Miljødirektoratet

Mikroplast frå bildekk forureinar Arktis

Del

Forskarar finn mikroplast frå bildekk i regn på Svalbard.

Bilde av snøflakte fjell på Svalbard.
Mikroplast frå bildekk på Svalbard: Resultat frå miljøovervaking viser at mikroplast er eit globalt problem. Foto: Marianne Gjørv, Miljødirektoratet

– At vi finn mikroplast frå dekk i lufta på Svalbard er svært urovekkjande og illustrerer at slike forureinande partiklar blir transporterte langt frå utsleppskjeldene. Det viser tydeleg at det ikkje berre er lokale utslepp som bidreg til denne omfattande forureininga, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

I år igjen viser miljøovervaking at mikroplast, spesielt frå bildekk, finst overalt.

Nye resultat frå norsk miljøovervaking viser overraskande funn av partiklar mellom anna frå bildekk i regnvatn på Svalbard. Forskarar meiner dette ikkje stammar frå bilkøyring på Svalbard, som det er svært lite av, men at det kjem langvegsfrå med lufta, før dei fell ned med nedbør.

Desse partiklane finn vi også i Sør-Noreg, ikkje overraskande i høgare nivå enn på Svalbard, og er knytt til luftmassar frå aust.

Lenkje: Monitoring of microplastics in the Norwegian environment (Mikronor): 2023

Slitasje av bildekk er ei av dei største kjeldene til mikroplast i Noreg

Miljøovervakinga, som er finansiert av Miljødirektoratet og utført av forskingsinstituttet NILU, saman med Norsk institutt for vassforsking (NIVA), viser at bildekkpartiklar blir spreidde langvegs med lufta.

Det er grunn til å tru at bildekk åleine slepper ut så mykje som 3,6 millionar tonn mikroplast per år på verdsbasis, og er saman med måling og utslepp av pellets, den største kjelda til mikroplast i miljøet. Tal frå Noreg stadfestar at bildekk er ei stor kjelde, der tidlegare miljøovervakingar også viste at det var svært høge nivå av bildekkpartiklar på havbotnen både i Oslofjorden og Mjøsa, men også i andre delar av miljøet som i blåskjel.

Lenkje: Mikroplast frå bildekk forureinar Oslofjorden

Det er ikkje berre partiklar frå bilkøyring som endar i miljøet. Gamle oppkverna bildekk, såkalla gummigranulat som blir brukt på fotballbanar er også ei kjelde. Det er estimert at i Noreg åleine så bidreg fotballbanar med utslepp av 6000 tonn dekkpartiklar i året. Det er likevel ei endring på veg. Eit forbod mot tilsett mikroplast i produkt, inkludert bruk av gummigranulat på kunstgrasbanar, vil tre i kraft i EU og i Noreg frå 2031. Noreg har også allereie eit eige regelverk som stiller krav til å hindre spreiing av gummigranulat frå kunstgrasbanar.

Mikroplast påverkar miljøet og helsa vår

Desse ørsmå partiklane inneheld skadelege stoff og blir verande lenge i miljøet utan å bli brote ned. Dekk inneheld organiske stoff og tungmetall og det er vist at dekk kan innehalde så mykje som 800 ulike kjemikaliar.

Anna norsk overvaking i regi av Miljødirektoratet, har vist høge nivå av bildekk-relaterte kjemikaliar som 6ppd og 6PPD-q i norsk miljø. Dette er kjemiske tilsetningsstoff i dekk som Miljødirektoratet er bekymra for, spesielt i vassmiljø sidan det til dømes kan føre til fiskedød. Begge stoffa har vorte påviste i overvatn, overflatevatn, luftborne partiklar, sediment, jord, og til og med menneskeleg urin.

Lenkje: Stoff frå bildekk kan skade vassmiljøet - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no).

Fleire studiar og prosjekt er i gang for å auke forståinga av mikroplast og påverknaden på helsa vår. Dei minste partiklane frå dekkslitasje kjem med lufta, og kan inhalerast djupt inn i lungene. Det er usikkert kva effekt desse partiklane har på helsa vår, men forskarar er bekymra for at det kan påverke til dømes  lunger og hjarte negativt.

Nøkkelord

Lenker

Andre språk

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye