Nytt rammeverk for pasientsikkerheit
14.3.2025 14:06:39 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.

Rammeverket gir ei heilskapleg oversikt som dekkjer alle aspekt av pasientsikkerheit, inkludert kultur, system, opplæring, rapportering og forbetringsarbeid.
– Eit rammeverk for pasientsikkerheit er viktig fordi det gir moglegheit for ei systematisk tilnærming til arbeidet med pasientsikkerheit. Det kan tilpassast ulike situasjonar, helseinstitusjonar og pasientgrupper, seier leiar for arbeidet, seniorrådgivar Elisabeth Huseby i Helse Vest RHF.
Forsking viser at kultur og deling er avgjerande for pasientsikkerheit, og dette rammeverket skal gjere det lettare å styrkje desse faktorane.
– Det skal bidra til å sikre langsiktig forbetring, fremme kontinuerleg læring, leggje til rette for å førebyggje feil og for å gi betre pasientbehandling, seier Huseby.
Fire mål
Ei regional arbeidsgruppe sett saman av medarbeidarar frå alle sjukehus og føretak i Helse Vest har vore med å utarbeidd rammeverket. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
– Pasientsikkerheit gjeld alle som jobbar i helsetenesta, og det skjer mykje godt arbeid på tvers av heile verksemda som bidreg til at pasientbehandlinga blir tryggare. Dette rammeverket er retningsgjevande, og samtidig gir det stor fridom til at dei ulike områda sjølve avgjer kva som er viktig for dei å jobbe med i det vidare arbeidet med forbetring og auka pasientsikkerheit, seier ho.
Rammeverket er meint å styrkje det eksisterande arbeidet med pasientsikkerheit, og er delt inn i fire overordna mål:
- Mål 1: Vi skal identifisere, førebyggje og handtere risiko for pasientskadar i vår eining
- Mål 2: Vi skal ha trygge overgangar, og sikre tydeleg informasjon og kommunikasjon
- Mål 3: Vi skal sikre læring og deling på tvers av fagmiljø og avdelingar i eit føretak og mellom føretak
- Mål 4: Vårt arbeidsmiljø skal bidra til betre pasientsikkerheit
Måla i rammeverket er utforma slik at dei ikkje er fagspesifikke, men skal kunne konkretiserast i kvar avdeling, både av klinikarar og dei som jobbar i drift- og stabsfunksjonar.
Ta ein titt på rammeverket her: Regionalt rammeverk for pasienttryggleik 2025-2029 - Helse Vest RHF
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Anbefalingar om å styrkje tilbodet for gynekologisk kreft12.10.2026 12:53:12 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF vil utvikle og styrkje behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft gjennom eit tett regionalt samarbeid og meir robuste fagmiljø. Anbefalinga er at kirurgisk behandling av eggstokkreft på sikt blir samla ved Haukeland universitetssjukehus. Kirurgi for livmorkreft skal framleis bli utført både ved Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus.
Nye tilleggsoppdrag til sjukehusa om beredskap og kortare ventetider18.9.2026 13:10:14 CEST | Pressemelding
Sjukehusa på Vestlandet skal førebu seg på krig og kriser. Dei skal også redusere ventetidene og gi pasientane raskare og meir samanhengande behandling. Det er blant dei nye oppdraga som Helse Vest RHF ga sjukehusa i september.
Nytt nasjonalt nettverk for radiologi: Vil redusere unødvendige røntgen- og MR-undersøkingar25.8.2026 12:27:34 CEST | Pressemelding
Nordmenn blir sende til røntgen, MR og CT, sjølv om undersøkingane ikkje gir nytte. No skal eit nytt nasjonalt nettverk og seks konkrete tiltak få ned overforbruk, redusere ventetider og sikre betre pasientbehandling.
Forskning som bidrar til bedre pasientbehandling1.6.2026 15:57:47 CEST | Pressemelding
Forskning i norske sykehus gir pasienter bedre, tryggere og mer skånsom behandling. Den nasjonale rapporten om forskning og innovasjon i spesialisthelsetjenesten viser hvordan klinisk forskning og digitale løsninger bidrar til raskere diagnostikk, likebehandling og tidligere tilgang til nye behandlingsmetoder.
Spesialisthelsetjenesten styrker beredskapen for krig22.5.2026 11:51:47 CEST | Pressemelding
Sykehusene og de regionale helseforetakene er forberedt på å møte nye krav til beredskap og krig.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom