Trafikktala i februar: Fleire utanlandsreisande – stabilt innanlands
11.3.2025 13:00:00 CET | Avinor | Pressemelding
I februar nytta 3,6 millionar reisande Avinor sine lufthamner. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med februar i 2024. Det er liten auke i talet på innanlandsreisande, men for utanlandsreisande gjekk talet opp med 6 prosent.

I februar i fjor reiste det 1.359.878 passasjerar mellom Noreg og utlandet. I år er talet auka til 1.438.674 reisande.
- Veksten i talet på utanlandsreisande er framleis prega av den sterke auken i turisme til Noreg. Noreg er ein attraktiv destinasjon, og vi opplever nå ein sterk vekst vinterstid. Dette gjeld både frå Europa, Nord Amerika og Asia. Det er her vi finn forklaringa på auken i passasjertala, forklarer Gaute Skallerud Riise, direktør for trafikkutvikling i Avinor
Ingen auke i flyrørsler
Det var 45.549 flyrørsler i februar. Det er på same nivå som februar i 2024.
-Med ei framleis begrensa utvikling i talet på flyrørsler, held fyllingsgraden fram med å stige også for februar. Samla var fyllingsgraden på 71,8 prosent, noko som er opp over 1 prosentpoeng mot same månad i fjor. Dette er positivt for kapasitetsutnyttinga i luftfarten, men det er også eit uttrykk for dei store leveranseutfordringane flyselskapa står overfor. Det påverkar rutetilbodet i marknaden, avsluttar Riise.
Framleis størst vekst for dei mindre lufthamnene
For alle Avinor sine lufthamner samla er det 2 prosent fleire reisande i februar i år enn i februar i fjor.
Se vi på dei store lufthamnene Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger (DSL), er det liten endring samanlikna med februar i fjor, med 1 prosent samla auke.
Det er dei regionale lufthamnene (DRL) som hadde størst samla vekst i februar, med ein auke på 8 prosent.
|
|
Februar |
Hittil i år |
||||
|
Lufthamn |
2024 |
2025 |
Endring |
2024 |
2025 |
Endring |
|
Oslo |
1 763 000 |
1 805 000 |
2 % |
3 357 000 |
3 550 000 |
6 % |
|
Bergen |
438 000 |
427 000 |
-3 % |
856 000 |
858 000 |
0 % |
|
Trondheim |
295 000 |
291 000 |
-1 % |
566 000 |
575 000 |
1 % |
|
Stavanger |
276 000 |
268 000 |
-3 % |
546 000 |
538 000 |
-1 % |
|
DSL sum |
2 772 000 |
2 791 000 |
1 % |
5 325 000 |
5 521 000 |
4 % |
|
Tromsø |
237 000 |
272 000 |
15 % |
452 000 |
544 000 |
20 % |
|
DSL andre |
541 000 |
569 000 |
5 % |
1 030 000 |
1 117 000 |
8 % |
|
DRL sum |
778 000 |
841 000 |
8 % |
1 482 000 |
1 661 000 |
12 % |
|
Avinor sum |
3 550 000 |
3 632 000 |
2 % |
6 807 000 |
7 182 000 |
6 % |
Sjå fleire tal for alle Avinors lufthamner i vedlegga.
Fleire lovlege droneflygingar
I februar vart det meldt inn 1870 flygingar med drone i Ninox Drone - Avinor sitt system for handtering av dronar. – Dette er ein auke på rundt femti prosent samanlikna med februar 2024, seier Mats Gjertsen som leiar droneprogrammet til Avinor.
-Sjølv i vintermånadene, der det normalt er lågare droneaktivitet, ser vi stadig vekst i bruken av Ninox Drone, og dette er bra, seier Gjertsen. -Det er diverre framleis enkelte som ikkje kan-, eller som vel å la vere, å følgje reglane for droneflyging. Vi oppfordrar alle til å setje seg inn i regelverket før dei flyg, og nytte Ninox Drone til lovleg flyging. På www.avinor.no/droner kjem reglane tydeleg fram, avsluttar Gjertsen.
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Fuglesang FramholtKommuniksjonssjef i Avinor
Tel:+47 976 22 141cathrine.framholt@avinor.noBilder

Dokumenter
Avinor har ansvar for 43 statlig eide lufthavner, og flysikringstjenesten for sivil og militær luftfart i Norge. Dette nettverket binder Norge sammen - og Norge sammen med verden.
Avinor er en drivkraft i miljøarbeidet i luftfarten og en pådriver for å redusere de samlede klimagassutslippene fra norsk luftfart. Selskapet har en ledende rolle i arbeidet med utvikling av el-fly, og leveranse av biodrivstoff til fly.
Avinor bidrar hvert år til 50 millioner sikre og effektive flyreiser. Om lag halvparten av disse er til og fra Oslo lufthavn.
Rundt 2.800 medarbeidere har ansvar for å planlegge, bygge ut og drive et samlet lufthavn- og flysikringssystem. Avinors virksomhet finansieres gjennom luftfartsavgifter og kommersiell virksomhet på flyplassene.
Følg pressemeldinger fra Avinor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Avinor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Avinor
Bunadsslusa opnar igjen på Oslo lufthamn 16. og 17. mai12.5.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Som tradisjonen tilseier, opnar Oslo lufthamn eiga bunadssluse i tryggleikskontrollen 16. og 17. mai. Slusa er pynta med norske flagg og er open for alle reisande i bunad, kofte og andre tradisjonelle festdrakter.
Stabil april - vekst så langt i år11.5.2026 14:30:00 CEST | Pressemelding
Talet på passasjerar ved Avinor sine lufthamner heldt seg stabilt i april. Totalt reiste 4,3 millionar passasjerar, om lag på same nivå som i fjor, medan tala for årets fire første månader viser ein tydeleg vekst.
Eirik Wæraas blir direktør for trafikkutvikling i Avinor11.5.2026 12:56:09 CEST | Pressemelding
Avinor har ansatt Eirik Wæraas som ny direktør for trafikkutvikling. Ansettelsen styrker Avinors arbeid med å videreutvikle rutenettet og Norges tilgjengelighet mot verden.
Ny direkterute fra Trondheim til Frankfurt4.5.2026 06:00:00 CEST | Pressemelding
Den 1. mai åpnet Lufthansa sin nye direkterute mellom Trondheim og Frankfurt. Ruten vil ha tre ukentlige avganger hele året.
Nå starter sommerrushet: - En av våre travleste måneder30.4.2026 11:00:00 CEST | Pressemelding
Det ventes stor utfart i forbindelse med de røde dagene i mai, med over fire millioner reisende gjennom Avinors lufthavner. Flere røde dager og ikke minst 17. mai, gjør mai til en av de travleste reisemånedene i året.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom