Avventar handsaming av Bømlafjordkryssing
Samferdselsdepartementet har bestemt at KVU E39 kryssing av Bømlafjorden ikkje skal handsamast vidare i denne omgangen.

Dette inneber at det ikkje skal gjennomførast ei ekstern kvalitetssikring (KS1) eller realitetshandsaming av konseptvalet for fjordkryssinga no.
Bakgrunnen for avgjerda er at prosjektet E39 Ådland–Svegatjørn (Hordfast) ikkje er prioritert i Nasjonal transportplan 2025–2036 (Meld. St. 14), og difor ikkje er planlagt bygt i denne perioden. Bygginga av Hordfast ligg som ein viktig føresetnad for KVU E39 kryssing av Bømlafjorden. Med ein forventa trafikkauke på strekninga, mellom anna som følgje av Hordfast, vil Bømlafjordtunnelen trenge betre rømmingsvegar og eit ekstra tunnelløp.
Reguleringsplanen for E39 Hordfast vil bli gjort ferdig, slik at den kan brukast som grunnlag for vurderingar ved eventuelle endringar i Statens vegvesen sin planportefølje.
KVU E39 kryssing av Bømlafjorden vart bestilt av Samferdselsdepartementet i brev til Statens vegvesen 5. juli 2021. Statens vegvesen sende over den ferdige KVU-rapporten til Samferdselsdepartementet 11. mars 2024. I rapporten tilrådde Statens vegvesen konsept K3, som gjer det mogeleg å utvikla dagens E39 til firefelts veg og m.a. inneber bygging av ein ny tunnel parallelt med dagens Bømlafjordtunnel. Konseptet er fleksibelt, og kan byggjast ut i etappar etter kvart som behovet gjer seg gjeldande. KVU-rapporten var òg på høyring i perioden 25. mars–28. juni 2024, og fleirtalet av innspela støttar tilrådinga.
Kontakter
Ole-Mathias NesStatens vegvesen, Transport og samfunn
Tel:97502146ole-mathias.nes@vegvesen.noLenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape eit smart og samanhengande transportsystem på veg for heile Noreg. Det skal vere enkelt å reise og transportere varer – på sikre vegar tilpassa framtidas behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
– Vis omsyn i siste innspurten, vi vil at alle skal komma seg trygt heim4.6.2025 14:54:25 CEST | Pressemelding
– Vi er snart ferdige med arbeida på Drange-Hanaleite. La oss unngå ulukker i siste innspurten.
Starter vedlikehold av bru over E6 på Furuset4.6.2025 13:09:23 CEST | Pressemelding
Tirsdag 10. juni starter arbeidene med nødvendig vedlikehold av brua Søren Bulls vei over E6 på Furuset i Oslo.
Finansieringa av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er godkjent av Stortinget3.6.2025 15:22:45 CEST | Pressemelding
Prosjektet inkluderer bygging av totalt 80 kilometer med tunnelar, fordelt på tre nye vegtunnelar på E16 og to nye tunnelar for dobbeltspora jernbane, samt transport- og tilkomsttunnelar og rømmingstunnelar.
Sikrar rv. 7 i Eidfjord mot skred3.6.2025 13:49:10 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen sikrar rv. 7 mellom Hardangerbrua og Eidfjord mot skred.
Skiftar ut E39-rekkverk i Stord og Sveio3.6.2025 12:20:57 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal skifte ut gammalt rekkverk på strekninga E39 fra Heiane på Stord til Rød i Sveio.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom