NVE tilrår nye vilkår for vasskraft-reguleringa av Aurdalsfjorden
3.12.2024 11:10:30 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
NVE har gitt tilråding til nye vilkår for reguleringa av Aurdalsfjorden i Innlandet. Meir moderne vilkår skal bidra til å betre miljøforholda når vassdraget vert utnytta til kraftproduksjon.

Konsesjonen til å regulere Aurdalsfjorden vart gitt i 1958 til Foreningen til Bægnavassdragets Regulering (FBR). Etter krav frå kommunane Nord-Aurdal og Sør-Aurdal, har NVE gjennomført ein revisjon av konsesjonsvilkåra. Målet er å oppdatere vilkåra slik at dei er i tråd med dagens kunnskap om miljøpåverknad.
Nye krav sikrar minstevassføring og sommarvasstand
Konsesjonen frå 1958 påla eit slepp frå Bagn kraftverk som ikkje skulle minske naturleg lågvassføring i Begna. I dag slepp konsesjonær frivillig ei høgare minstevassføring frå kraftverket.
– Erfaringane med reguleringa viser at denne minstevassføringa har vore tilstrekkeleg til å halde oppe livsmiljøet i og langs vassdraget. Vi anbefaler at minstevassføringa vert vilkårsfesta, seier Brit T. Haugen, fungerande seksjonssjef i NVE.
Det er også i dag ein skjønnspålagd sommarvasstand i Aurdalsfjorden, men det har ikkje vore krav til når sommarvasstanden skal vere nådd. Av omsyn til landskapsoppleving og friluftsliv, tilrår NVE å fastsetje sommarvasstanden for perioden juni til oktober.
Nye krav vil ikkje påverke kraftsystemet
Bagn kraftverk, som har inntak i Aurdalsfjorden, produserer om lag 340 GWh (gigawattimar) i året. Reguleringa har lita lagringsevne, og heng tett saman med reguleringar oppstraums. NVE har vurdert konsekvensane av andre krav som er fremja. Det gjeld mellom anna strengare restriksjonar på vassføringsendringar og minstevassføring frå dammen, av omsyn til blant anna biologisk mangfald. Krava ville hatt så stor påverking på kraftsystemet at NVE ikkje tilrår å innføre dei.
– I denne regionen er det høgt forbruk, men liten produksjonskapasitet og få vassmagasin. Derfor er det viktig å bevare både kraftproduksjon, lagringskapasitet i magasin og evne til å levere systemtenester. Dette omsynet har vege tungt i vår vurdering av krava, seier Haugen.
NVE meiner at vassføringsendringane som følgjer av reguleringa ikkje er ein vesentleg ulempe for aure- og elvemuslingbestandane i Begna. Dei nye standardvilkåra vil gi styresmaktene høve til å påleggje FBR å gjennomføre undersøkingar i vassdraget. Det gjer også høve til å påleggje mildnande tiltak som kan betre forholda for bestandane.
Vidare saksgang
No når NVE har sendt si innstilling til Energidepartementet (ED), vil departementet sluttbehandle sakane. Dersom nokon av partane har ny informasjon eller merknadar til innstillinga, kan dei sendast til ED på postmottak@ed.dep.no, innan 21. januar 2025. ED har tilgang på alle tidlegare dokument i saka, slik at det berre er nye høve eller vurderingar som bør sendast inn.
Nøkkelord
Lenker
Om oss
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Mjøndalen er bedre sikret mot flom og kvikkleireskred13.5.2026 10:09:05 CEST | Pressemelding
Etter flere år med arbeid er et av Norges største flomsikringsprosjekter nå ferdigstilt. Rundt 1300 innbyggere i Mjøndalen er bedre beskyttet mot flom, og samtidig er risikoen for kvikkleireskred redusert.
Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes13.5.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
NVE fastsetter utredningsprogram for Stelåga Kraftverk8.5.2026 13:58:25 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Stelåga kraftverk i Rødøy kommune. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE held fast ved nyleg reviderte miljøkrav – avslår to søknader frå Statkraft8.5.2026 13:46:05 CEST | Pressemelding
NVE avslår to søknader frå Statkraft Energi AS om å endre nyleg fastsette miljøkrav i vilkårsrevisjonane for reguleringane i Folla-Vindøla og Tokke-Vinje. NVE meiner endringane det er søkt om vil gripe inn i sentrale føresetnader for miljøforbetringane som skulle oppnåast gjennom vilkårsrevisjonane.
NVE inviterer til høring og møter om havvindanlegg utenfor Utsira og Karmøy5.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
De to selskapene Utsira Nord Havvind DA og Harald Hårfagre AS ønsker å bygge havvindanlegg utenfor kysten av Rogaland. Det er planlagt å koble anleggene til kraftnettet på land i de to kommunene Utsira og Karmøy. Norges vassdrags- og energidirektorat inviterer til en offentlig høring og folkemøter i juni.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom