Felles satsing på klarspråk i Helse Vest
Pasientane må forstå informasjonen frå sjukehuset, og dei som arbeidar i tenesta må forstå kvarandre. I 2025 skal medarbeidarar i Helse Vest få hjelp til å skrive klarare. Blant tiltaka er ei ny språkprofil, digitale klarspråkskurs og ein eigen skriverettleiar for stillingsannonsar.

– Språkarbeidet som nå blir sett i gang, er viktig. Å snakke eller skrive slik at mottakaren lett forstår, handlar om likeverd, tillit og risikoførebygging. Det er heilt avgjerande at pasientane forstår oss, og at vi som arbeidar i tenesta, forstår kvarandre, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
Før jul slo det regionale direktørmøtet i Helse Vest fast at alle sjukehusa og føretaka i Helse Vest skal jobbe systematisk og målretta med klarspråk i 2025. Det regionale direktørmøtet, der dei administrerande direktørane sit, tar opp saker månadleg som gjeld for alle føretaka i Helse Vest.
– Klarspråk kan for eksempel gjere at vi bruker litt mindre tid på lange e-postar eller annan tekst, og meir tid til det vi faktisk må gjere. I tillegg viser beregninger at klarspråk lønner seg – vi unngår unødig tidsspille, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.
Dette er klarspråkshjelpemidla
Dei administrerande direktørane i sjukehusa på Vestlandet vedtok ein språkplan for Helse Vest rett før jul, som gir retning og tiltak for språkarbeidet for dei neste ti åra.
Og nå lanserer Helse Vest tre ulike hjelpemiddel, som skal hjelpe medarbeidarane til å skrive klart og korrekt.
Hjelpemidla består av
- ein språkprofil for Helse Vest, som er ei praktisk rettleiing i korleis vi skal skrive. Denne kan brukast av alle medarbeidarar som eit oppslagsverk.
- ein skriverettleiar for dei som skriv stillingsannonsar. For å løyse rekrutteringsutfordringar framover, blir det enda viktigare med gode stillingsannonsar. Søkaren skal få eit tydeleg bilete av kva stillinga inneber, og korleis det er å jobbe hos oss. Det hjelp skriverettleiaren til med.
- fleire digitale klarspråkskurs til ulike medarbeidarar utover våren.
Nyttig i kvardagen
– I ein travel sjukehuskvardag er det ikkje alltid like enkelt å prioritere klarspråk. Derfor har vi laga nokre hjelpemiddel, som vi oppfordrar alle medarbeidarar til å bruke. Klarspråk er lovpålagt for alle oss som jobbar offentleg. Samstundes vil vi at dette ikkje berre blir noko vi må gjere, men at vi først og fremst opplev det som nyttig i kvardagen, seier Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF.
Språkarbeidet blei også behandla av styret i Helse Vest RHF rett før jul.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder


Lenker
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Mot ei grønare helseteneste14.4.2025 09:25:01 CEST | Pressemelding
– Ein viktig og god rapport som alle burde lese, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF om den nye rapporten for samfunnsansvar.
Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest9.4.2025 13:23:18 CEST | Pressemelding
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
Nytt rammeverk for pasientsikkerheit14.3.2025 14:06:39 CET | Pressemelding
No er det nye rammeverket for pasientsikkerheit klart. Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest rosar arbeidet som medarbeidarar og leiarar gjer for pasientsikkerheit.
Helse Vest intensiverer innsatsen for å redusere ventetidene5.3.2025 15:36:26 CET | Pressemelding
Trass ei positiv utvikling og godt arbeid med å redusere ventetider i sjukehusa, er det framleis for mange pasientar som ventar for lenge på helsehjelp. No blir det sett i verk ekstraordinære tiltak for å nå måla i Ventetidsløftet.
Nye avtalar med private aktørar for å redusere ventetidene4.3.2025 10:43:43 CET | Pressemelding
Helse Vest RHF har avtalar med fleire private aktørar for å redusere ventetidene. Det er planar om å kjøpe fleire tenester i tida framover. I denne saka finn du ei oversikt over inngåtte avtalar og informasjon om planlagde anskaffingar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom