Viktig steg i realiseringa av ny E6 ved Lillehammer
12.2.2025 18:45:07 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Onsdag 12. februar meldte Nye Veier at dei har ein intensjon om å signere med AF Gruppen for å byggje E6 mellom Roterud og Storhove. – Dette er eit viktig steg for realisere ein raskare, betre og tryggare E6 for dei som bur og jobbar i Lillehammer-regionen, og for alle dei som reiser mellom sør og nord på landets viktigaste riksveg, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
E6 er stamvegen som knytt landet saman frå nord til sør. Strekninga på E6 mellom Moelv og Øyer er òg ein viktig del av utviklinga av hovudvegen frå Oslo til Nord-Vestlandet. Regionalt legg vegen til rette for bu- og arbeidsmarknaden, og for å bidra til vidare lokal utvikling.
– Ein ny E6 forbi Lillehammer vil redusere talet på ulykker på vegen, auke framkomme for både gods- og persontransport, og betre regionens samfunnsikkerheit og beredskap. Det er viktig for Regjeringa å kome i gong med arbeid på denne vegen, seier Nygård.
Lågendeltaet
Regjeringa har forutsett fleire tiltak for at Nye Veier skal kunne fortsette bygginga av E6 gjennom Lågendeltaet. Desse tiltaka kjem i tillegg til tiltaka fastsett av Statsforvaltaren, og nedskaleringar Nye Veier allereie har fått til.
– Alle tiltaka vil ha positiv effekt for viktig naturmangfald, både innanfor og utanfor dagens vernegrense i Lågendeltaet. Derfor er det gode nyheiter at Nye Veier no inngår ein intensjonsavtale med entreprenør slik at ein kan byrja bygginga av dette prosjektet, seier samferdselsministeren.
Fakta: Dei andre partane har no ti dagar frå vedtaket til å be om ei utsetting av intensjonsavtalen mellom Nye Veier og AF Gruppen.
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Revidert nasjonalbudsjett 2026: Meir pengar til vedlikehald av riksvegane våre12.5.2026 12:01:09 CEST | Pressemelding
Regjeringa held fram med satsinga på vedlikehald av riksvegane, og foreslår å auke løyvinga til drift og vedlikehald med 603,3 millionar kroner. Med dette vil løyvinga auke til 12 milliardar kroner i 2026.
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
Regjeringen fortsetter å rydde opp: Forskrift om internkontroll i drosjenæringen11.5.2026 15:28:31 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har fastsatt en ny forskrift om internkontroll i drosjenæringen. Fra 1. juli 2026 må drosjesentralene sørge for at det blir innført og utført internkontroll i både egen virksomhet og i de tilknyttede løyvehavernes virksomhet.
Presseinvitasjon: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård besøker Geiranger 4. mai30.4.2026 14:26:50 CEST | Pressemelding
Mandag 4. mai besøker statsråden ulike aktører innen vei, reiseliv, intrastruktur og samfunnssikkerhet. Journalister og fotografer er velkomne til å dekke besøket.
Utlysing av ny konkurranse om regional flyrutedrift i Sør-Noreg23.4.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har i dag lyse ut ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg. Tilbodsfristen er 23. juni 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom