
Andreas Rotevatn & Tuva Syvertsen tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot - "Ad infinitum" ute no7.8.2026 09:07:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding
Frå ømt og intimt til eit vilt klimaks av ein band-jam - låta "Ad infinitum" tek deg på ei sonisk berg- og-dal-bane med kronisk rytmefot. Sjå for deg at Veronica Maggio leier eit vekkelsesmøte i indremisjonen kor målet er å gire forsamlinga opp med pur glede og suggesjon. Liturgien til den her seansen er Rotevatn sin tekst på arkaisk nynorsk, og krinsar kring at jaget mot noko nytt og sjølvrealisérande er ein uendeleg prosess. "Ad infinitum", frå Andreas Rotevatn si komande plate "Mellom saltvatn og sola", er ute no!

















