Stor milepæl for Noregs største samferdselsprosjekt i nyare tid
4.4.2025 11:49:30 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag for Stortinget om utbygging og finansiering av fellesprosjektet Arna-Stanghelle i Vestland. Dersom Stortinget sluttar seg til forslaget, blir det oppstart av det største samferdselsprosjektet i Noreg i nyare tid.

Strekninga Arna-Stanghelle er ein viktig del av hovudferdselsåra mellom Bergen og Oslo og bind landet saman frå vest til aust.
– Med fellesprosjektet Arna-Stanghelle skal vi styrkje trafikktryggleiken, skape føreseieleg transport og gi både folk og næringsliv eit betre transporttilbod med reduserte reisetider og auka kapasitet på både veg og bane, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Bygginga av ny E16 og Vossebane på den 30 km lange strekninga Arna–Stanghelle er eit fellesprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR.
– Dagens E16 og Vossebana mellom Arna og Stanghelle er prega av låg standard, uføresette stengingar, skredutsette strekk og tunnelar med behov for vedlikehald og oppgradering. Derfor har dette vore eit viktig prosjekt for regjeringa å setje i gang. seier samferdselsministeren.
Det største samferdselsprosjektet i nyare tid
Med nesten 80 kilometer veg- og jernbanetunnelar blir Arna–Stanghelle det største tunnelprosjektet i Noreg. Mellom Arna og Trengereid blir det firefelts veg, og tofelts veg vidare mot Stanghelle. Det blir dobbeltspor på heile strekninga på den nye jernbanen.
– Arna–Stanghelle det største samferdselsprosjektet i nyare tid her til lands, med ein forventa kostnad på 41,2 milliardar kroner og ein antatt opning av veg og jernbane rundt 2038. Det er større enn megaprosjekta Follobanen i Oslo-området og E39 Rogfast i Rogaland. Men det er ikkje viktig i seg sjølv at prosjektet er det største. Vi byggjer Arna–Stanghelle fordi det er nødvendig, seier Nygård.
Høgt prioritert av regjeringa
Regjeringa har tatt grep for å kunne gå i gang med fellesprosjektet så raskt som mogleg, mellom anna med prioritering i statsbudsjettet for i år.
Den største rådgjevingsavtala nokon gong i Noreg er allereie lyst ut, i tillegg til kontrakt for oppstart av berg- og skredsikring, som er ein del av det førebuande arbeidet. Før sommaren startar sikring av prosjektstrekninga, med blant anna spyling av skredutsette område.
Kontraktssignering og byggestart for sjølve prosjektet med nye tunnelar for veg og bane, tverrslag og fjellhallar, føreset vedtak i Stortinget om kostnadsramme og delvis bompengefinansiering.
Økonomiske rammer og finansiering
Overfor Stortinget har regjeringa foreslått ei kostnadsramme på 49,3 milliardar kroner for fellesprosjektet Arna-Stanghelle. Styringsramma, den forventa kostnaden, er på 41,2 milliardar kroner.
Finansieringa er basert på statlege midlar og bompengar, der dei statlege midlane utgjer om lag 90 prosent. Jernbanedelen utgjer 52 prosent og vegdelen 48 prosent av dei samla kostnadene.
For fleire opplysningar – sjå:
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
75 millioner kroner til nytt forskningssenter for kunstig intelligens innenfor transport25.9.2026 08:02:41 CEST | Pressemelding
NTNU skal lede et nytt forskningssenter for bruk av kunstig intelligens innenfor transport. Målet er at KI skal bidra til å utvikle et trygt, bærekraftig og effektivt transportsystem og gi bedre transportløsninger for pengene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom