Mot ei grønare helseteneste
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.

No er Spesialisthelsetenesta sin rapport for samfunnsansvar for 2024 klar. Rapporten framhevar framsteg innanfor miljøvennleg drift og berekraftige tiltak i spesialisthelsetenesta. Dette er den sjuande rapporten i rekkja, og for første gong er den heildigital.
Store steg
Rapporten gir fleire gode døme på arbeidet med samfunnsansvar som skjer i sjukehus og helseføretak i landet, og det kjem godt fram at det er mange miljømedvitne medarbeidarar i sjukehusa med initiativ og tankar om korleis vi saman kan ta kloke val i vegen vidare.
Døme på dette er tiltaksbanken som Helse Førde har arbeidd fram, med forslag til miljøtiltak dei ulike avdelingane i sjukehusa kan gjere. Tiltaksbanken har fått stor merksemd, blir teke i bruk nasjonalt og er gjord tilgjengeleg for alle sjukehus.
Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i arbeidet med miljø og berekraft, og har eit stort ansvar når det gjeld å forvalte ressursar på ein berekraftig måte.
Rapporten viser korleis spesialisthelsetenesta har teke store steg for å redusere unødig forbruk, spesielt bruken av eingongsutstyr. Dette tiltaket bidreg til å redusere avfallsmengda og fremje bruk av fleirgongsutstyr, som ofte er av betre kvalitet og kan vaskast, reparerast og brukast igjen.
Klimarekneskap
Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF understrekar viktigheita av miljøvennleg drift og berekraftige løysingar.
– Dette er ein viktig og god rapport som alle burde lese. Eg er imponert over arbeidet som er gjort. Det viktigaste er likevel at det gode arbeidet med å redusere tenesta sitt klimaavtrykk held fram og blir forsterka, seier Bryne.
For andre gong presenterer rapporten ein fullstendig klimarekneskap som dekkjer både direkte og indirekte utslepp. Dette inkluderer utslepp frå gassar og forbruk av olje og energi, og estimert utslepp frå innkjøp av varer og tenester.
Spesialisthelsetenesta har eit mål om 40 prosent reduksjon av utslepp innan 2030, klimarekneskapen viser at sidan 2019 har tenesta totalt redusert med 11 prosent. Når kjøp av gjenvinningskraft er trekt frå er reduksjonen heile 37 prosent sidan 2019.
Dei regionale helseføretaka har sett ambisiøse mål for framtida, inkludert å redusere forbruket av usterile hanskar og eingongsvarmejakker. Desse tiltaka er ein del av ein breiare strategi for å sikre berekraftig drift og fremje sosial rettferd i helse- og omsorgstenesta.
Nøkkelord
Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Tar for mange prøvar: Ni tiltak mot overforbruk1.7.2025 11:58:49 CEST | Pressemelding
I heile landet har talet på laboratorieanalysar auka kraftig dei siste åra. Mange av desse analysane vert gjort utan at det er god medisinsk grunn. Ni tiltak skal få ned overforbruket.
Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt16.6.2025 13:25:28 CEST | Pressemelding
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom