Fem mobilvett-reglar i påska
Enten du skal på fjellet, til sjøs eller flykte andre stader i påska, har dei fleste av oss med seg mobilen og smartklokka. Men kan du eigentleg stole på teknologien?

— Teknologien gjer turen tryggare, men ho kan aldri erstatte god førebuing. Ver smart, vis mobilvett og sørg for at nokon alltid veit kvar du er, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Her er nokre gode beredskapstips til kva du bør tenkje på før du legg av garde på tur!
1. Ikkje stol blindt på mobiltelefonen
Fjellturar og båtturar på sjøen har ein viktig ting til felles: Dekninga er gjerne ikkje like stabil som når vi er heime. Sjølv om det er klokt å ha med seg telefonen når du skal på tur, bør du ikkje gjere avtalar som er avhengige av at mobilen din har dekning.
— På fjellet kan også mobiltelefonen gå tom for straum raskare enn du er vant til på grunn av kulde. Difor kan det vere greitt å ta med kompass og papirkart i vasstett pose og sørge for at du veit korleis ein brukar dei, seier seksjonssjef Inger Vollstad i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Kulde påverkar batteriytinga, så det kan vere lurt å halde mobiltelefonen varm, tett til kroppen og tørr, for eksempel i ein ullsokk i ein pose i innerlomma. Det er også ein god idé å skru av funksjonar du ikkje brukar, eller bruke batterisparemodus. Reduser skjermstyrken, ta med ein batteribank og varm opp telefonen før du begynner å lade den.
2. Har du ei smartklokke?
Dersom du skadar deg i fjellet og må ringe frå smartklokka, er det greitt å vite at dekninga på smartklokka, i likskap med mobilen din, kan vere meir ustabil i fjellet eller på sjøen. Så heller ikkje smartklokka kan ein stole hundre prosent på.
— Hugs også at ikkje alle smartklokker kan ringast med, for eksempel viss ho ikkje har eige SIM-kort. Nokre klokker er avhengige av å vere nær mobiltelefonen din for å kunne ringast med. Så sjekk klokka di før du legg i veg, råder Vollstad.
3. Må ha dekning frå minst eitt mobilselskap
Hugs at du kan ringe naudnummer sjølv om du manglar mobildekning frå ditt mobilselskap, manglar eller har eit øydelagt SIM-kort, eller ikkje har pengar på kontantkortet. Dette føreset likevel at det finst mobildekning frå minst eitt mobilselskap der du er.
— Vi anbefaler at ein familie har abonnement hos ulike operatørar med ulike nett. Då er ein tryggare dersom eitt av mobilnetta er nede, eller du er i eit område der ikkje alle selskapa har dekning. Dette er eit element i eigenberedskap og er viktig også utanom turar i påskefjellet eller på sjøen, seier Vollstad.
4. Har du ein «gammal» mobil?
Dei heilt enkle telefonane med knappar, der ein ikkje kan laste ned appar, er ikkje smarttelefonar. Dei vil ofte ha lang batteritid og kunne gi ei tryggleik i så måte. Men vit at desse telefonane ikkje vil kunne vise naudetatane eksakt hvar du er dersom du ringer eit naudnummer.
— Unøyaktigheita frå desse telefonane kan ligge på fleire kilometer, akkurat som med smartklokker, understrekar Vollstad.
5. Lengre og tyngre tur? Ta med eigna utstyr
Skal du på langtur eller til avsidesliggande stader i fjellet utan dekning, så ta med deg eigna utstyr.
— Dette kan vere satellittelefon, ein personleg naudpeilarsendar eller ein skredsøkar. Sett deg inn i, og test utstyret i god tid før turen. Det vil sjeldan fungere ringe naunummer frå satellittelefon, fortel Vollstad.
Nummeret til hovedredningssentralen (HRS) kan også vere godt å ha med seg på dei spenstigaste turane i terreng utan mobildekning. Skriv dei ned på ein lapp og ta med i lomma: Alarmtelefonnummeret til HRS Nord-Noreg er 75 55 90 00 og til HRS Sør-Noreg 51 51 70 00.
God påsketur!
Nøkkelord
Kontakter
Rita Lund ThuneKommunikasjonsdirektørNasjonal Kommunikasjonsmyndighet
Tel:+47 922 06 466rlt@nkom.noBilder



Lenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Lykkehjul og bildemanipulering i markedsføring kan bli forbudt14.10.2025 10:41:18 CEST | Pressemelding
Bruk av lykkehjul, tidsbegrensede tilbud med nedtelling og automatisk påmeldinger kan bli forbudt med nytt regelverk. – Nødvendig for å motvirke manipulering, mener Nkom.
Overveldende støtte til aldersgrense på sosiale medier10.10.2025 08:12:37 CEST | Pressemelding
Nesten 9 av 10 mener det er en god idé med aldersgrenser på sosiale medier, viser ny undersøkelse. Nkom støtter å øke aldersgrensen for bruk av sosiale medier til 15 år.
Slik forbereder du deg på høststorm2.10.2025 13:12:59 CEST | Pressemelding
Årets første høststorm er ventet å treffe store deler av landet på fredag. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) advarer om at både mobil- og internett kan ryke.
Ønsker strenge KI-regler1.10.2025 11:02:16 CEST | Pressemelding
7 av 10 nordmenn ønsker strenge regler for hvordan kunstig intelligens skal kunne brukes. – Vi skal beskytte brukerne, uten å kvele muligheter for innovasjon, sier Nkom.
Stor tro på egen beredskap: - Menn mer naive enn kvinner1.10.2025 09:05:00 CEST | Pressemelding
Halve Norge mener de er forberedt på å miste mobil og internett i flere dager. – Det er en falsk trygghet, mener sikkerhetsdirektør.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom