått avtale om drift av døgnhvileplass langs rv. 3 i Koppang for de neste ti årene.
Snart kan du kjøpe prøveskilt på nett29.4.2025 12:47:07 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen vil forenkle hverdagen din ved å innføre digitalt prøveskilt.
Nye støyvarselkart gir bedre arealplaner29.4.2025 07:02:00 CEST | Pressemelding
Støyvarselkartene fra Statens vegvesen viser områder som er utsatt for så mye trafikkstøy at det kan gi helseutfordringer eller mindre trivsel.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom