Styrka samarbeid bidrar til kortare ventetider
26.2.2025 09:39:11 CET | Helse Vest RHF | Pressemelding
Helse Vest har styrkt samarbeidet med avtalespesialistar innan øyre, nase, hals og auge for å redusere ventetidene. No blir dette arbeidet utvida til fleire fagområde.
I tråd med regjeringas Ventetidsløfte har Helse Vest sett i verk fleire tiltak for å korte ned ventetidene. Eitt av tiltaka har vore å få eit tettare og betre samarbeid mellom helseføretaka og avtalespesialistane. Hensikten er å rute pasientane til behandling på riktig nivå. Dei pasientane som ikkje treng behandling på eit sjukehus, bør få den hos ein avtalespesialist. På den måten blir køen hos sjukehusa kortare, og dei som berre kan behandlast der, vil få raskare hjelp.
Gode resultat for ØNH og auge
Hausten 2024 har helseføretaka i Helse Vest, saman med avtalespesialistane og Praktiserende Spesialisters Landsforening (PSL), revidert samarbeidsavtalane innan faga øyre, nase, hals (ØNH) og auge. Det har vore møte i Stavanger, Bergen, Haugesund og Førde. Å forbetre samarbeidet på denne måten har gitt gode resultat.

– Det er gledeleg å sjå at dette arbeidet har gitt resultat. No ønskjer vi å bruke dei gode erfaringane frå ØNH og auge, og gjere tilsvarande på andre store fagområde for å få same effekt der, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Helse Vest ønsker å revidere samarbeidsavtalane mellom avtalespesialistane og helseføretaka innan alle fag, og neste ut er lunge og hjarte/kar der planen er å gjennomføre møter før påske.
Avtalespesialistane har også ventelister
I samarbeidsmøta har dei blant anna blitt einige om korleis helseføretaket kan overføre pasientar til avtalespesialistar som har kapasitet til å ta imot dei.
– Avtalespesialistane jobbar effektivt, men har sjølv ventelister og dermed begrensa kapasitet til å hjelpe til med pasientar som ventar i helseføretaka, seier Vikse.
Pasientar overført frå helseføretak til avtalespesialist 01.11.24-18.12.24
| Øyre, nase, hals | |
| Helse Bergen | 235 |
| Helse Stavanger | 40 |
| Helse Fonna | 11 |
| Helse Førde | 9 |
| Sum | 295 |
| Auge | |
| Helse Bergen | 0 |
| Helse Stavanger | 27 |
| Helse Fonna | 148 |
| Helse Førde | 0 |
| Sum | 175 |
Denne oversikta visar kor mange pasientar helseføretaka overførte frå sine ventelister til avtalespesialist fram til jul i fjor haust.
Andre tiltak for å ta ned ventetidene
Helse Vest har hatt særleg merksemd på dei varige tiltaka for å korte ned ventetidene. I tillegg til samarbeidet med avtalespesialistane, inkluderer dette godt prioriteringsarbeid, å digitalisere prosessar for å avlaste klinikarane, stabil og føreseieleg drift i dei kliniske einingane, høg kvalitet i ventelister, gode kunnskapsgrunnlag og regionale rapportar, og arbeid med oppgåvedeling.
FAKTABOKS:
Samarbeidsavtalar med avtalespesialistar
Samarbeidsavtalane mellom helseføretaka og avtalespesialistane er ulike, men dei handlar i stort om mellom anna:
- kva typar oppgåver knytte til utgreiing og behandling som skal gjennomførast hos avtalespesialist
- pasientflyt
- utveksling av informasjon om kapasitet, fråvær, felles prosedyrar og kliniske retningslinjer
I haustens møter blei det bedt om at helseføretaka og avtalespesialistane innanfor fagområda ØNH-sjukdomar og augesjukdomar har samarbeidsmøte 2-4 gonger i året.
Helse Vest har avtale med om lag 230 avtalespesialistar i regionen. Særskilt for faga øyre-nase-hals sjukdommar (ØNH), augesjukdommar, psykisk helsevern og kvinnesjukdommar utgjer avtalespesialistane ein stor del av tilbodet i regionen.
Nøkkelord
Kontakter
Linn HerredsvelaSenior kommunikasjonsrådgiver / Helse Vest RHF
Tel:99517661linn.herredsvela@helse-vest.noBilder


Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Årets styringsdokument: Dette blir viktig for sjukehusa i vest i 202612.2.2026 10:18:57 CET | Pressemelding
Styrka beredskap, høgare fart i digitalisering, meir målretta bruk av ressursane, betre pasientforløp og å utvikle, behalde og rekruttere medarbeidarar. Det er alle tema som blir viktige for sjukehusa på vestlandet i 2026.
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom