Færre SMiShing-forsøk på skattemeldinga
21.3.2025 10:32:03 CET | Nasjonal kommunikasjonsmyndighet | Pressemelding
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har oppfordra offentlege verksemder til å ta grep for å hindre at namnet deiras blir misbrukt i SMS-svindel. Det har hatt stor effekt.

Den nasjonale ekspertgruppa mot digital svindel, som blir leia av Johannes Vallesverd i Nkom, oppfordra i fjor større offentlege og private verksemder til å ta i bruk tenesta «SMS SenderID-registry».
— SMS-ar blir sende ut med for eksempel Skatteetaten som avsendar, men ved bruk av denne tenesta blir SMS-ane stoppa dersom Skatteetaten ikkje er faktisk avsendar, men nokon som gir seg ut for å vere Skatteetaten, seier antisvindel-ekspert Johannes Vallesverd i Nkom.
– Svindlarar bruker gjerne kjente merkenamn med høg tillit, og tenesta gjer det mykje vanskelegare for svindlarar å sende ut SMSar i andres namn, seier Vallesverd.
Tilbakemeldingar frå mobiloperatørane viser no ein tydeleg reduksjon i denne type svindel.
– Vi ser at systema verkar og at svindlarar per no ikkje har klart å utnytte skattemeldinga slik som tidligare år.
Dette er SMiShing:
Svindelforsøk på SMS blir kalla for SMiShing. Svindlarane “fiskar” då etter informasjon og prøver å lure offera til å gjere handlingar som til dømes å trykkje på lenker og deretter oppgi informasjon.
9 av 10 er utsett
I første halvår 2024 tapte nordmenn 607 millioner kroner til svindel, ifølgje tal frå Finanstilsynet. Ei undersøking Respons Analyse gjorde i haust på vegne av Nkom viser også at 9 av 10 nordmenn blir utsett for digital svindel.
Sjølv om svindelforsøka i år er redusert, har Vallesverd ikkje tru på at svindlarane gir opp.
– Dette er ein pågåande kamp. Det er ingen garantiar for at svindlarane ikkje finn ein eigna SMS SenderID rundt neste sving. Det er derfor heilt nødvendig at vi held fram det gode samarbeidet vi har med mobiloperatørane, seier han.
Det finst likevel gode råd for korleis best unngå å gå frem på eit svindelforsøk.
– Mottek du ein SMS eller ein e-post med ei klikkbar lenke, så stopp og tenk før du trykker på lenken! Sjansen er stor for at det kan vere eit «fiske»-forsøk der personar med onde hensikter prøver å få deg til ei nettside der dei kan lure til seg sensitiv informasjon, seier Vallesverd.
Unngå å bli svindla
1. Aldri del BankID, passord eller sensitive personopplysningar, dette gjeld uansett kven som spør.
2. Er det skrivefeil eller rare formuleringar i SMS-en, eller lenka, må varsellampene blinke.
3. Ver forsiktig med å klikke på lenker i SMS og e-post. Søk heller opp nettstaden i staden for å bruke lenka.
4. Avslutt mistenkelege samtalar. Om det er på telefonsamtalar, SMS, e-post eller i sosiale medium.
Fleire tips finn du her: Slik kan du avsløre SMS-svindel
Nøkkelord
Kontakter
Rita Lund ThuneKommunikasjonsdirektørNasjonal Kommunikasjonsmyndighet
Tel:+47 922 06 466rlt@nkom.noJohannes VallesverdSeniorrådgiver i NkomNasjonal kommunikasjonsmyndighet
Tel:95094409jmv@nkom.noBilder


Følg pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet
Over 96 prosent kan få superraskt internett27.5.2026 11:30:51 CEST | Pressemelding
96,3 prosent av husstander i Norge har tilgang på internett med gigabithastighet, viser nye tall fra Nasjonal kommunikasjonsmyndighet.
Nkom styrker tilstedeværelsen i Finnmark for å overvåke GNSS-forstyrrelser21.5.2026 08:42:03 CEST | Pressemelding
I 2025 besluttet regjeringen å styrke tilstedeværelsen i Nord-Norge med et nytt Nkom-kontor. Nå følger Nkom opp med to nye målestasjoner for GNSS-målinger i Øst-Finnmark. Bakgrunnen er den vedvarende situasjonen med forstyrrelser i satellittnavigasjonssystemer (GNSS)
BankID-saken: Avgjørelse kommer etter sommeren20.5.2026 09:38:45 CEST | Pressemelding
Nkom vil bruke tiden som trengs før det konkluderes i BankID-saken.
Aldri før har nordmenn kjøpt så mye mobildata15.5.2026 10:34:31 CEST | Pressemelding
Datapakker på over 100 GB i måneden er mest populært blant nordmenn.
Stor nedgang i investeringene i mobilnett13.5.2026 12:20:55 CEST | Pressemelding
Mobilselskapenes investeringer i mobilnett og fastnett fortsetter å falle.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom