Naturpanelet: Ny rapport om korleis stoppe tap av natur
I ny kunnskapsrapport om gjennomgripande samfunnsendringar presenterer Naturpanelet (IPBES) fem strategiar for å bevare natur.

– Den beste investeringa vi kan gjere er å ta vare på naturen og sikre vår eiga framtid. Vi må auke innsatsen for å ta vare på verdas natur, og vi må sjå natur og klima i samanheng, klima- og miljøminister Tore O. Sandvik.
Det internasjonale naturpanelet (IPBES) har slått fast at gjennomgripande samfunnsendringar må til for stoppe natur- og klimakrisa. Dette er den sentrale bodskapen i ei utgreiing som måndag vart godkjend i Naturpanelets plenumsmøte i Namibia. 100 ekspertar frå heile verda har delteke i arbeidet, som har gått føre seg i tre år.
– For å bevare gjenverande naturmangfald må vi ha langt meir fokus på den heilt grunnleggjande avhengnaden mellom menneske og natur. Vi har i stor grad fjerna oss frå dette, samtidig som nettopp dette forholdet er heilt avgjerande for økonomien og liva våre, seier Karen O’Brien, ein av leiarane for rapporten og professor ved Universitetet i Oslo/cCHANGE.
Les samandraget av rapporten for avgjerdstakarar her: IPBES Digital Assets
Les meir om Naturpanelet her: Naturpanelet (Ipbes) - miljodirektoratet.no
Fem strategiar
Naturpanelet peikar på fem strategiar som må liggje til grunn for å få til gjennomgripande samfunnsendringar.
– Alle fem strategiar er viktig og relaterte – det er ikkje nok å velje ein eller to. Kvar strategi handlar ikkje berre om kva vi gjer, men korleis vi gjere det, seier Karen O’Brien.
Dei fem strategiane går ut på å
- bevare gjenverande naturmangfald og restaurere stader av verdi for menneske og natur
- setje i verk tiltak som fremjar endringar i sektorar med størst påverking på natur
- gjere gjennomgripande endringar i økonomien, som mellom anna legg vekt på natur og likskap (eksempelvis naturrekneskap)
- sikre involvering og openheit i avgjerdsprosessar
- endre verdiane i samfunnet og syn på forholdet mellom menneske og natur, mellom anna ved å ta innover seg ulike type verdiar og det å stille spørsmålsteikn ved dagens sosiale normer rundt forbruk
Ekspertane i naturpanelet har vurdert kunnskap om årsaker og motiv bak store samfunnsendringar, og ikkje minst identifisert kva for nokre menneskelege drivkrefter som kan bidra til endringar.
Både institusjonelle, teknologiske, økonomiske, kulturelle og sosiale aspekt og menneskes vanar, er krefter som kan brukast positivt for å bevare og restaurere naturmangfald og planleggje for ein berekraftig bruk av naturen.
Fem barrierar
Naturpanelet trekkjer fram fem hovudbarrierar som må overvinnast globalt for å få gjennomført gjennomgripande samfunnsendringar
Barrierane er
- vedvarande maktbalanse i samfunnet
- økonomisk og politisk ulikskap
- utilstrekkeleg politikk (policies) og institusjonar som ikkje fungerer
- produksjonssystem og forbruk som ikkje er berekraftig, inkludert vanar
- avgrensa tilgang til reine teknologiar, og ukoordinerte kunnskapssystem
Underliggjande årsaker til tap av naturmangfald
Dei direkte årsakene til tap av naturmangfald er godt kjende. Globalt er dei viktigaste årsakene endringar i arealbruk, overforbruk av naturressursar, klimaendringar, forureining og framande artar.
Den nye rapporten understrekar at vi i tillegg må angripe dei underliggjande årsakene til tap av natur for å snu trenden.
Dette er tre underliggjande årsakene til tap av naturmangfald ifølgje Naturpanelet:
- Vi har fjerna oss frå naturen, og dominerer han. Naturen er objekt som kan brukast av oss.
- Konsentrasjon av makt og rikdom. Aktivitetane og interessene til eit mindretal, som har stor tilgang til avgjerdsprosessar, driv tap av natur og naturmangfald.
- Kortsiktige, individuelle og materielle gevinstar blir prioriterte. Framsteg blir målt i hovudsak ved vekst i GDP, materielle eigedelar og maksimalt utbytte.
Vegen vidare
Etter at Naturpanelet har levert rapportane sine er det opp til kvart enkelt land, saman og i fellesskap, å vurdere kva for nokre nødvendige tiltak som må til for å få til endringar.
– Rapporten frå Naturpanelet handlar om den globale situasjonen, men mange av funna er relevante for norske forhold. Felles for desse problemstillingane er at dei berører større politiske diskusjonar som går langt utover miljøtematikk, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Den 17. desember vart Naturpanelets Nexus-rapport om samanhengar mellom naturmangfald, mat, vatn og helse publisert. Miljødirektoratet planlegg eit nasjonalt møte våren 2025 kvar begge rapportane blir presenterte i samarbeid med dei norske forfattarane. Her vil det bli lagt vekt på ein diskusjon om relevansen av rapportane for Noreg.
Les vår nyheitssak om Nexus-rapporten: Ny rapport: 71 tiltak for å løyse klima- og naturkrisa - miljodirektoratet.no
FAKTA: Gjennomgripande samfunnsendringar
IPBES globale rapport (2019) definerer gjennomgripande samfunnsendringar som: "Ei fundamental reorganisering på tvers av system, som omfattar både teknologiske, økonomiske og sosiale faktorar, inkludert paradigme, mål og verdiar".
Nøkkelord
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ny teknologi styrker miljøovervåkingen25.8.2025 10:23:11 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet trapper opp bruken av moderne teknologi for å effektivisere og forbedre miljøovervåkingen.
Havørn-suksess: Her flyr den norske havørna i Irland15.8.2025 09:01:37 CEST | Pressemelding
Over 150 havørner flyr nå fritt i Irland – alle med røtter fra Norge. I helga ble de siste norske havørnungene satt ut i Killarney nasjonalpark.
Havørn-suksess: Her flyg den norske havørna i Irland15.8.2025 09:01:37 CEST | Pressemelding
Over 150 havørnar flyg no fritt i Irland – alle med røter frå Noreg. I helga vart dei siste norske havørnungane sett ut i Killarney nasjonalpark.
Færre pukkellaks gjør at feller i en del elver tas ned14.8.2025 16:48:00 CEST | Pressemelding
Mens fellene gradvis tas ned i Tana og noen flere elver, trengs de i andre elver noe lengre. Dykkere teller nå pukkellaks som kom seg opp for å gyte.
Færre pukkellaks gjer at feller i ein del elvar blir tekne ned14.8.2025 16:48:00 CEST | Pressemelding
Medan fellene gradvis blir tekne ned i Tana og nokre fleire elvar, trengst dei i andre elvar noko lengre. Dykkarar tel no pukkellaks som kom seg opp for å gyte.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom