NVE gir løyve til å bygge vannkraftverk i Lyngdal
Lastad Kraft har fått konsesjon til å bygge Lastad kraftverk i Lyngdal kommune i Agder. Vasskraftverket vil årleg produsere 6,2 GWh, tilsvarande straumbruken til om lag 310 husstandar. NVE har stilt vilkår til utbygginga for å redusere dei negative konsekvensane for naturmangfaldet i området.

Lastad kraftverk vil nytte eit fall på 156 meter i Lastadbekken. Kraftverket vil gi ein årleg produksjon på om lag 6,2 GWh. I behandlinga av saka var det klart at ei utbygging vil påverke naturverdiane i elva. Etter NVE si vurdering er det mogleg å redusere dei negative konsekvensane gjennom avbøtande tiltak.
–Med gode avbøtande tiltak kan dei negative verknadane for naturmangfald reduserast tilstrekkeleg. Det gjer at Lastad kraftverk vil bidra til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE.
NVE stiller krav for å ta vare på ål og raudlista moseartar
NVE har stilt ei rekke krav både under byggeperioden, og etter at kraftverket er satt i drift. Det har vore viktig for høyringspartane at utbygginga tar omsyn til dei raudlista moseartene i Lastadbekken, og til vandringsmoglegheiter for ål. Ålen er sterkt trua, og både elva og innsjøar ovanfor er potensielle leveområde. Av omsyn til føre var har NVE satt vilkår om fleire avbøtande tiltak, som til dømes ein løysning for sikker tovegs vandring.
Moseartane er avhengige av å få tilstrekkeleg fukt, og NVE meiner det er viktig å sikre fleire dagar med overløp for å ivareta noko av dei naturlege endringane i vassføringa. NVE stiller derfor krav om at kraftverket ikkje kan sluke så mykje vatn som det var søkt om.
NVE meiner vilkåra vil redusere dei negative verknadene for naturmangfaldet til eit akseptabelt nivå, slik at fordelane ved prosjektet er større enn ulempene. Derfor gir NVE Lastad Kraft løyve til å bygge Lastad kraftverk.
Nøkkelord
Kontakter
Ylva Bencze RøråFagleder ny vannkraft
Tel:22 95 94 09ybro@nve.noCarsten JensenSeksjonssjef
Tel:90850206csj@nve.noLenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Vårisen har kommet i skogsområdene i Sør-Norge - dette bør du vite11.4.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Våren er på vei, og isen svekkes og blir til våris med dårlig bæreevne. Det er derfor viktig å sjekke hvor hard isen er før du går ut på den. I lavlandet i Sør-Norge er mange vann isfrie, og isen er betydelig svekket i skogsområdene. Isforholdene er gode der det ligger sammenhengende snødekke, men mer usikre der snøen har smeltet. Isen svekkes også fortere på elver enn innsjøer.
Snøskredfaren i innledningen til påska10.4.2025 12:56:42 CEST | Pressemelding
Snøskredfaren ventes ikke å gi store utfordringer for beredskapen i starten av palmehelgen, men turgåere i fjellet må være godt forberedt og ta kloke valg basert på oppdatert skredvarsel.
NVE gir Statnett SF et overtredelsesgebyr på 300 000 kroner10.4.2025 12:16:26 CEST | Pressemelding
Statnett SF AS får et overtredelsesgebyr på 300 000 kroner fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Bakgrunn for gebyret er at selskapet har gjennomført ulovlig hogst på Tjeldøya i Troms, i forbindelse med anleggsarbeid.
NVE avslår søknad om nytt vannkraftverk i Bindal kommune8.4.2025 12:01:00 CEST | Pressemelding
Hywer AS har søkt om tillatelse til å bygge Skråvadalen kraftverk i Bindal kommune i Nordland. NVE mener kraftverket vil få negative konsekvenser som vanskelig lar seg avbøte, og avslår derfor søknaden.
NVE legg til rette for heilskapleg behandling i Mågeli- og Tyssovassdraga8.4.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
NVE har vedteke å opne vilkårsrevisjon i Mågeli- og Tyssovassdraga i Ullensvang kommune. Samtidig ber NVE om ein felles konsesjonssøknad for framleis regulering og overføring i same reguleringsområde. Målet er å få ei heilskapleg behandling av reguleringane i vassdraga.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom