Auka bruk av digitale helsetenester bidrar til å ta ned ventetidene
Eit tiltak for å få ned ventetidene er å auka bruken av digitale heilsetenestar. Det ser ut til å gje gode resultat.

Det er sett i verk mange tiltak for å få ned ventetidene, i tråd med regjeringas Ventetidsløfte. Den augte bruken av digitale tenester blir trekt fram som eit av tiltaka som har fungert for å ned ventetidene i Helse Vest.
Frå 2023 til 2024 har
- ca. 8000 fleire pasientar hatt behovsstyrt poliklinikk. Det tilsvara ei auke frå 2,23 prosent til 3,75 prosent.
- ca. 21 000 fleire pasientar hatt video- og telefonkonsultasjonar. Det tilsvara ei auke frå 9,5 prosent til 10,8 prosent.
Dei digitale heilsetenestane blir tekne i bruk der dei kan avlaste helsepersonell, slik at dei får frigjort tid.
Mange fordelar med digitale tenester
Med over 13 prosent video- og telefonkonsultasjonar er Helse Førde best av Helse Vest-føretaka. Dei nærmar seg det nasjonale målet på 15 prosent.
- Utviklinga er gledeleg. Vi skal bruke digitale verktøy så sant vi kan gje like god helsehjelp som ved fysiske konsultasjonar. Det sparer tid for pasientar og reduserer reisebelastning. Helse Førde sparar pengar på reiser og, i mange tilfelle, også personalressursar, seier administrerande direktør Arve Varden.
Fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, understrekar at potensialet for å avgrense auka bruk av personalressursar truleg er endå større ved behovsstyrt poliklinikk og nettbasert behandling, og dette arbeidet vil bli intensivert i 2025 i tråd med årets oppdragsdokument.
Ventetidene i Helse Vest i ei positiv utvikling
Dei førebelse resultata for ventetider i januar 2025 visar at:
- ventetidene for psykisk helsevern og rusfeltet framleis er betre enn i 2023 og nær målet for 2025.
- for dei somatiske faga er ventetidene for behandla pasientar høgare enn i 2023. Dette skuldast i hovudsak at mange pasientar med svært lang ventetid har fått behandling, og ventetid for ventande pasientar er nå redusert til 65 dagar, som er lågare enn for januar 2023 og januar 2024.
- tal ventande pasientar er vesentleg færre ved utgangen av januar 2025 enn tidlegare år, og om lag på nivået for 2019.
– Total sett vurderer vi dette som ei positiv utvikling for regionen og det er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid i 2025. Det vil framleis være viktig innsats som må til for å nå kravet for 2025, seier Vikse.
Nøkkelord
Bilder

Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest9.4.2025 13:23:18 CEST | Pressemelding
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom