Sjå oversikta: desse kyrkjene får tilskot i 2025
Kyrkjebevaringsfondet har teke imot totalt 164 søknadar om tilskot frå kulturhistorisk viktige kyrkjer frå nesten heile landet. No er fordelinga klar.

– Regjeringa syner at dei meiner alvor med å satse på kyrkjene ved å sette av 300 millionar i tilskot for 2025, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar i kyrkjefondet.
Sjå oversikta over innvilga tilskot i dokument nederst i saken - eller last den ned her
Det er varsla ei gradvis opptrapping til 500 millionar etter at startskotet gjekk i 2024, slik skal det sikrast at det er tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse for å gjennomføre prosjekt som er planlagt.
– Det er veldig godt å sjå at kyrkjebevaringsfondet er oppe og står, seier riksantikvar Hanna Geiran
I samband med tildelinga besøkte Geiran og Eide Johanneskirken i Bergen. Kyrkja er bygd i teglstein og er ein av få kyrkjer av denne typen i landet.
For bergensrarar og besøkande i byen er ho eit landemerke, og står no føre ei omfattande restaurering. Kyrkja har fått 11,2 millionar i tilskot, og tilsagn for 58,5 millionar i 2025 frå Kyrkjefondet.
– Kyrkjene er både prakt- og bruksbygg, og vi treng fleire dyktige handverkarar til å utføre vedlikehalds- og restaureringsarbeid i tida som kjem, seier riksantikvar Hanna Geiran, fungerande styreleiar for kyrkjebevaringsfondet.
– Difor arbeider vi parallelt med tiltak i vår eigen handverksstrategi. No er tida verkeleg moden for dei som ønskjer å satse på restaurering og tradisjonelle handverk, seier Geiran.
Første tilskotsrunde frå Trondheim
Fondet har tre program, fordelt på kyrkjene si alder, og fire innsatsområde innanfor desse programma.
Programma er: Mellomalderkyrkjer, kyrkjer frå 1537-1850 og kyrkjer bygd etter 1850.
Under kvart av desse programma har ein følgjande innsatsområde:
- Bevaring: Istandsetting, sikring og konservering.
- Kunnskap og kompetanse: Utvikling av kunnskap og kompetanse hjå handverkarar, rådgjevarar og kyrkjeforvaltarar.
- Opplevingar og formidling: Tilrettelegging for opplevingar og formidling av kyrkjas historie til ulike målgrupper.
- Engasjement og deltaking: Mobilisering av lokalsamfunn og frivillige til å delta i bevaringsarbeidet.
I år er det også for første gong delt ut tilskot til prosjekt under det andre innsatsområdet “Kunnskap og kompetanse”:
– I år deler vi også ut tilskot og tilsegn til prosjekt der utvikling av kunnskap og kompetanse er føremålet, seier Oddbjørn Eide, dagleg leiar av programsekretariatet for kyrkjebevaringsfondet.
– Dette er tilskot som både skal sikre og heve kvaliteten på arbeidet som gjerast på kyrkjene. Difor ønskjer vi at handverkarar, rådgjevarar og dei som forvaltar kyrkjene søkjer gjennom ordninga, slik at kunnskapen blir betre og utviklast i alle ledd, seier Eide.
Fleire ulike prosjekt og problemstillinga
Kyrkjene er sårbare kulturminne og det er mange ulike problemstillingar knytt til restaureringa av dei. Dette speglar seg også i søknadane som er komne inn til kyrkjefondet.
– Det skal bli spanande å følgje prosjekta framover. Fleire har lagt opp til formidling og deltaking med virtuelle omvisingar, formidling gjennom sosiale medium og opne dagar i prosjektperioden, seier Eide.
I år er det mellom anna gitt tilskot til store malingsprosjekt som inkluderer vasking og skraping. Nokon skal restaurere grunnmur og berande konstruksjonar. Det skal takast ned skifer frå tak, tekkast med kobbar og fugast på nytt. Og, ikkje minst, er det gitt tilskot til viktige tiltak som brannsikring og universell utforming.
– Vi gler oss saman med kyrkjene som har fått tilskot, og er trygge på at kyrkjeløftet byggjast på fjell og ikkje sand, seier Eide.
Fakta om ordninga
Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga.
Den andre søknadsrunden kom allereie før jul.
Regjeringa har tidlegare varsla ei gradvis opptrapping opp mot 500 millionar kroner i året til kyrkjebevaringsfondet.
Sjå bevaringsstrategien for kyrkjene her.
Kyrkjebevaringsfondet er eigd av Barne- og familiedepartementet, som har utnemnt eit programstyre med medlemmer frå Den norske kyrkja, Hovedorganisasjonen KA og Riksantikvaren.
Riksantikvaren leier sekretariatet for fondet og forvaltar ordninga.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder










Dokumenter
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Victoria terrasse blir fredet21.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Det kjente bygningskomplekset har en unik plass i norsk historie. Nå fredes bygningene av Riksantikvaren.
Lyser ut 12 millioner for kyst og landbruk6.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut tilskudd til verdiskaping i kulturmiljø. I 2025 vil søknader for kysten og landbruket bli prioritert.
– Vi må hindre tap av kulturarv26.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren ønskjer auka beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturminne, kulturmiljø og landskap. No er ein ny nasjonal rettleiar på feltet klar.
Tar vare på fortidens praktbygg med 14,5 millioner24.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Ruinene fra middelalderen er arven fra praktanlegg: Klostre, borger og kirker. Nå fordeler Riksantikvaren tilskudd for å ta vare på ruiner i 2025.
Støtter norsk industriarv med over 60 millioner kroner18.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Over hele landet finner vi spor etter industri som har vært med på å bygge det Norge vi kjenner i dag. Nå kommer årets tilskudd.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom