Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.

Ventetidene i Helse Vest har hatt ei positiv utvikling, men det er framleis for mange pasientar som venter for lenge på helsehjelp.
– Slik skal det ikkje vere. Derfor intensiverer vi innsatsen ytterlegare, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF.
Både styret og leiinga i Helse Vest RHF ser at det er lagt ned eit betydeleg arbeid med kortsiktige og langsiktige tiltak i helseføretaka for å nå krava i Ventetidsløftet om markert kortare ventetider for behandling.
– Det blir gjort mykje godt arbeid i sjukehusa, både blant leiarar og medarbeidarar, for å få ventetidene ned, seier Landstad.
Trass i dette, har ikkje ventetidene gått nok ned. Helse Vest RHF har derfor bede helseføretaka om å sette inn ekstraordinære tiltak. Innretninga på desse tiltaka har blitt utvikla i dialog med tillitsvalde og helseføretaka.
Klare krav
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre har stilt krav til måloppnåinga i Ventetidsløftet. I eit føretaksmøte med dei regionale helseføretaka 19. februar gav han helseføretaka eit forsterka oppdrag om å auke behandlingsaktiviteten for å korte ned ventetidene, som inneber:
- Auka bruk av private leverandørar. Eksisterande avtalar med private skal utnyttast i større grad eller utvidast, og nye avtalar skal inngåast raskt der det er behov / har størst effekt
- Utbreidd bruk av kvelds- og helgepoliklinikkar der medarbeidarar får tilbod om å jobbe meir
- Auka bruk av avtalespesialistar
- Samarbeid på tvers av helseføretak og sjukehus for å utnytte all tilgjengeleg kapasitet
Tiltaka vil vare så lenge som nødvendig for å nå ventetidsmåla i juni i år.
Skal auke aktiviteten og kapasiteten
I det felles føretaksmøtet med helseføretaka i Helse Vest 25. februar vart oppdraga frå helse- og omsorgsministeren vidareført og konkretisert for sjukehusa. Helseføretaka skal auke aktiviteten for å nå ventetidsmåla. Dette skal m.a. skje gjennom meir bruk av kvelds- og helgepoliklinikkar der personell, som ønskjer å arbeide meir, får høve til det.
I tillegg er det viktig at det framleis blir arbeidd aktivt med tiltak som vil auke kapasiteten og effektiviteten i pasientbehandlinga også på lengre sikt. Eksempel på slike tiltak er:
-
betre arbeids- og oppgåvedeling
-
fjerning av tidstjuvar
-
auka bruk av ny teknologi og digitale løysingar
-
behovsstyrt poliklinikk og digital heimeoppfølging
-
reduksjon av unødvendige kontrollar
Landstad understrekar at medarbeidarar og tillitsvalde skal vere involvert på alle nivå i arbeidet med å redusere ventetidene.
– Det er viktig at forslag frå medarbeidarar og tillitsvalde til korleis vi kan få meir effektiv arbeidsflyt og betre organisering av oppgåvene, blir lytta til og følgde opp, seier ho.
Rapportering til HOD kvar veke
Framover skal helse- og omsorgsdepartementet ha møte kvar veke med dei regionale helseføretaka. Dette er for å kunne følge utviklinga tett. Rapporteringa skal vere både på regionalt nivå og helseforetaksnivå/sjukehusnivå. Slik vil det kome klart fram kva for helseføretak/sjukehus og fagområde som har dei største utfordringane med å nå måla for ventetider og som difor må gjere ekstra innsats.
FAKTABOKS:
Kva er målet?
I oppdragsdokumentet for 2025 er det sett følgande mål: Gjennomsnittleg ventetid for Helse Vest RHF skal i 2025 være lik eller under
-
61 dagar i somatiske helsetenester
-
44 dagar i psykisk helsevern vaksne
-
45 dagar i psykisk helsevern barn og unge
-
33 dagar i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
Nøkkelord
Kontakter
Linn HerredsvelaSenior kommunikasjonsrådgiver / Helse Vest RHF
Tel:99517661linn.herredsvela@helse-vest.noBilder

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
Styrka samarbeid bidrar til kortare ventetider26.2.2025 09:39:11 CET | Pressemelding
Helse Vest har styrkt samarbeidet med avtalespesialistar innan øyre, nase, hals og auge for å redusere ventetidene. No blir dette arbeidet utvida til fleire fagområde.
Auka bruk av digitale helsetenester bidrar til å ta ned ventetidene19.2.2025 08:48:56 CET | Pressemelding
Eit tiltak for å få ned ventetidene er å auka bruken av digitale heilsetenestar. Det ser ut til å gje gode resultat.
Felles satsing på klarspråk i Helse Vest18.2.2025 10:33:21 CET | Pressemelding
Pasientane må forstå informasjonen frå sjukehuset, og dei som arbeidar i tenesta må forstå kvarandre. I 2025 skal medarbeidarar i Helse Vest få hjelp til å skrive klarare. Blant tiltaka er ei ny språkprofil, digitale klarspråkskurs og ein eigen skriverettleiar for stillingsannonsar.
Sjukehusa i Helse Vest: Dette er viktig i 202514.2.2025 09:52:39 CET | Pressemelding
Ventetidene til utredning og planlagd behandling skal ned. Dette er ei heilt sentral oppgåve for sjukehusa også i 2025. Samtidig blir det å behalde og rekruttere medarbeidarar, beredskap og digitalisering enda viktigare i 2025.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom