To nye kontraktar for å ta ned ventetidene
Like før jul signerte Helse Vest to avtalar med leverandørar av helsetenester. Dette skal bidra til å ta ned ventetidene ytterlegare.
Helse Vest RHF har inngått to nye avtaler. Den eine avtalen er med Aleris Helse AS, avdeling Nesttun Bergen, om levering av septumplastikk, concaplastikk og concotomi. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Bergen HF. Varigheita til avtalen er frå 02.01.2025–30.06.2025. Helse Vest har høve til å forlengje avtalen med seks månader ved behov.
Den andre avtalen er også med Aleris Helse AS, om kjøp av førstekonsultasjon innan nevrologi. Tenesta skal utførast frå både avdelinga i Stavanger og i Bergen sentrum. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Fonna HF. Varigheita til avtalen er frå 02.01.2025–30.06.2025. Det er ikkje opsjon på forlenging.
Fleire avtalar er inngått
I samband med Ventetidsløfte har Helse Vest og føretaka identifisert område der det er aktuelt å supplere tilbodet i sjukehusa med kjøp hos private for å få ned ventetidene. Her er ei oversikt over avtalane Helse Vest har inngått:
- Aleris Helse, avdeling Nesttun Bergen om levering av tonsillektomier (mandeloperasjonar). Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Bergen HF. Varigheita til avtalen er frå 01.10.2024–31.03.2025. Helse Vest har ein einsidig opsjon på forlenging av avtalen inntil 1+1 år ved behov.
- Volvat Medisinske Senter, avdeling Forus om levering av bukplastikk, brystreduksjon og varicer. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Stavanger HF. Varigheit 01.11.2024–30.04.2025. Ingen opsjon på forlenging.
- Aleris Helse AS, avdeling Nesttun Bergen for levering av koloskopi og gastroskopi. Formålet med avtalen er å få ned ventetidene i Helse Fonna og Helse Førde. Varigheit 01.12.2024–31.05.2025. Ingen opsjon på forlenging.
Kontakter
Linn HerredsvelaSenior kommunikasjonsrådgiver / Helse Vest RHF
Tel:99517661linn.herredsvela@helse-vest.noFølg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Feira framsteg innan blodkreft, demensforsking og barnehelse1.11.2024 10:41:29 CET | Pressemelding
Helse Vest har delt ut prisar for framifrå forsking og innovasjon. Prisane gjekk til initiativ som har forbetra behandling av blodkreft, gitt ny kunnskap om demens, og styrkt helsetenester for barn og unge. Initiativ som har hatt mykje å seie for pasientbehandling og helsearbeid i regionen.
Avtale med Aleris om kjøp av tonsillektomi27.9.2024 17:26:08 CEST | Pressemelding
Helse Vest RHF har inngått avtale med Aleris Helse AS på Nesttun i Bergen om kjøp av tonsillektomi (mandeloperasjonar). Avtalen er inngått for å avlaste Helse Bergen og redusere ventetidene.
Eit skritt nærmare bygging av Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn 2 på Nye SUS28.8.2024 14:47:30 CEST | Pressemelding
På styremøtet til Helse Vest RHF onsdag 28. august vart det bestemt at lånesøknadene til to store byggjeprosjekt på Vestlandet, Årstadhuset i Bergen og byggjetrinn to i Stavanger, blir endra. Dermed kan sjukehusa låne meir pengar til byggjeprosjekta, som er godt nytt.
Fekk ned ventetidene med telefonpoliklinikk21.6.2024 15:30:00 CEST | Pressemelding
Frå å ha lange og aukande ventelister, har no nevrokirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus så god kapasitet at dei kan avlaste andre sjukehus. Kva har dei gjort? Dei har brukt telefonen.
Felles innsats for å få ned ventetidene20.6.2024 10:50:27 CEST | Pressemelding
Ventetida er for lang for nokre behandlingar. Regjeringas Ventetidsløftet skal bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom